Gå til innhold

Fram og tilbake igjen


radovan

Anbefalte innlegg

Hei, alle saman. Dette er første gong på aldri så lenge eg er innom LRF. Tida vil vise om eg blir fast inventar igjen, men tenkte det var på sin plass å sjå om det var nokon her enno.

 

Det er mange grunnar til at eg vart borte. Mangelen på seriebil var ein, stadig større familie og dermed mindre tid til å sitje her og fjase var ein annan. Viktigast var det nok at helsa har vore til tider veldig dårleg. Eg har nettopp hatt ti års jubileum (eller var det ni? Hukommelsen er det som er dårlegast, dessverre) som kronisk sjuk, i starten Crohns og etterkvart PSC i tillegg (ingen veit kva det er ;) )og i fjor vart eg delvis ufør. 

 

Sjukdommen kom over natta og sjølv om eg til tider har vore veldig redusert, tok det lang tid før eg kom mentalt a jour. Dette førte til at første fem, seks åra dreiv eg som vanleg, kjøpte og planla og hadde allverdens på tapetet, berre venta på ein friskare periode der eg kunne få gjort noko.

Men når det endeleg skjer har ein så mykje anna ein må rette opp at det blir ikkje tid til hobby. Så går det eit par år der ein må innsjå at dette blir det nok aldri gjort noko meir med, og så kjem det ein periode der ein ryddar, reduserer og strukturerer. Det gjeld både reint konkret med fysiske ting, men og mentalt. LRF var det ikkje plass til lenger for meg i denne perioden.

 

Dessutan vart det noko trist og patetisk ved å følge diskusjonar og kome med eigne innspel og planar, når ein inst inne visste at det sannsynlegvis berre vart håp og prat frå mi side. Men når ein er sjuk får ein ironisk nok betre tid til nettforum, ein får berre aldri gjort noko i praksis.

 

Ein annan ting var at eg etter å ha stritta i mot i lang tid måtte registrere meg på Facebook. Det vart heilt umogeleg å henge med når alt ungane driv med skal organiserast via FB. Så då var eg ein del innom der og glante. Men det er berre eit gigantisk tidssluk. (Ikkje slik som LRF :P) I alle fall brukte eg opp nettida mi på dette våset. 

 

Sist, men ikkje minst, vart det mykje lenger mellom kjentfolket. Alt går jo i bølger, men eg hadde inntrykk av at det var mange av dei gamle travarane som vart borte. Kvifor veit eg ikkje. Inntrykket mitt er at mange, om ikkje dei fleste, her på forumet kjenner andre forumbrukarar på privaten. Dei er naboar, arbeidskolleger osv. Det er iallfall tydelege grupperingar her og der. Eg har ingen på den måten, og då var det ingen som spurte meg i kvardagen heller om kvifor eg ikkje var på forumet meir.

 

 

Så, det vart eit springande og rotete innlegg. Eg ville vel berre seie hei om det er nokon igjen her som hugsar meg. For alt eg veit er det ikkje noko aktivitet igjen her, men det kunne vore kjekt ta opp tråden igjen. Om eg skriv så mykje vil vel tida vise. Og det kan sikkert hende det blir like mykje om gråtass og mc, men eg synest alt slikt er beslekta. Og så har eg jo framleis både Disco og RRC.

Endret av radovan
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var jo trist lesning. Men det ER virkelig veldig kjekt å ha deg her igjen. Artige kommentarer, betraktninger og slagferdige innlegg fra din side har vært savnet. Det er flere her som ikke får gjort så veldig mye, så er de som får gjort utrolig mye og så er de som drømmer om å få ting gjort. Alle er velkomne til å skrive...og betrakte. Det er som du sier, flere av de gamle traverne er borte. Face har nok skylda for noe og periodevis dalende interesse en annen, men plutselig så er jammen noen tilbake, og det er veldig kjekt. Og...så dukker det jamnlig opp nye friske kluter her også, og sånn går no dagan. 

Vel, fint at du er tilbake :)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tjue i hue , hundreogtjue i kroppen.

Man må utnytte oppetiden bedre og gjøre det man setter mest pris på avhengig av formen.

Fint å se deg tilbake igjen på VBF, men gjør gjerne unna fjasinga på fjasbook.:D

Her er vi da dønn seriøse.B)

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huffda, det er ikke greit når helsa svikter. Da får man på mange måter endrete spilleregler.

 

Jeg har også den samme erfaringen med Facebook - det tar enormt med tid - og det lever bare der og da.

Ha vendt FB ryggen og heller valgt å sjekke LRF fra tid til annen.

 

Har 2 x Classic-prosjekter fremover, så jeg regner med at LRF blir greit å bruke for prosjektoppdateringer.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det varmar! :)

Eg må nok gjere alvor av å starte på igjen! Allereie no har eg nokre tema eg går og formulerer til offentlig ordskifte. 

