Jump to content

radovan

LRF Society
  • Posts

    7,929
  • Joined

  • Last visited

4 Followers

Contact Methods

  • Website URL
    http://
  • ICQ
    0

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Hornindal

Previous Fields

  • Location
    Hornindal

Recent Profile Visitors

6,737 profile views

radovan's Achievements

ENTUSIAST

ENTUSIAST (7/7)

  1. Eg må jammen sjekke forumet meir enn eg gjer for tida. Når det går eit halvt år før ein ser kva folk har skrive er det jammen så ein blir brydd 😳 Skulle du vere i området er det berre å kome på besøk, Henry Arnfinn Forsåvidt er alle velkomne, dessutan er eg jo framleis stolt eigar av meir enn eitt Solihull-produkt og har enno ikkje gløymt alt forumet lærte meg for ein generasjon sidan. Helsa og eg har ein stillingskrig der det som regel går bra, men eg er aldri heilt trygg for angrep. Det blir derfor ein rolegare livsstil med fokus på det som MÅ gjerast, og eventyr som å kjøpe og drifte engelske hobbybilar må vike. For tida er det også nok å rette opp i av gamle prosjekt og planar som vart ståande uferdige mens eg i ein tiårsperiode heldt fram som normalt og nekta å innsjå at eg ikkje lenger hadde kapasiteten på mi side. Så var det enno mindre evne til å gjere noko som helst og siste fire åra har det vore fokus på arbeid, trening og å klare å finne balansen igjen.
  2. Er det noko poeng i å bruke pakningssement e.l. ved montering? Som sagt er eg litt usikker på om denne har vore tett. Men eg veit ikkje om det skal vere 100% tett, heller?
  3. Bytta XYZ-brytar på Discoen for sikkert snart ti år sidan, og den har eigentleg aldri heilt vore utan feil. Har tenkt at det kunne vere kondens eller utett ein eller annan plass, for det har ofte vore verre i vått ver. Men stort sett har den fungert greitt igjen, og så blir det liksom gløymt vekk til neste gong. No synest eg det har blitt meir problematisk enn før, så eitt eller anna må gjerast. Sjekka pris på ein ny, og det var DYRT! Kva kan ein gjere for å fikse/rense/teste den ein allereie har på bilen?
  4. Dette er nok ein annan bil... 2010 var det året helsa mi gjekk til helvete og alt vart redusert til kun det aller mest nødvendige. Rett nok betre periodar innimellom, men då har ein jo anna å gjere enn å skru på ein "gammal bil" 😄 Den prosjektråden vart mykje kortare enn eg hadde tenkt.
  5. For mi eiga samvittigheits skuld må eg sjekke om det er nokon som kan ha interesse for Arne Roger. Han blir berre ståande trass mine håp om gjenoppliving. Dei som var på forumet for ti år sidan ++ hugsar kanskje denne bilen. På dette stadiumet er han vel mest som eit restaurasjonsobjekt å rekne. Rett nok kjøpte eg ein haug nye deler for mange år sidan, slik som innerskjermar, lykter osv, men det hjelper lite når dei blir liggande i bilen. Eg har ein haug til med gamle felgar, og diverse deler som er med. Her må det ryddast litt 😁 Når det gjeld pris veit eg ikkje. Har ikkje vore aktiv i miljøet på mange år og veit ikkje kva nivået ligg på, heller ikkje om dette er noko folk vil ha. Kan sikkert få tatt bilde om det trengs. elles ligg det nok av dei på forumet frå før. Berre å plusse på nokre år med stillstand 🙃
  6. Bilen har knapt vore brukt i vinter, så eg har ikkje gjort meir. Takk for svar
  7. Takk for tipset, skal sjå på det
  8. Det vart montert før siste brytarskifte. Brytaren fekk det visst ikkje med seg 🙄😛 If it's not broken, fix it until it is 😄 Er køyrelysautomatikken kopla slik at det går straum gjennom lysbrytaren på ein anna måte enn når ein skrur på "fullt lys"?
  9. Den originale lysbrytaren på Discoen heldt i nesten tjue år før den kapitulerte. Den ville ikkje halde seg i fjernlysposisjon lenger. Den nymonterte brente seg fast i på-posisjon første dagen i sommarferien 2022 og eg måtte kople frå batteriet ved kvart stopp i ti dagar. Neste brytar hugsar eg ikkje kva som skjedde med, men eg måtte iallfall ha ny igjen før PKK tidlegare i år. Då vart det også montert lysforsterkarsett med relé slik at det kun går styrestraum gjennom brytaren. Dette var rett før årets sommarferietur, og då vi kom heim igjen hadde instrumentlyset forlengst slutta å virke. Det kjem på når eg slår på parklys, så det er nok brytaren igjen. Eg har ikkje gjort meir med det sidan eg er litt lei av å kjøpe brytarar som stadig finn nye måtar å kollapse på. Men no er det mørkt halve døgnet og skikkeleg upraktisk med mørkt dashbord. Alle brytarane var originalvare frå Lucas, utan at det hadde noko å bety. Er det andre som lagar brytarar som held betre?
  10. Det har ikkje skjed fleire gongar etter at eg la inn denne tråden. Tenk om reparasjon alltid var så enkelt 😄 Kjem nok igjen no...🤪
  11. Dette er nok eit scenario fleire har opplevd: motoren startar som normalt, men sloknar umiddelbart - evt tenner motoren berre såvidt ein kan høyre det før han er daud. Etterpå kan ein kinne rundt til ein blir lei, det er totalt livlaust uansett. Det framstår som om ei eller anna startsperre er i inngrep. Løysninga er å ta ut nøkkelen, låse bilen og vente litt. Så er alt normalt igjen. Dette har skjedd kanskje ein gong for året max, altså uvanleg, men ikkje ukjent - men i sommar har dette fenomenet oppstått kanskje fem gongar, noko som er ganske mykje med tanke på at bilen ikkje er så mykje brukt. I.o.m. at dette har blitt vanlegare, er det kanskje ein eller annan sensor som er overaktiv? 2002, Td5
  12. Takk, ferietid, så har vore fråverande og ting tar tid! Tek kontakt 😁
  13. Forsterkar til stereoanlegg?
  14. Sikkert like bra 🤪
  15. Er vel aldri lurt å overstige makstrykk, sjølv om det var eit stusseleg maksimum. Mine er vel merka med 55 pund maks, og bilen går mykje rettare og stødigare om eg har fylt dei godt opp når eg har mykje last. Også viktig at hengar/campingvogn ikkje har for blaute hjul 🙂
×
×
  • Create New...