Gå til innhold

Defender td5 clutch og mykje anna.

Defensiv

Anbefalte innlegg

Hei

Som 3 veker fersk eigar av ein Defeneder 110 td5 2004(Reg des 2003) 160000km har eg blitt ein ivrig lesar av dette forumet og har allerede fått god hjelp, både direkte og ved å lese eldre innlegg. Opplevelsen av at ein vilt framand ringde med tips og støtte etter at eg hadde lagt ut eit fortvila innlegg på forumet var  kjekk. Det er ingen tvil om at det å kjøpe ein slik bil må dere ein av dei lettaste måtene å komme inn i eit godt miljø! 

Eg har no nokre spørsmål som eg sikkert kan finne svar på i tidlegare innlegg, men fordi eg er såpass fersk, utålmodig og usikker tar eg meg den frihet det er å stille spørsmål på nytt her. 

Bilen eg har eigd i 3 veker har gitt meg nokre spørsmål(av alle desse spørsmåla er det nr 1 som er viktigast og hastar mest):

1: Clutchen røyk medan eg køyrde, eg gira ikkje når det hente, men låg i stabil fart. Clutchen gav så vidt eg kan forstå ingen forvarsel. Eg får hjelp med skifte av clutchen så sjølve arbeidet håpar eg skal gå greit, men eg har ikkje muligheit til å la bilen stå på bukken lenge, og vil difor ha alle naudsynte/fornuftige delar tilgjengeleg når eg begynner å skru. 

Er det nokon som kan komme med tips om kva og kvar eg bør bestille/sjekke/skifte når eg likevel gjere ein så stor jobb. Gjerne så detaljert at sjølv eg klarar bestille rett på fyrste forsøk. 

2: Har nokon tips om kvar eg bør bestille bakrute med varmetråder. (den gamle spontanknuste) - eg har sjekka døra og den har lite rust og verkar å vere i god stand så eg skriv det på kontoen uflaks. Er det noko negativt med høgt bremselys?

3: Bilen er sølvfarga - er det noko triks for å finne fargekoden?

4: Er det nokon spesielle triks/feller ein bør kjenne til ved bestilling av delar frå utlandet.

5: Eg har bakseter utan nakkestøtte og har vel landa på at gitter med puter er ei god løysing for å bøte på dette. Men eg ynskjer å ha ei løysing som gjere at eg likevel kan slå ned eit eller alle setene og få inn lange ting (som td ski) utan å måtte ta laust gitteret. Nokon som har tips? 

6: Eg har 4 individuelle klappseter med setebelte bak. Dette er for så vidt greit, men har nokon tips om ei løysing der eg fortsatt har 9 seter, men at setene/benkane tar mindre plass når dei ikkje er i bruk. Kan ein "plassbygge" noko sjølv, bruke setebelta(som sit i bilen og ikkje seta) og være innanfor lova?

7: På luftelukene over panseret er det ein gjennomgåande bolt(i hengslane) som ruster stygt, bør eg bytte til ny rustfri eller er rustfri ein tabbe? 

8: Er det nokon her som har sveisa seg eit skistativ til hjulopphenget bak bakdøra og kan dele tips og tankar?

9: Har nokon tips om kvar eg kan finne ei sjekkliste/tipsliste på kva ein bør gjere av jevneleg sjekk og vedlikehald. Tidlegare bilar eg har hatt har eg stort sett kjørt til eg fekk eit problem og så fiksa det. Med denne bilen har eg lyst til å være i forkant og unngå problem (eller i alle fall forutså dei). 

10: Om eg med alle desse spørsmåla har brutt ein skriven eller uskreven regel om forumbruk er eg takksam for tilbakemeldingar (for eg har ein følelse av at eg sikkert har eit og anna å spørje om seinare også). 

På førehand takk (og eigentleg er det berre spørsmål 1 som treng kjapt svar)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tipper du har Zambezi Silver.

Google Land Rover Defender Zambezi silver. Er vel ikke så mange nyanser i sølv.

Kan ikke se noen umiddelbar ulempe med høyt bremselys.

Siden bilen din er levert med det om jeg ikke tar feil er det vel også påkrevd (litt usikker)

Jeg pleier å handle deler fra enten lrparts.net eller paddock med god erfaring fra begge. De har sikkert rute med varmetråder.

//Siggen

Endret av Siggen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Svinghjulsforing,svinghjul,simring bakkant veiv,disk,plate,utløserlager.

Lurer på om det ikke sitter noen små plastjævler på utløserarm også.

Lenge siden jeg byttet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Defensiv skrev:

1: Er det nokon som kan komme med tips om kva og kvar eg bør bestille/sjekke/skifte når eg likevel gjere ein så stor jobb. Gjerne så detaljert at sjølv eg klarar bestille rett på fyrste forsøk. 

