For berre ein nokre dagar sidan lova eg meg sjølv, og fleire i heimen at to hobbybilar skulle vara nok ei stund framover. Delebestillinga til Logen er fyllt ut,men ikkje sendt, og andre prosjekt på "Godset" står i kø. Tid er noko eg manglar støtt og stadig, så no var tida komen for å fullføra eit å anna prosjektet på heimebane. Så langt, så vel. Men så får eg sjølvsagt eit tips om ein Softdash ute på Aukra... Ballen byrjar å rulle, og plutseleg hadde eg kjøpt nok ein Classic. Avtala med selgar var at den skulle hentast i dag (søndag), og med ein nokre dagar venting, byrja som vanleg "detektivarbeidet". Eg var sikker på at eg hadde sett denne før, forumet vart saumfart og jau det stemte. http://www.lrforum.c...890#entry508771 Og no står den altså endeleg her.
Den har allereie fått navn: George A L, ein tronarving verdig. No har eg ikkje gjort så mykje anna enn å vaska han utvendig, men har enno ikkje funne de store overraskelser, men noko fiks er det. Plana framover er å få den klar for EU, slik at den kan nytast i fulle drag. Jau eg har ein frå før, men den er meir som eit storprosjekt å regne, så denne får duga inntil viare..