Som sagt, ikkje alt er like seriøst og innanfor LR, men der skulle vel vere ein viss samanheng for det. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tipset om landstreffet! Det var eg ikkje klar over. Viss vi ikkje er låste i andre gjeremål må vi få til ein tur :) 

 

Og besøk vil eg gjerne ha. Prøvar å få litt betre tid til slikt etterkvart blush

Det kan forøvrig vere lurt med eit varsel litt før. Det hender ganske ofte at eg ikkje er heime, har presserande arbeid osv. Og viss nokon kjem har eg lyst til å vere der sjølv og :P

Endret av radovan
leif
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var ein annan ting som starta trenden med at eg vart mindre aktiv: På eitt eller anna tidspunkt kom det ei oppdatering av forumprogramvaren. Denne endra meir på brukargrensesnittet enn alle tidlegare hadde gjort til saman. Eg kom aldri skikkeleg inn i det, og eg ser at eg har same problemet no. Fekk ikkje til å legge inn bilete lenger eller noko. Det er vel lite håp for at ein nokon gong kjem tilbake til slik det var for nokre år sidan?

 

Slik likte eg det. Trykk på "View new content" og vips var alt på plass. 

Wayback

 

Dei fleste brukar sikkert telefon og pæddar (eg og somme tider), men eg likar forumet best på datamaskin ;)

 

 

Det er kome til nokre andre greier sidan sist eg var aktiv, det er nokre FB-inspirerte klikkegreier her. Eg trykte på dei no, men sjølv om intensjonen var god kjentest det litt rart her på LRF. Brukar de andre denne knappen aktivt? Veit ikkje om eg kjem til å gjere det... blush

Elles må eg nok lære meg det meste på nytt. De får bere over med meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 minutter siden, lafterolf skrev:

Det er en knapp tilsvarende " View new content" 

jeg husker bare ikke hvordan den brukes fra datamaskin.blush

 

Det er minst halve problemet, eg veit ikkje korleis det fungerer sjølv om det eg ser etter kanskje er her :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

49 minutter siden, siglis skrev:

Gulle godt at du er tilbake Rado. Kan få litt motorsykkelbetraktninger her inne også da :-)

Allereie begynt :D Sjekk tråden om endurosykkel. Igjen...blush

43 minutter siden, lafterolf skrev:

Står det ikke ulest innhold oppe til høyre?

Leste poster forsvinner. Før sto de i rekkefølge. Best utforming hadde forumet den tiden det var grønt, eller kanskje alt bare var bedre før?

Eg er usikker. Må som sagt lære meg opp igjen. :rolleyes:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 minutter siden, radovan skrev:

Takk for velkomstane! :D

Har eit håp om å kunne delta i diskursen som før i tida, det betyr vel stort sett ukvalifisert synsing, tullprat og provokasjonar. blush

 

...med andre ord, akkurat som resten av oss. Velkommen tilbake.

 

Når det gjelder det å kjenne andre medlemmer privat, så er det ikke mange her jeg kjenner veldig godt personlig - om man ser bort fra yarnslayer da. :P

Har truffet noen andre i forbindelse med kjøp og salg, samt geochallenge i fjor - som var veldig hyggelig, men synes allikevel at jeg "kjenner" enkelte, selv om de bare er et kallenavn og et profilbilde. :)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Trist lesing med sykdom og sånt, men godt å "se" deg her igjen. 

Forumering i bølger gjelder vel for de fleste. Enten er privaten travel eller bilparken rimelig problemfri og da blir tiden og orken fort brukt opp på andre ting. Kan vel ikke si at det er mange forumdeltakere jeg/vi har møtt "live" - jeg synes jeg "kjenner" dem bedre her. Spesielt dere som har avatarer som ikke er en grill av uviss årgang (sorry, men grillene/frontene går det mange av på dusinet her inne) :P ...

 

Når det gjelder forumsiden så: "Alt er en overgang, sa reven da han ble flådd."

Jeg synes også det gamle utseendet var bedre, men samtidig har den nye forumprogramvaren mange fine finesser når man først blir kjent med dem. Spør om det du lurer på, så er det mest sannsynlig noen som kan svare. Et tips med bilder er at det er forskjell på nettlesere igjen. Forumet - etter min mening - foretrekker klart crome... Der kan du lime inn bilder fra utklippstavla rett inn i posten.

Har du bilde som fil på pc'en din kan du også bare dra det inn i skrivefeltet for innlegget og så ordner forumet opp med det i bakkant (legge det automagisk til galleriet ditt). 

Så en del ting blir bedre - når man bare finner ut av "den nye måten" å gjøre ting på. 

Endret av yarnslayer
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...