Gaute ga deg vel svaret der, og da hadde jeg stolt på det i allefall. Er en russisk nettside (lrparts.ru eller noe i den duren) som gir deg sprengtegninger på det meste. Noen kan korrigere meg på riktig nettadresse da jeg ikke har tilgang på privat pc akkurat nå.

2: Har nokon tips om kvar eg bør bestille bakrute med varmetråder. (den gamle spontanknuste) - eg har sjekka døra og den har lite rust og verkar å vere i god stand så eg skriv det på kontoen uflaks. Er det noko negativt med høgt bremselys?

Kan kanskje også skrive det på kontoen dårlig konstruksjon. Kanskje like greit å bestille seg en reservehjulsholder som tar vekta av bakdøra. Spesielt siden du har planer om å lage skistativ å henge bakpå der. Bakruta liker ikke mye vekt på bakdøra.

4: Er det nokon spesielle triks/feller ein bør kjenne til ved bestilling av delar frå utlandet.

Er en del meninger om de forskjellige transportørene som blir brukt, søk litt rundt på forumet og du vil finne. Også en del som skyr Britpart-deler som pesten, jeg har ingen sterk mening den ene eller andre veien.

5: Eg har bakseter utan nakkestøtte og har vel landa på at gitter med puter er ei god løysing for å bøte på dette. Men eg ynskjer å ha ei løysing som gjere at eg likevel kan slå ned eit eller alle setene og få inn lange ting (som td ski) utan å måtte ta laust gitteret. Nokon som har tips? 

Original halv grind kanskje?

6: Eg har 4 individuelle klappseter med setebelte bak. Dette er for så vidt greit, men har nokon tips om ei løysing der eg fortsatt har 9 seter, men at setene/benkane tar mindre plass når dei ikkje er i bruk. Kan ein "plassbygge" noko sjølv, bruke setebelta(som sit i bilen og ikkje seta) og være innanfor lova?

Kommer an på hva du plassbygger. SVV vil nok gi deg svar om du snakker med de.

7: På luftelukene over panseret er det ein gjennomgåande bolt(i hengslane) som ruster stygt, bør eg bytte til ny rustfri eller er rustfri ein tabbe?

Jeg skal bytte til rustfrie når den tid kommer hos meg, holdes foreløpig i sjakk med olje.

9: Har nokon tips om kvar eg kan finne ei sjekkliste/tipsliste på kva ein bør gjere av jevneleg sjekk og vedlikehald. Tidlegare bilar eg har hatt har eg stort sett kjørt til eg fekk eit problem og så fiksa det. Med denne bilen har eg lyst til å være i forkant og unngå problem (eller i alle fall forutså dei). 

Noen voksne kan sikkert supplere med det jeg glemmer, men god bilkontroll hjelper deg langt. Tenker da på ofte nok kontroller av væsker og lekkasjer. Hyppig oljeskift (ser mange skifter hver 10k på motor), kontroll av hjullager, årlig oneshot i pokalene, sjekk av mellomakselkryss, rikelig med olje på alle deler som skal bevege seg og ikke begynne å ruste. Jevnlig kontroll av kabelkontakt til ECU.

10: Om eg med alle desse spørsmåla har brutt ein skriven eller uskreven regel om forumbruk er eg takksam for tilbakemeldingar (for eg har ein følelse av at eg sikkert har eit og anna å spørje om seinare også). 

Opplever stor takhøyde på dette forumet, så tror nok det går bra. Ikke VerdensBesteForum for ingenting.

Har selv montert en fra Mantec nå i vinter (riktig nok Strømmen bil seg av jobben), og jeg superfornøyd!

Dette kan virkelig anbefales! Diskret sak, som for min del fjernet masse ulyder fra når jeg kjørte på dårlige veier.

Er vel bare fordeler med en slik reservehjulsholder.

Det finnes mange leverandører her, bare google: spare wheel carrier defender    og du vil finne masse info

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tips og god velkomst folkens.

1: Er det nokon som kan komme med tips om kva og kvar eg bør bestille/sjekke/skifte når eg likevel gjere ein så stor jobb. Gjerne så detaljert at sjølv eg klarar bestille rett på fyrste forsøk. 

Gaute ga deg vel svaret der, og da hadde jeg stolt på det i allefall. Er en russisk nettside (lrparts.ru eller noe i den duren) som gir deg sprengtegninger på det meste. Noen kan korrigere meg på riktig nettadresse da jeg ikke har tilgang på privat pc akkurat nå.

Då er alt av delar (forhåpentligvis) på veg. Takk for tips! Og små plastjævlar er med. Russisksida er ikkje sjekka ut enda.

