Gå til innhold

Hjul til campingvogn, dimensjon og ymse


radovan

Anbefalte innlegg

Hjula på vogna vår nærmar seg døden og då lurte eg på om det kunne vere smart å vurdere dimensjonen. 

Det står 185-14 hjul på, lastindex 102, trur eg. Iallfall er vogna ganske tung for å vere enkeltaksla, 1600 kg. 

 

Eg synest ho er gyngete og uroleg på vegen, har sjølvsagt flytta vekt fram og tilbake, men godt blir det aldri. :(

Er det noko å hente på å gå opp på felg og breidde og ned på profil? Til 195/70-15, e. l.? Håpar på mindre fleks i dekksidene og meir areal å fordele vekta på. Sporing er ikkje noko problem no, iallfall. :) Nye demparar blir vurdert i tillegg. 

 

Har fått blanda råd på dette, vogna er designa slik og skal vere på denne måten, men ærleg talt er det jo eit relativt standard oppsett frå Al-Ko. Kven veit kva som har vore tenkt på... :mellow: 

Synest uansett dekka blir fort varme og ser blaute ut, sjølv med 50—60 pund i. :o

 

Har lurt på å spandere på nye, pene felgar, og då bør det samkøyrast. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du trippelsjekket i vk at LI102 er korrekt ?  Evt sjekket andre vogner av samme fabrikat / type / årsmodell hos Vegvesen.no ?
100kg sikkerhetsmargin på en aksel, høres veldig lite ut...

 

Min vogn har samme vekt som din, på en aksel. Den skal ha C8 dekk, som er ca umulig å få fatt på. Kjører dog dønn stabilt, nær sagt uansett hastighet....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

C merket dekk er smart på vogn, da de er mye mere stabile.

Bakdelen med bredere dekk er sporing og forbruk. Men små endringer er ikke katastrofale. 

Har du sjekket støtdempere på vogna di?

Endret av YMK
Skriveleif
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er litt dårleg til å forklare, grunnen til at eg ikkje først og fremst har fokus på hjulopphenget er at vogna ikkje oppfører seg som om det skulle vere slite. Eller så framstår det for meg, iallfall.

Det er meir ein tendens til å logre og dra sidevegs i bilen. Vogna bukkar liksom vekselvis til kvar side samtidig som ho krengar litt. Opp til 80km/t er det mest irriterande, men over blir det direkte trafikkfarleg.
 

Etter det eg hugsar står det C-dekk på no. Det kan hende indexen var 104. Det samsvarer uansett med det som står i vognkortet. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fordelen med lågare profil på dekk er først og fremst mindre skråløpsvinkel og mindre endring i skråløpsvinkel med last. Skråløpsvinkelen er kort fortalt forskjellen på kvar midtlinja til felgen peikar og kvar midtlinja til slitebanen til dekket peikar når køyretøyet køyrer er i sving. Lågare profil og same breidd på dekka gjev mindre fjæring  i dekka og då mindre fjæring som demparane på køyretøyet ikkje påverkar.

 

Kva dette betyr for tilhenger/campingvogn er eg usikker på. Lågare profil på dekka kan bety litt stivare demping om støtdemparane på vogna gjev god demping. Og lågare profil på dekka kan kan bety at vogna føgjer bilen litt betre/fylgjer meir same spor som bilen. Å uttale seg om dynamikken i det siste er for dei som har studert køyretøydynamikk djupare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...