Gå til innhold

Marokko 2017


Dirk

Anbefalte innlegg

Skal til Marokko i år, og har tenkt å dela (litt) her på forumet.

Vil nok bli oppdatert i rykk og napp fordi eg regnar med at 2/3/4G dekning blir litt så som så undervegs.

 

Hadde modda Defenderen allereie litt til langtur:

 

Defender GMB tank filler.jpg

Anna tanklokk grunna denne:

 

Defender GMB tank in situ 3.jpg

Ekstratank med 47 liter ekstra plass i høgre bakskjerm.

 

Og for å halda balansen (og utnytta venstre bakskerm):

Defender GMB Side box.jpg

Låsbar boks til slepetau osv.

Dekselet kan gjera nytte som piknikbord også, vistnok.

 

Har også montert reservehjulfeste frå Nakatanenga:

Defender Nakatanenga Wheel carrier 1.jpg

 

Triksa litt med hengslane til dørene, slik at dei oppnar litt meir (nesten 90 grader):

Defender 90 degree hinge 3.jpg

Snekra 3 skuffer som sklir rett inn under Vegvesenets varebil-alibi.

 

Så måtte det til eit interiør for å kunna lagra kle, mat, osv. Modulær skulle det bli. Leita masse etter idear på nettet og snekra så dette:

 

20170322_135227.jpg

Kiste på høgre for å lagra ting og tang pluss at deg skal bli senga.

 

20170322_160218.jpg

Fjerna bekledning på venstre sida bak for å gi plass til "høgskap".

 

20170322_160909.jpg

Boks på høgre sida foran benken.

 

20170322_163756.jpg

Boks på venstre mitt litt forlenga topp slik at kjøleboks kan plasserat opp på.

 

20170322_171608.jpg

Boks i midten med dør til kjellar og klaffetilgong til loftet.

 

Sett frå sida, utan dører (det er montert no, men fekk ikkje ta bilete endå).

20170322_171654.jpg

 

Plassen mellom gitteret og framseten skal fyllast med 4 kanner på 20 liter med vatn.

 

Så blei det litt dårleg tid for Defenderen skulle på transport. Fekk snekra og mala ferdig, men ikkje teke fleire bileter.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 68
  • Opprettet
  • Siste svar

Mest aktive i denne tråden

Takk, takk,

Satt også saman med kona og sydde blinderings-/isoleringsgardiner:

 

DSCN2186.JPG

Framme og på sida.

 

DSCN2185.JPG

Passasjerdørane.

 

DSCN2181.JPG

Sett frå utsida.

 

DSCN2184.JPG

Detalj.

 

Så bar det av gårde til ColorLine kaja i Oslo for Defenderen skulle på transport til München:

20170326_131610.jpg

 

Skal sjølv ta flyet ned til München for å plukka opp broren med Defenderen sin.

Så blir det litt småfiksing og innkjøp.

Neste veka køyrar me til Savona (litt vest for Genoa) for å ta ferga til Tangiers.

 

B-Bye...:

20170326_132246.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God tur, skulle jo krysset over til Marokko selv i dag. Men som du veit trakk de andre seg og det ble bare meg igjen. Så da ble planene brått endret.

Jeg og min sønn reiser til Oman på mandag. Der har vi leid bil og campingutstyr. Nevner jeg biltypen så mister jeg vel medlemskapet .... Men har de LR så bytter jeg selvsagt :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

@Robertsoevik: Hadde tenkt å laga ei reiseskildring som kan trykkast i 4wd. Kjem tilbake på det.

@jope: heile turen tar 4,5 veker, derav 3 i Marokko.

@Dan-Ove: jau, det var synd. Men Oman høyrast jo spektakulært ut. God tur!

 

Fredag var det ankomst i München. Tok lokaltog til Eching (3 stopp mot München sentrum). Og der sto det ei kjenning på gata:

20170331_131556.jpg

 

Gjekk inn på kontoret til speditøren og etter ein liten prat var eg på veg.

