Gå til innhold

min fyste D3 !


jschille

Anbefalte innlegg

  • 1 måned senere...

D3strynefjell.jpg

Rydder i gamle bilder - og dette må eg få dele. Tenk at det er 12 år sidan D3 vart presentert med dei første pressebildene - eg syns designet held seg svært godt! Eg var usikker då eg såg det første gong - men jaggu har det vokst på meg. Er jo ein klassiker!

Veeeldig usikker på om D5 designet vil gjere det samme.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kikka på "arkitektens hjem" på NRK for ei stund sidan - Todd Saunders var via ein episode. Han er kjend for funksjonalistisk arkitektur med sterke horisontale og vertikale linjer med klart definerte byggnadskropper. Bilen hans? Ein D3 - som er nettopp slik - klare vertikale og horisontal linjer. Berre sjå ein D3 rett forfra! Der er d4 avrunda og mjukare avdi fokusgruppene syns D3 var for brutal. Dagens RR/RRS/Discovery sport designspråk som D5 arver er for meg ikkje i nærheten av å være så markant eller tidlaust. Men det er mi meining :) Til vanlig er eg ikkje med i den klubben kor alt er fint/bra/best/uerstatteleg berre det er gamalt nok. Men eg tar gjerne ein oppsummering ang D3 designet om 12år :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Takk til deg, Jan, for bilder og informasjon når eg skulle feilsøke på min bil.

 

Hadde problem med HDC fault, suspension lowered etc. Med motor i gang ladda dynamo med over 15V, og eg misstenkte både dynamo, batteri, bremselysbrytar, baklys ++ før eg leste denne prosjekttråden til Jan.

 

Leitte fram multimeter og sjekka signal mellom sikring F66 under hanskerom og bremselysbrytar (den raude kabelen). Her var det ingen signal, so la ein ny kabel, og skjøtte den i hop med gammal kabel. Akkurat same prosedyre som Jan har nevnt tidlegare i tråden her.

Dei andre kabelane hadde ingen kabelbrot.

 

Hadde også montert ein ny bremselysbrytar, men denne funka tydlegvis ikkje slik den skulle. Fekk opp same feilmeldingane eg hadde hatt tidlegare (HDC fault +++) i det eg trykte inn bremsepedalen. Tok so og demonterte den gamle bremselysbrytaren, og sjekka den skikkeleg før eg monterte den i hop igjen (det er greitt å ha Haynes boka, der kan ein sjå skjema over koblingane og korleis bremselysbrytaren fungerer).

 

Bilen fungerer no fint uten feilmeldingar. Har i ettertid også skaffa meg IID Tool, som eg meiner er eit "must" dersom ein skal gjer noko sjølv på desse bilane.

 

Legger ved bildet du sendte meg, Jan, som viser litt bedre der du klipte og skøytte kabelen.

 

 

WP_20160228_15_09_45_Pro-2.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

kjør på Faah :-)

 

Idag prøvde eg meg på DIY flush av girkassa - etter forslag hos disco3.co.uk . Kjøpte 15 mm gjennom plastslange hos biltema, kobla ifrå inngåande slange på oljekjølaren og kobla saman denne med plastslange som eg førte ned i ei bytte. Sidan eg hadde tenkt litt feil fekk ei 9 mm 1/4" pipe duge som skjøytestykke. Stripsa fast slangen i bøtta og starta motoren - pumpa då ut vel 4 liter brun automatolje på 30 sekunder. Med klar plastslange var det lett å følge med på kva som skjedde.

bøtte.jpg

motorrom.jpg

 

I forslaget frå det engelske forumet bruker folk trykkpumper eller som trådstartar trykksett dei ein vanleg dunk. Det går også med ei heilt manuell sugepumpe frå Biltema. Brukte same 15 mm slange og festa denne på inngåande på oljekjølaren. Fekk inn like mykje som eg tappa ut, og har då bytta ut ca halvparten av olja.

 

Planen er å gjere dette ein gong til, og så bytte botnpanne og filter før ny påfylling. Når ein har gjort det før så vil det max ta 15 minutt å gjere ein slik mini-flush. Burde nok gjort det for lengst :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjøpte bilen som det går fram som av tråden varebil. Seter følgte med, men det gjorde ikkje dei platene / dørkene som skal ligge i bagasjerommet - det gjeld for oss med orig 5 seter - i 7 seteren er det sjølve setet som vert botn. Det er høveleg godt med plass her, og den kan lett utnyttast med litt fintenking. Sidan det ikkje frista å bestille plater og festebeslag til ca 4000 kr , så ville eg heller prøve å lage noko billegare, bedre og meir eigna sjølv. Viktig å ha ambisjonar :D

 

Så det vart eit helgeprosjekt. Har brukt ei plate med 10 mm kryssfiner, nokre terrassebord (dei passa utruleg godt), ein bit 2x8" og hengsler frå biltema. Rammeverket er festa x 4 - 2 i karrosseriet ( i det som er beltefesta for 3.rad og med to M8 bolter i eit framre beslag som eigentleg skal ha ein plastinnsats for låsing av 3. rad. Syns det er viktig at konstruksjonen ligg i ro itilfelle velt eller anna ulykke. Har laga utsnitt til surrekrokane slik at dei er fullt brukande. Valgte å dele området i 4 - asymmetrisk delt slik at ein kjem til reservehjulsheisen i det høgre rommet akter. Lukene frame er hengsla slik at dei er lettast tilgjengeleg frå 2. rad - ved å legge ned f.eks ein av seteryggane. Vidare er alt laga slikt at det vert likt med seteryggane når desse er lagt ned og heile setet er senka i nederste posisjon. Fint å rulle ut soveposen på evt.

