Gå til innhold

Land Rover mobil


radovan

Anbefalte innlegg

Eg har ein nesten ubrukt Discovery V5+ liggande.

 

Vart kjøpt til arbeidstelefon og det er ein heilt grei telefon til å ringe med, men sidan eg ikkje får til å bruke eit par av appane mine tenkte eg kanskje det var nokon som var interessert?

 

Det er ein slik:

https://www.aliexpress.com/store/product/Discovery-V5-V5-Plus-Shockproof-WaterProof-IP67-Smartphone-Android-4-2-MTK6572W-3-5-Inch-3G/2140033_32646525790.html

 

 

Det står Land Rover-logo på telefonen, men eg veit ikkje om dette er noko offisielt produkt. Det er jo uansett mest som ein kuriositet å rekne, sjølv om han som sagt fungerer heilt fint.

Har ikkje ladar eller andre ting, men det er jo standard usb-kontakt. Plass til minnekort og to sim-kort. Hugsar ikkje sikkert, men trur ikkje det er norsk språk på han.

 

 

Ein gummiplugg som skal ned i jack-kontakten er blitt borte, men elles er han veldig fin.

 

 

Helst ville eg bytte i ein annan androidtelefon som har litt kraftigare spesifikasjonar. Tilstand forøvrig lite viktig om han fungerer godt nok til at eg kan høyre på podcast, lydbøker og Spotify når eg arbeider.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som sagt vil eg helst erstatte den med ein annan eg kan bruke til arbeidstelefon. Om ingen kan vere med på det kan eg sjølvsagt vurdere reint sal av dette kunststykket.

 

Denne modellen er ikkje så veldig dyr uansett, sannsynlegvis ikkje over tusenlappen kjøpt på nett. Men for det første ser det ut som den er blitt vanskeleg å få tak i no (eg kan heilt sikkert ta feil ;) ), og for det andre har telefonen min LR-logo og det ser eg at dei fleste ikkje har, utan at eg har forska så mykje på akkurat det. Så det er jo litt kult. :)

 

...men vi reknar nok i hundrelappar likevel... :) Ingen som vil by?

 

Elles er det ikkje noko problem med vanleg surfing. Men eg får trøbbel ved bruk av Storytel. Då heng han og tullar og plagar meg. Og det eg brukar mykje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...