 

Køyrde via Erding (for dei som er ølinteressert). Typisk Bayersk landsby:

20170331_143521.jpg

Hadde ikkje tid til å leita etter bryggeriet, så eg få nye meg med å drikka det andre plassar i staden for :-)

 

Forbausande flat landskap i Bayern. Så er dei i gong med å setja opp staker til produksjon av deirest viktigaste (eter mitt syn da...) eksportprodukt:

DSCN2199.JPG

 

DSCN2201.JPG

Nei, det er ikkje til sukkererter eller bønner. Humle !!

 

Så blir det nokre dagar mellomstopp hos broren i Sør-Tyskland for å fiksa dei siste tingene, pakke ferdig, osv.

DSCN2203.JPG

 

Neste fredag blir det tur via Sveits til Italia for å ta ferga.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men trenger du så mye vann?
Vi var i Marokko i 2008, sammen med Dan-Ove og flere andre.

Vi kjøpte flaskevann i butikkene vi kjørte forbi. Så la vi litt i kjøleboksene, og fylte på etterhvert som vi drakk.
Jeg hadde rigget meg til hjemme med 25-liters kanne med tappekran. Denne ble gitt bort etter noen dager, og erstattet med flasker på ca 1.5 liter.

Vann er billig der nede.

 

Og forøvrig så må jeg si at jeg misunner deg noe aldeles grusomt. Marokko er et fantastisk land å reise på tur i.

 

Ronny S

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tja. Treng eg så mykje vatn...? Etterpå er ein altid klokare.

 

Me satsar på å sova ein del netter ut i ørkenen og oppi i Atlasfjellet. Då er det kjekt med vatn til litt personleg hygiene.

 

Så er det uansett lurt å ha med litt reserve i tilfelle rottefelle.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja vann er jo viktig, tror faktisk det er påbudt med en relativ stor mengde ved sånn ørken passering.

 

front_runner_upright_water_tank_flat.jpg

Her er en smart sak fra Frontrunner 40 liter til eks: Bak seteryggen bak. eller inntil varegitteret.

 

Mvh Brage

Endret av Brage
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg valgte 1 stk 13 liter kanne og 3 stk 16 liter kanne. Slike med stor lokk i toppen. Kjøpte også 12V pumpe med slange og dusjhode. Då er eg fleksibel i plassering av kannane og er sikre på å ha med nok vatn.

 

Kikka også på den Frontrunner-saka, men vurderte den bort.

 

Det er som med utstyr og Land Rovere flest: alle har si eiga meining og preferanse...

 

Gler meg til turen iallefall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er siste gjort før turen.

 

20170406_192746.jpg

Split-charge relé installert i brønn ved starterbatteri.

Ekstra-batteri har eg (midlartidig?) installert bak i bilen i ein av kassane.

 

20170406_192843.jpg

Betjeningspanelet er installert ved sida av USB-uttak, 12V-uttak og diverse knappar på ein ekstra boks under cubby-boksen.

 

20170406_194632.jpg

Dekselet (aka. driver seat) på plass igjen.

 

20170406_194929.jpg

Og verdas påstått minste CB-radio fekk plass mellom Cubbyboksen og sete.

 

20170406_195150.jpg

Dermed er prosjektet "cockpit" avslutta, foreløpig.

 

Heiv in kannar med vatn bak setene, kjøpte litt fôr og pakka baggen for ferga.

 

I morgon startar turen via München, Sveits, Como-sjøen ned til Savona.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God tur

 

Kjenner eventyrlysten brer seg utover i kroppen når jeg ser de fine bildene av bilen og leser om reiseplanen din.

