Gå til innhold

Autopass for dummies


radovan

Anbefalte innlegg

Det er nok mange her som har svart belte i Autopass ettersom det er ein del som nyttar bomvegar til dagen. Slikt er det enno ikkje så mykje av her eg er, men så har vi jo ikkje mykje til veg, heller.

Av og til tek eg ferje og den skal ein vel også kunne betale via Autopass. Eg må innrømme at eg ikkje har brydd meg mykje med det, men kan hende eg burde investere i samferdsle :) Det skal jo bli halve prisen av det?

Og det er her eg må ha hjelp. 

Det finnast jo info på nettet, men vanskeleg for ein stakkar å få oversikta.

 

Info blabla

 

Eg orkar ikkje finlese halve internett for å finne ut av det, kan hende det er enkelt å setje seg inn i, kan hende er det komplisert. Men eg ville sett pris på om det var nokon som kunne svare på nokre enkle frågor: 

Er det same abonnementet for ferje og bomvegar? 

Og gjeld det/dei over heile landet eller regionvis?

Ei brikke eller fleire?

Eg har tre bilar  og eit par mc i drift til ei kvar tid. Somme tider går det med traktor som skal hente noko, kanskje med hengar. Andre gongar har eg campingvogn eller hengar på bilen. Er det problemfritt, eller må ein ha ei brikke eller eit abo per hjulsett?

Eg er sjølvstendig næringsdrivande med org. nr. Kan det brukast til noko i denne samanhengen?

 

Håpar nokon vaksne kan hjelpe ein stakkars stakkar! :)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logger seg inn på autopass "mine sider" med bank id, e.l.

Der administreres biler og abonnement. 

1 brikke pr bil. 

Du kan sikkert føre regning/passeringer i eventuelt regnskap vil eg tro. 

 

Når du tegner abonnement, kommer brikken i posten ganske kjapt. 

Foreløpig det eg vet om temaet 

 

 

 

Endret av oggioffshore
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, qcnr skrev:

Og du ma abbonnere til hver enkelt bomseskapet ror jeg, for a apna rabatt.

 

Og en liten avsporing:

Bruksanvisningen på høreapparatet mitt var tastet på liknende maskin som qcnr har.

"Gratulerer med deres nye horeapparat. Vi haper de vil hore riktig godt med dem."

Riktig underholdende inntil man etterhvert skjønte at det ikke bare var tastaturfeil ute og gikk.

Den noe langtekkelige og spesialiserte bruksanvisningen manglet et par sider også.

Tilslutt trodde jeg at jeg skjønte noe men det var da jeg fant ut at apparatene var en annen modell enn bruksanvisningen.:wacko:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I grunn ikkje veldig komplisert dette Erling - men autopass for ferger har komplisert det litt.  Dei gamle fargekorta kjenner du til antar eg- Fandens Sitt Folk heiter som kjent Fjord1 no og er med på leiken.

 

Det nye av i år er at alle fergestrekninger frå nordland og sørover (med unntatt av Moss-Horten) skal bruke autopass fergekort. Dette kortet får du ved å teikna ein Autopassferjeavtale på autopassferje.no. Det koster 3500 og gir 50% rabatt på ordinær takst. (for el bil som har ordinær halv takst vert rabattpris då halvparten av dette igjen). Då kan du knytte avtalen til ei autopassbrikke og/eller bestille eit fergekort.Du må ikkje ha autopassbrikke for å nytte ferjekortet - men nokre fergestrekninger ( dei store langs E39 t.d) får no mulighet til å kjøre gjennom automagisk bom og her skal dei betjente buene vekk. Når desse er vekke kan du ikkje betale med kortet lengre, og vil berre få rabatt med ein autopassbrikke knytta til autopassferjeavtalen din. For mindre samband er nok dette ei god stund unna enno. 

 

Ein anna ting som er ny er at du må ha eit kort pr bil - før var det nok å ha med seg kortet og det kunne brukast på kva som helst bil, dette er det slutt på. Men - du må ikkje betale inn 3500 pr fargekort, korta som koster 50 kr trekker frå potten på 3500. Og desse korta er knytta til reg nummer, så ein slepp låne dei ut slik ein måtte før.. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innsikta, Jan. :)

Eg har faktisk ikkje hatt ferjekort før. Det er ingen ferjer der eg køyrer dagleg, men det hender jo at eg må ta ei for det. Men har ikkje orka bryderiet med det for å spare nokre kroner ein gong i månaden.

Får hive meg rundt og få ordna med dette no :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...