 

Har ikkje laga noko feste for lukene - dei henge i hengslane. Oppå ligg den heildekkande gummimatta - får sjå om det er nok for å unngå klaprelydar. Planlegg elles å klippe opp det gamle teppet frå varerommet og lime på lukene.

 

Litt bilder:

attachicon.gifWP_20160730_20_34_08_Pro.jpg

attachicon.gifWP_20160729_11_41_09_Pro.jpg

attachicon.gifWP_20160729_12_33_23_Pro.jpg

attachicon.gifWP_20160729_17_04_21_Pro.jpg

attachicon.gifWP_20160730_21_26_10_Pro.jpg

attachicon.gifWP_20160730_21_27_12_Pro.jpg

 

Stilig

 

Plutselig var det 5 seter man skulle hatt ... he he.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

takk for det Oggi :-) Fant aldri rett 7 setar då eg sku handle bil, så dette blei trøstepremien etter at baksetene kom inn :P

Idag skulle eg bytte mansjett på drivakslingen framme, men settet på lageret mitt mangler av ein eller anna grunn klipsa i enden av drivakslinga. Så det blei internett og delebestilling istadenfor garasjetid..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

attachicon.gifvinter.jpg

Vinterglede!

 

Har etter omlag 5 års fundering omsider bestilt snorkel til bilen. OffTrek har fått tilgang på snorkel som er prikk lik original snorkel (minus LR emblem) til ein brøkdel av prisen - betaler 112 pund inkl frakt. Glede meg!

 

 

Det var mer spiselig pris på snorkel ja, takk for bra tips!

 

Fint bilde forresten ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Snorkel montert !

snorkel.jpg

Altså kjøpt hos nevnte OffTrek. Kjapt levert, billeg frakt. Rustfrie skruer drar opp inntrykket, minimalt med støypeskjegg som måtte fjernast, men passform m.m som det skal vere. Er identisk med LR sin forutan LR merket. Derav passar også monteringsanvisninga som ligg på TOPIX. Med litt forhåndsoppvarming med varmepistol kom også A-stolpe dekselet av utan å knekke noko. På min 2006 modell så var det allerede eit passande hol øverst i A-stolpen, det måtte berre borrast opp til 9 mm ( monteringsanvisning seier 7 mm - men M6 gjengehylser treng meir plass ) . Har også satt på sjølvklebande skumband mellom snorkel og skjerm - dels for å tette, dels for å beskytte skjermen. Fin kosejobb på ein fridag!

 

neste ting på lista er:

- bytte drivakselmansjett indre ve framme

- filter og botnpannebytte på automatkassa

- planlegge innfesting av markise på takgrinda

 

Som dåke ser på bildet doggar tåkelysa mine. Må eg kjøpe nye ?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vet ikke hvordan det er med tåkelysene på D3, men dugg kommer jo som følge av en eller annen punktering. Sannsynligvis pakningen hvor man setter inn pæra settes inn. Om det ikke er det så...

(Med forbehold om at jeg aldri har gjort dette, men "noen" har visstnok gjort dette med hell, oppskriften er fra et annet bilforum jeg frekventerte en gang)

 

Hør med noen som røyker om du kan få bomme en sigarett (om du ikke skulle røyker, eller skulle ønske å blåse x kroner på en 20 pk).

 

Tenn så sigaretten og blås røyk inn i pærehullet. Er du heldig, så siver det ørlite røyk ut der du har punkteringen. Merk hullet, og blås lykta fri for røyk med trykkluft eller lignende.

 

Tett igjen hullet du har funnet med egnet middel.

Endret av trondshj
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvitt pulver kan være degradering av reflektorer. Tror helst lyktene må byttes og det er mulig å kjøpe DRL-kit, eller bare erstatte med originale/ettermarkeds lamper for LED eller vanlige pærer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

Takk for det Oggi :)

Igår hadde bilen 9årsdag og det vart feira med tur på tollvesenet igår og visning hos vegvesenet idag. Endeleg er bakseter og kvite skilt på plass!

Morsomt, reg nr mitt begynner også med 311....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ny runde heimeflush og påfølgande bytte av botnpanne og filter i helga. Mange som meiner det er veldig trangt å komme til boltane som ligg opp under traversen - men med fast/skrallenøkkel og bits i denne gjekk det heilt greit. Heilt uten pianisthender :D Kutta halsen på filteret med sag og fekk ut den gamle botnpanna i plast med integrert filter. Ny stålpanne har laust filter som settast i kassa. Såg først etterpå at ny botnpanne ikkje har tappeplugg - gleder meg til griseriet ved neste filterbytte...

Resultat - innbiller meg effekt utover placebo - mjukare og raskare skift, slurer mindre. Ingen vibrasjoner med kald kasse. Men den var ikkje fæl før bytte heller - trass straks 180´km. Så har den ikkje hatt noko hardt liv heller, det må seiast.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Markise / awning frå Frontrunner montert. Måtte lage beslag sjølv for å kunne feste dei i takgrinda, trur det skal funke greitt. U-beslaget ligg over grinda og vert festa på innsida av grinda med bolter som står i rivnuts i grinda.

 

20170630_215159.jpg

20170628_202637.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...