Gå til innhold

Vindusvisker (tråd nr 1000?)


Defensiv

Anbefalte innlegg

Viskartrøbbel

Har ein Defender 110 td5 2004 

Bytta før jul "perlesnora" og overføringene ut gjennom veggen på grunn av mekaniske feil. Meiner sjølv eg smurte bra opp det nye og at det gjekk lett i røret. Viskarane har fungert i fint sidan .

 

No har eg eit nytt problem - viskerane har stoppa midt på ruta (eg tolkar det om elektrisk feil denne gangen).

Har foreløpig kun sjekka sikring (som var ok). Den oppfører seg som den er straumlaus, men dette er ikkje bekrefta. Eg har tidlegare sett ei feilsøkings oppskrift på viskarproblem her på forumet, men eg er ute av stand til å finne den. Er det nokon som har tips om kvar eg finn denne? No er det på med hovudlykt og ut i sludden for å gjere ein innsats!

 

Takk

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei og takk for tips. Ser eg var upresis i beskrivelsen.

Det var ikkje "parkeringsfeil" men rett og slett ingen bevegelse eller lyd.  

For å gjere ei kort historie lang:

Etter å ha bestilt delar frå engljand -  demontert halve bilen - skifta til ny viskarmotor - utan effekt - smurt - kjørt ein vanvittig leiteaksjon etter elektriske feil fant eg ein kald og mørk kveld ut at det var sikringa som var gåen. 

 

Korleis eg kar greid å ikkje oppfatte det tidlegare er ei gåte - skuldar på ammetåke. 

 

No har eg ny, og nesten lydlaus, viskar. Alt var fryd og gammen i fleire timar før viskaren på førersida begynte å slure. Så nå blir det demontering igjen, men denne gangen er feilen mekanisk og ikkje elektrisk. Eg gleder meg, og snøen lavar ned!

(har foresten ein godt brukt viskarmotor og ny perlesnor om nokon er i beit).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er heile viskaroppsettet fungerande.

 

Den siste feilen var at hjulet på gjennomføringa var "gnagd" ned. Ny gjennomføring og alt er tipp topp. (Fasinerande mykje slagg i røret til perlesnora.) 

 

Takk (no er det pokalskifte neste) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...