Gå til innhold

Defender td5 clutch og mykje anna.


Defensiv

Anbefalte innlegg

Her kjem ei oppdatering og "avslutting" av denne tråden.

 

Takk til alle som har komme med tips og innspel.

 

Bilen er no på vegen og kjennest fin ut!

 

Til dei ulike sakene:

1: Clutch og svinghjul vart bytta utan grunn, men deilig med alt som er gjort. Master og slave er og nye. 

Girkasse frå achcroft kom på døra etter ca 12 dagar. God service! 

Grunnen til at clutchen ikkje ville fungere til slutt var at clutch friksjon plata var snudd feil veg. (Utstikkeren skal mot motor)

Fordelingskassa er den samme gamle og nyeoljen er blitt melkekvit. Betre enn forrige gang og ei gjennomkjøring til så er det nok bra. 

Har no fått eit nært og kjært forhold til kassa. Tung som faen å flytte på. Etter å ha flytta på den og montert den 3 gangar har eg fått ein viss følelse med korleis eg burde ha gjort det. Nummer ein er å ha eit gulv der jekker glir fram og tilbake og utan oppstikkande hinder som t.d. løftebukkvaier.

 

2. Bakruteu fekk eg frå Paddoc. Passa perfekt og lett å sette inn. Bremselys fungerar.

3. Når det gjeld farge og lakk.Har ikkje komme rundt til å flikke rust ennå.

4. Eg lurker litt på korleis det var å bestille delar frå England. Dette var uproblematisk og overraskande billig frakt.

5. Nakkestøtteproblemet har eg løyst med hundegitter frå paddock. Dette passar ok (det svevar litt høgt over bakken). Skal bruke vinkelsliper og kutte litt i nettingen for å få inn ski og slikt  når eg har lagt ned seta. 

6. Når det gjeld sidevendte seter er eg fortsatt på utkikk etter ei løysing som bygger minst mogeleg når dei ikkje er i bruk. 

7. Bolten i luftelukene over panser er no skifta med rustfritt. Merkeleg nok var dei nye 4 mm for lange. Ingen problem, men verdt å merke seg.

8. Skistativ. Eg. vil sveise ein variant av dette og henge på reservehjulopphenget

8. bussetaxi_vwbusse_5.jpg

 

9. Har etter kvart fått litt oversikt over oljer o.l. som skal av og på denne bilen. Men skulle ynskje meg ei oversikt som var enkel grei og kunne printast for å ligge i chubbyboksen til "evig" tid. 

10. Forumet her er heilt tipp topp. Takk for hjelpa. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvit og svart olje på girkasser tyder på vann i olje og varmkjørt olje.

Begge deler skyldes oftest for dårlig vedlikehold.

Sjekk også aksler for oljer og CV-fett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har fått sjekka rundt omkring med olje og smørj, ser ok ut. Har litt lekkasje frå topp. Har ikkje merka det på peilinga, men det viser blir litt grisete. Neste prosjekt er nye toppakning, demperar framme og ein lekkasje på venstre pokal. Etter det håpar eg på at det kun blir lett vedlikehald, dekkskifte og finpuss i lange tider. 

Legg ved eit stemningsbilete:

Sunnmøre - Sverre Hjelmeland.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Tviler på at det er lov å ha passasjerer på de bakerste setene om du har gitter midt i bilen (rømningsmuligheter ved ulykke).

For å få bedre bagasjeplass kan du ta ut 2/3 av andre seterad. Da får ca 2 m lang lastelengde og kan også legge inn en madrass for overnatting. Raskt å montere inn igjen seter ved behov.

Halvgitter fra 90 varebil kunne vært en løsning for å få lange ting inn i bilen. 

Vannfast kryssfinér kan også være et alternativ til bakvindu. Slipper hissige Audi xenonlys i nakken... :rolleyes:

image.jpeg

image.jpeg

image.jpeg

image.jpeg

Avbildet bil har "hjemmelagde" bakseter for å tilfredsstille innvendige fri høyde krav til minibuss som denne ble registrert som i 1998.

Endret av Peik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ja no er det gått eit år. Bilen har oppført seg eksemplarisk (litt styr med viskarmotor) men eg blir berre meir og meir glad i den. Har aldri hatt ein bil med så mykje eigarglede (muligens min fyrste bil - svensk herregårdsvogn).  Nye demperar og fjører har gjort den mykje betre på veg. Sjølv med tung last. Kjører ganske ofte med 6-8 utvaksne mannfolk ombord og utstyr på taket. Den dreg tung hengar som ein draum og drivstofforbruket er heilt ok. Litt mykje røyk når eg bremser på kald motor.  Nokon tips?

Peik - dei benkane var fine. blir nok ein kopi av dei! Gitteret fjernar eg kjapt når eg har folk i hundeavdelinga. Men til dagleg bruk er det montert. Kjekt med ein illusjon om nakkestøtte. 

Skistativ har blitt forkasta fordi det fungerer så fint å ha alt på taket. Der blir det mindre skit og salt på ski også. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...