2: Har nokon tips om kvar eg bør bestille bakrute med varmetråder. (den gamle spontanknuste) - eg har sjekka døra og den har lite rust og verkar å vere i god stand så eg skriv det på kontoen uflaks. Er det noko negativt med høgt bremselys?

Kan kanskje også skrive det på kontoen dårlig konstruksjon. Kanskje like greit å bestille seg en reservehjulsholder som tar vekta av bakdøra. Spesielt siden du har planer om å lage skistativ å henge bakpå der. Bakruta liker ikke mye vekt på bakdøra.

 Skreiv ikkje det fyrste gangen, men eg har faktisk reservehjulshaldar, den fungerar fint. Så eg trur nok ikkje eg kan legge skulda for vindusknusinga på dekket. Eg bestiller vindu med høgt lyktefeste. Eg reknar med at gummipakning er bra (den eg har ser strøken ut) - ser at fleire brukar gummilim og alulist, men ser ikkje stor fordel med det.

Har tenkt å sveise ei kasse til ski som eg festar på denne haldaren (enten med eller utan dekket) tenker at denne må dere stor nok til 6-8 par ski med stavar. Denne må dere lett å ta av og vil kun bli brukt på småkjøring innanfor samme postnummer. Skia har ikkje godt av å stå i saltlake bak bilen. Eg har full takgrind på bilen så festeplass er ingen problem, men lenge leve enkle løysingar. Eg er og litt skeptisk til å ha mykje "framandfolk" kravlende på skisko over heile bilen. Fort at eit arbeidslys eller ei rute får seg ein kakk.

3: Bilen er sølvfarga - er det noko triks for å finne fargekoden?

Zambezi. silver er I alle fal ein veldig nær slektning, eg prøver litt.

4: Er det nokon spesielle triks/feller ein bør kjenne til ved bestilling av delar frå utlandet.

Er en del meninger om de forskjellige transportørene som blir brukt, søk litt rundt på forumet og du vil finne. Også en del som skyr Britpart-deler som pesten, jeg har ingen sterk mening den ene eller andre veien.

Er overaska over kor billig delar og frakt var. Håpar eg slepp overrasking med toll og anna.

5: Eg har bakseter utan nakkestøtte og har vel landa på at gitter med puter er ei god løysing for å bøte på dette. Men eg ynskjer å ha ei løysing som gjere at eg likevel kan slå ned eit eller alle setene og få inn lange ting (som td ski) utan å måtte ta laust gitteret. Nokon som har tips? 

Original halv grind kanskje? 

Fekk for meg at den berre passa bak framseter men då tar eg kanskje feil. Passar den bak baksetene?

6: Eg har 4 individuelle klappseter med setebelte bak. Dette er for så vidt greit, men har nokon tips om ei løysing der eg fortsatt har 9 seter, men at setene/benkane tar mindre plass når dei ikkje er i bruk. Kan ein "plassbygge" noko sjølv, bruke setebelta(som sit i bilen og ikkje seta) og være innanfor lova?

Kommer an på hva du plassbygger. SVV vil nok gi deg svar om du snakker med de.

Skal gjere det, har brukt litt google tid på ulike løysingar og eg har i alle fall sett nokre muligheter.

7: På luftelukene over panseret er det ein gjennomgåande bolt(i hengslane) som ruster stygt, bør eg bytte til ny rustfri eller er rustfri ein tabbe?

Jeg skal bytte til rustfrie når den tid kommer hos meg, holdes foreløpig i sjakk med olje.

Kjører på med rustfritt!

9: Har nokon tips om kvar eg kan finne ei sjekkliste/tipsliste på kva ein bør gjere av jevneleg sjekk og vedlikehald. Tidlegare bilar eg har hatt har eg stort sett kjørt til eg fekk eit problem og så fiksa det. Med denne bilen har eg lyst til å være i forkant og unngå problem (eller i alle fall forutså dei). 

Noen voksne kan sikkert supplere med det jeg glemmer, men god bilkontroll hjelper deg langt. Tenker da på ofte nok kontroller av væsker og lekkasjer. Hyppig oljeskift (ser mange skifter hver 10k på motor), kontroll av hjullager, årlig oneshot i pokalene, sjekk av mellomakselkryss, rikelig med olje på alle deler som skal bevege seg og ikke begynne å ruste. Jevnlig kontroll av kabelkontakt til ECU.

Takk. Sjekklister er ein ubehagelig men nødvendig sak for meg no før eg kjenner bilen. 

Motom sine lister er gode tips.

10: Om eg med alle desse spørsmåla har brutt ein skriven eller uskreven regel om forumbruk er eg takksam for tilbakemeldingar (for eg har ein følelse av at eg sikkert har eit og anna å spørje om seinare også). 

Opplever stor takhøyde på dette forumet, så tror nok det går bra. Ikke VerdensBesteForum for ingenting.