 

Personlig skal jeg ut på en egen ekspedisjon i dag, Påskeferie med køkjøring over Sollihøgda, det kan vel ikke bli bedre....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Smart med dobbelt batteri / split charge på en slik tur, alternativet er en slik liten startbooster pakke som i tillegg kan gi strøm til ipad, telefon, pc osv ( det er vistnok det nye hotte ;) greia å ha med ) .

 

Ønsker deg riktig god tur.

Mvh Brage

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette må jeg følge med på!

 

Fløy tvers over syd-Amerika onsdag i et utrolig flott vær, sjeldent bra sikt!

Og de veiene og fjellovergangene en kunne se ga akutt lyst til å dra på ekspedisjon.

Trollstigen kan bare legge om til akebakke!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jau. då her me "landa" i Marokko. 48+ timar på ferga frå Savona (Italia) til Tanger var ikkje akkurat eit luksus spa-opphald :-/

Landgang i Tanger og sjekk av politi, toll plus kjøp av forsikring gjekk ganske smidig, egentleg. Hadde regma med cirka 3-4 timar, men det "gjekk unna" på berre 2. Stortsett greie folk. Så lenge ein ikkja la seg affisera av kaos, høg lyd og uvetteg køyring, går det ganske greit.

 

Tok turen til Tetouan for å innta frokost, så bar det vidare til Chefchaouen, den blåe byen. Greit nok det, men ikkje akkurat noko "must see".

Køyrde N2 over Rif-fjellet til Ketama. Middag er fortært, no blir det første natt i bilen. Får sjå korleis det blir.

 

Skal poste bileter seinare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit lite intrykk frå båten mellom Savona og Tanger.

DSCN2256s.jpg

Litt anna måte å lasta bilane på...

DSCN2230s.jpg

Båten var nok ganske fint og luksuriøst, ein gong i tida.

 

Har no køyrd gjennom Rif-fjellet. Akkurat det området som ikkje blir anbefalt grunna hasj-dyrking og påståtte pågåande salgsmenn. Ikkje merka mykje til. Fint område, køyrde masse grus. Bilen er godt støva ned.

20170412_141527.jpg

 

Har slått oss ned på ein kafe i Taza, rett sør for Rif-fjellet.

Neste stopp blir i Atlas-fjellet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter Rif-fjellet bar det sørover mot nordre del av Mellom Atlas.

Komm på eit platå som har vore innsjø. Slo leir ved besøkssenteret til grotte-føringar. Tok ein tur, med guide, under jorda neste dag.

DSCN2338-s.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vidare over grusveger gjennom nasjonalparker til litt fri-camping bak buskar, ær ein innsjø (lac Yfrah), heilt åleine. Berre ei gjeter med saueflokk komm forbi. Han fekk ei flaske drikkevatn neste dag for ikkje å ha forstyrra oss og for ikkje å ha fortalt kompisane sine om oss...DSCN2375-s.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vidare til Ifrane. Byen hadde reklamskilt ved bygrensa: "the second cleanest town i the world". Var nok ikkje langt ifrå heller. Ligna litt på Sveits: alpinski, park, avgiftsparkering (!), bossbøtter langs fortauet (skikkeleg u-Marokkansk).

DSCN2386-s.jpg

 

Stork har dei òg, i massevis faktisk.

DSCN2394-s.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Øst-sida av (Mellom) Atlas er ei kjede av fine nasjonalparker. Med både asfalt- og grusveger. Høge fjell, dype daler, stein, støv og masse fruktbar jord. Farge- og kontrastrik: raud jord og irrgrønne vekstar:DSCN2434-s.jpg

 

Intrikate irrigasjonskanaler:

DSCN2408-s.jpg

 

Elv som har skurt ned stein og fjell:

DSCN2447-s.jpg

 

Snill og imøtekomande lokalbefolkning:

DSCN2442-s.jpg

 

Øvernatta i bilen, på små hotell og bed&breakfast på bondegard:

DSCN2412-s.jpg

DSCN2537-s.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


×
×
  • Opprett ny...