Gå til innhold

D3 TDV6 2006 startproblem før og etter starterbytte


Hauken

Anbefalte innlegg

For nokre veker sidan fekk eg startproblem  med min 2006 mod D3. Det klikka i starteren og eg måtte prøve fleire ganger før den slo inn og bilen starta. Topplada batteriet (som berre er eit par månader gamalt) utan at det hjelpte. Fekk start eit par ganger med starthjelp. Men så ein dag hjelpte ikkje det heller. Tenkte at starteren var gåen, bestillte ny frå Advanced Factor i lag med resten eg trengte for å bytta registerreim.

Bytta reim med alt tilhørande og starter.

Bilen starter med ein gang etter bytte. Klargjer bilen og tek ein prøvetur, då lyser ladelyset dei første 5-6 hundre meter. Sjekker lading, og alt er ok. Kjører ein god tur og alt ser bra ut. Dagen etter klikker det i starter, set på booster og bilen starter. Kjører nokre mil, bilen står eit par timar, starter, kjører heim, står litt, starter, kjører tur alt ok. Ladelyset lyste litt ein av turane den dagen. Må ha booster igjen eit par dager seinere (no på søndag). Set bilen på lading fram til mandag ettermiddag, får start etter 5-7 forsøk (klikk) Kjører kort tur, stopper bilen og etter ca to timer så starter bilen ikkje uansett kva eg gjer, booster eller lading hjelper ikkje. Har godt med straum på batteriet, men starter berre klikkar. Prøvde i går å bruke kabel for ekstra jord mellom batteri og motor utan at det hjalp.

Demonterte den gamle starteren utan å finne nokon åpenbar feil på den. Sette straum på den og den slår inn og spinn rundt.

Diagnose med Faultmate MSV Extrem viser ingen feil som eg kan relatere til dette.

Vurderar no å legge ned ein ekstra kabel frå batteri til starter. Men ein kamerat som kjører bergingsbil meiner at det kjem nok straum ned til starteren, så har ikkje mykje håp.

I og med det samme no har skjedd med to ulike startere så tenkjer eg at det må være ein annan stad feilen er. Men kvar?

Hjelp!!  :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjekket jord kabel mellom batteri og chassis, chassis motor... 

Foreslår du måler motstand mellom minus batteri til motor... 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fann truleg feilen. Startreleet. Bytta det med eit anna og bilen startet med ein gang. Så då var det kanskje ikkje nødvendig å bytte starter. Men fekk no fart på meg til å bytte registerreim. 

Aldri så gale....... 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...