Topp

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20171023_150141.jpgPkt 5.

Jeg kjøpte delbart gitter og har festet nakkestøtter der med borrelåstape (enkelt å ta av og på). Den øverste delen av gitteret kommer i konflikt med ryggen på klappsetene bak ved demontering, slik at dette ikke ble den løsningen jeg håpet på. Tror nok jeg kommer til å klippe en åpning i nedre del av gitteret for enkelt å ha med ski.

Kjøpte skum og trekk til hodestøtter foran og bruker disse bak, fungerer godt.

Endret av Per Steinar
Måtte ha med bilde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
  • 3 uker senere...

1. Då er arbeidet med hovedproblemet i gang.

Har bytta cluch, svinghjul og slavesylinder.  Til ingen nytte (men lærerikt og tungt)

Bilen har fortsatt null drift.

Gamlecluchen såg mistenkelig bra ut, og når den nye kom inn var det ingen forandring(mulig litt bedre pedal). Simring hadde ingen lekkasje og det såg eigentleg svært bra ut. 

Etter litt grubling har åpna girkasse og ut kom det kvit vatnolje. Pakninga i firkantluka var dårleg. Mulig at det er dårleg ander stadar og. 

Bilen har altså null framdrift uansett gir (på begge kassene). MEN dersom eg pressar den hardt i 4 gir får eg plutseleg drift (dette kun testa i luft og ikkje med bilen på bakken). 

Nokon tips?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ulyder  i kassa før stopp?

4. gir går ikke via kubben(layshaft) i kassa,men rett gjennom.

Virker 4.gir men resten er borte er det brudd i giroverføringene som går via kubben.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hadde opplevd 2 gangar at eg ikkje kom i gir ved vanleg kjøring, men avskreiv dette som store sko og uvant bil sidan at når eg trykte inn clutchen ein gang til var alt topp. 

Ingen stygge lyder eller anna rett før stopp. Det berre smalt ein gang. Litt skrapelyd første sekunda med clucen ute, menn etter det har det vore stilt(bortsett frå i fjerde som med litt vold gir drift og skrapelyd. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er vel ikke uvanlig at splines ryker på utgående aksling mot transfer. Har du tappet oljen på transferen? Hva kom ut?

Skru av lokket bak på transferen så ser du inn på utgående fra girkassa.

Ved nærmere ettertanke gjelder vel dette eldre biler med LT77 girkasse men det er verdt å sjekke (har ikke noe med 4de gir å gjøre heller)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei. Lita oppdatering/korrigering av upresis beskrivelse

Tappa olje av fordelingskasse:- denne var kvit av vatn.

Tappa olje av girkasse: - denne var svart som bek og full av spon. 

Ut I frå dette tenker eg at ny girkasse må til. Fordelingskasse er eg meir usikker på, men fristande å bytte den og når ein likevel driv på.

Det vil jo vere ein god følelse med alt bytta frå svinghjul og bakover.

Har fått tips/ tilbud om ei kasse som har gått eit godt stykke. Litt uggent å sette inn kasse som har gått det doble av resten av bilen, eller er eg litt overnervøs når eg tenker slik?  Dersom eg vil gå for overhalt kasse og eventuelt fordelingskasse, er det nokon som har tips om kvar ein får tak på slikt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er veldig lenge mellom å høre at R380 girkasser er ødelagt. De gangene de går er det ofte slurv med olje som er årsak.

Jeg ville ikke tenkt mye på varigheten på en brukt girkasse om den har hatt rett olje og at olje er byttet innimellom.

Brukte girkasser er det langt mellom også.

Kjører du mye i høy hastighet kan fordelingskasse fra feks Discovery 1 gi deg høyere utveksling og lavere turtall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Då er ny kasse frå ashcroft montert. 

Svinghjul er nytt

Clutch er ny

Fordelingskasse er den samme gamle.

Ein litt gira hjelpemann fylte mtf 94 på fordelingskassa og 80-90 på girkassa. 

Eg må til å tappe og bytte. 

Så no skulle alt nerme seg sjønnaste orden, men nei, ikkje heilt ennå. 

Bilen girar ikkje skikkeleg. 

Når lavgirspaken står i gir og bilen er i gang er det vanskeleg å komme i gir på hovedgira.

Når lavgirspaken står i fri kan eg gire til alle gir på hovedgira. 

Når bilen er stengt av  kan eg gire til alle gir.

Blodsukker var på null når dette vart oppdaga, og bilen vart stående utan mykje feilsøking. 

Uansett så skjønnar eg  ingenting - nokon tips? Noko eg kan/bør  justere eller kontrollere?

Bilen har no stått sidan jul og eg har lyst til å komme meg på vegen(og av den)!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...