Gå til innhold

P38 diesel med motorproblem


Agrostar

Anbefalte innlegg

Dei som har lest prosjekttråden min har fått med seg at eg har litt problem med motoren. Oppdaga det først når eg hadde henta bilen og den stod på tomgang, da var det meir som om den ettertente nokon gonger før den stoppa av seg sjøl. Det som skjer er nokonlunde som følger:

-Motorfeillampen tenner, motoren klakkar noko voldsomt og har halvparten av effekten

-Motoren kuttar/mistenner både på tomgang og under drift

 

Men dette er heilt periodisk! Oftast so startar den utan problem, går heilt fint på tomgang og so kan den plutseleg begynne å kutte utan at det skjer noko meir. Nokon gonger so kuttar/mistenner den, tenner lampa og klakkar noko voldsomt. So kan lampa slokne igjen og motoren går heilt fint. Ein gong starta den rett i feilmodus, og nekta gå utav den på ein halvtime. Dagen etterpå var den heilt fin. Laurdag køyrde eg 500km med kun nokon kutt på vegen heim. Igår til fjells stod eg på tomgang når den gjekk heilt bananas. Mistennte, klakka, tente lampen, sløkte lampen, misstente, tente lampen, sløkte lampen, tente lampen, sløkte lampen i nokon minutt, og motoren stoppa to gonger før den virka ok. Plutseleg i liten motbakke so slokna berre motoren, når den da starta rusa den seg sjøl opp på 3000, misstente seg nedover før den slokna igjen 3-5 sekund etter start. Starta på nytt og det samme skjedde igjen. Starta på nytt og den var heilt ok.

 

Eg har hatt den på verkstad, og det er ingen feilkoder som ligg inne, med unntak om at justeringane i ecu er "usansynlige", mest truleg er bilen chippa. Er det nokon som har vore borti noko tilsvarande?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har fulgt med i tråden og tenker følgende.

Dette kan jo være elektroniske problemer. P38 er jo ikke skuddsikker når det kommer til elektronikk.

 

Alternativt, bmw entusiastene har jo et eget forum og der kjenner nok folkene motoren meget bedre.

 

Du hadde bestilt deg en nanocom? Kan tenkes at den er bedre til å lese bilen enn de generiske som uavhengige verksteder har. Land rover er sært særlig med de gamle bilene.

 

Til sist, dieselmeken, Gøran i sverige er et unikum. Han er riktignok spesialisert de siste årene mot merc, men han har vært borti disse bmw maskinene også. Han finner du ved å Google dieselmeken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har fulgt tråden din eg og:-)

 

Klarer du å isolere klakkinga til eit eller fleire stempel? Er klakkinga årsaka av struping i dieseltilførsel eller er det noko mekanisk som forårsakar den?

 

Blir synsing frå mi side, men sidan du har klakking og mistar effekt ville eg misstenkt feil i dieseltilførsel. Er dyse 4 friskmeldt? Kan også vere eit eller anna elektrisk; alt frå feil i jording (prøv å legge ei ekstra jordledning frå dynamo til batteri), turtallssensor, dieselpumpe eller eit eller anna mystefistisk i becm-en...

 

Desse bilane har ofte eiring i ledningsnettet, særleg under a-stolpe på begge sider. Usikker på om feilen kan ligge her, men ein kan jo aldri vite, eit anna skot i blinde er den nemnde becm-en: den vil også kunne få eiringar på elektronikkplatene (særleg den øverste) . Dette kan gjere at signal "hoppar" feil og gjev bilen falske signal. Du kan demontere og rense denne med oksidrens frå Biltema. Dog usikker kor mykje den styrer Ift motor og dieselpumpe. Bilen har jo ein eigen ecu til motor

 

Ville byrja med dei enkle triksa før du byrjar på større prosjekt..:-) uansett nyttig med nanocom

Endret av eplegutt
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det en 99-2001 modell?

Feilen du har kan høres ut som om fuel meteringen er på bærtur. Det skjer oftest med de modellene etter at ledningsmatten har blitt gjort 1 øre billigere og produsere.

Sjekk kabelmatten på motoren, spesielt i den sorte plastboksen under glødepluggene.

Det som skjer når metering uniten tuller til er at den kompenserer. For ECU er ikke dette en feil, den bare korrigerer og det gjør den hele tiden uansett.

Du vil aldri finne denne feilen med diagnose verktøy.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Nanocom klarte ihvertfall å lese ut feilkoder ifra motoren utan problem. Skal poste bilder av det eg fann seinare. Der fekk eg og sett turtallet på motoren via svinghjulssensoren og dyse 4. Desse syner ihverfall samme turtall når alt er ok. Idag etter å ha køyrd i ein time begynte motoren å puttre og tenner feillampa, so får eg ikkje kontakt med hjernen til motoren. Men eg får lest av turtallet via girkassen. Har den eigen sensor? Motoren begynte klakke, og eg løsna da nokon dyser og registerte at gangen endra seg, også ved dyse 4. So eg vil tru at dysa er ok. Etter å ha stått i kvarter og prøvd å oppnå kontakt, eller håpe på at feilen gjekk vekk, begynte eg å køyre igjen. Da forsvann feila og alt var ok til eg kom heim halvtime seinare. Eg har prøvd å løsne alle kontaktar eg finn i motorrommet og ved a-stolpane og spraya desse med rens, kun ein ved høgre a-stolpe som hadde irr på ein pinne. Eg har ikkje sjekka inni den svarte plastikkboksen under innsuget, er det irr eller skade eg skal eventuelt sjå etter?

 

Stod ute mens den begynte å puttre, og da kjem det små røykskyer for kvar gong.

Endret av Agrostar
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...