Gå til innhold

Disco2 lite strøm og ingen start


radovan

Anbefalte innlegg

Er på tur og har ikkje med meg verkstaden, kun Nanocom, startkablar og tilleggsreisefølge m/eigen bil. Dei kan gje meg starthjelp når eg finn dei att.

Får ikkje starta - startaren slår inn, men sloknar umiddelbart. Verkar for å ha lite straum. Nanocomen vil ikkje lese av batterispenninga.

 

Ved nest siste start lyste ladelampen nokre sekund, men slokna då eg ga gass. Fekk tres amigos og M+S etter hundre meter. Ved siste start var alt normalt.

 

Kan dynamoen lade for lite utan at ladelampen lyser?

Verd og nemne er langkøyring i går og ein del start/stopp i dag. Det burde borge for godt lada batteri først og så ein del bruk etterpå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, når bilen ikkje går får eg jo ikkje sett spenninga. :) Skal prøve meg med startkablar om ei stund, men først står det familiemiddag og åttiårskalas på menyen.

Er meir bekymra for heimreisa i morgon. :(

 

Må eg ikkje rekne med at det er noko feil på ladinga? Har aldri vore ute for dette før på bilen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tja, kva skal ein seie?

 

Fekk med meg "ekstrabilen" for å bruke startkablar, men før eg kopla kablane der i mørket ville eg berre prøve ein start - for ein kan jo aldri vite...

 

Flaks for meg, for bilen fyrte klokkereint og gjekk tilsynelatande normalt. Nanocomen kunne meddele 10,9 V ladespenning. Frontlyktene var ikkje spesielt kraftige og M+S blinka på dashbordet. Kassa var og tydelegvis i kun tredje-modus.

 

Så no blir det sannsynlegvis til at vi gjev Discoen ein dryg halvtime med startkablar før vi reiser i håp om at det er nok til å kome seg heim med minimal straumbruk.

 

Er i Molde, ca tre timar køyring heim. Dessverre med utsikt til to ferjer med tilsaman fire startar. Der går det straum.

 

Som nemnt før, kor mykje straum går det til "berre" køyring?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal ikkje reise før i morgon, heldigvis. Skal sikkert køyre i to- eller trespann med andre. Då burde det vel vere mogeleg å få litt klattlading. Men hadde vore kjekt med eit ekstra batteri. Har Biltema rett borti høgget, men dei har jo stengt i morgon...

 

Har jo ikkje med verktøy heller, sjølvsagt.

Endret av radovan
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For seint, sit på hotellrommet med sovande småtroll. Har ikkje ladar, leidning, høve (eller ork) til å organisere noko meir no.

 

Men om nokon har tips til søndagsopne batteriførande sjapper i Molde eller sørover litt er det berre å skrike ut! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Husk når du handler at noen batterier har + til venstre og andre til høyre. Sjekk hva du skal ha før du handler.

Ellers har jeg brukt startkabler til å fikse dette hvis det har vært krise og jeg har måttet bruke et batteri som er "feil".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

 

Hvor gammelt er batteriet? Hvis det er rundt 3 år, eller har bidratt rundt 60 000 km er det godt mulig at det uansett må byttes. Jeg opplevde startproblemer etter å ha kommet ut av skogen etter rypejakta i år. Et utslitt batteri kan gi mange rare feilmeldinger. Mitt batteri hadde tydeligvis en "dårlig kortsluttning" som gjorde at den ikke startet ansett starthjelp. Jeg ville ha byttet batteriet først, for så å sjekke hva Nanocomen sier. Begynn med det enkleste. Viking har vanligvis batterier. Jeg la et par Realturmat under det nye batteriet for å få rett høyde.

 

 

Lykke til!

Tore

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Batteriet er ikkje meir enn eit år... eller var det to? Bilen har nok ikkje gått mange tusen km på den tida det har stått i iallfall. Var imponert over kor godt det var for litt sidan då dieselpumpa gjekk og ein måtte kinne ein del for å få start.

 

Iflg. Nanocom er det null og niks lading. Hadde 13,5V umiddelbart etter 40 min startkabel med påfølgande oppstart. Allereie etter eit halvt minutt var vi nede på 12,5 og fem minutt etter var vi under 12,0.

 

Men vi kom oss då heim. Hadde nokre få korte ladeseansar undervegs for å unngå driftsstans. Den siste etter at alle dasjbordlampar kom på og girkassa sjalta seg over i ein nødmodus.

 

Står med ladar på no og så får vi sjå om eg får til å måle noko seinare. Kan ikkje sjå at eg kjem unna ny/overhalt dynamo, med mindre det er ei laus leidning eller noko slikt.

 

Skulle gjerne hatt ei forklaring på det med ladelampen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bestill denne, passer rett på og funker som bare det. Jeg bestilte likeretter, regulator og børster hver for seg og byttet én og én bit først, men det er for mye jobb for veldig lite besparelse.

Du virka såpass truverdig at eg berre bestilte, eg. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Bilen har faktisk vore i dvale sidan i haust, kun brukt eit fåtal gongar i nærområdet med topplada batteri før start. Men det er jo ikkje nokon god eksistens for ein Disco, så no har vi etter mykje om og men plukka ut dynamoen og montert saman med nye deler. Så vart ladespenninga sjekka og funnen tilfredsstillande.

 

Dessverre svikta eitt eller anna allereie på jomfruturen og no er arbeidsmoralen temmeleg slakk.

 

Kva f er det som skjer? Dei gamle børstane på dynamoen var tydeleg slitne, den eine var skeiv og hadde neppe kontakt i det heile. Men no er det nye deler på og likevel vil det ikkje virke.

 

Nanocomen har ikkje noko å kome med.

 

 

Gode råd, nokon?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Batteriladaren sto på ei stund og så starta eg bilen. Det var ingen lampar som blinka eller lyste og alt var normalt så nær som at batterispenninga var 11,5V.

 

Syns jammen batterilampen kunne ha lyst, skjønnar ikkje korleis det heng saman.

 

Kva no? Knuse sparegrisen, kjøpe ny dynamo og leige seg inn på verkstad? Eg er iallfall dugeleg lei av denne umekkbare greia akkurat no.

Endret av radovan
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Personlig er jeg ikke tilhenger av å overhale slike slitedeler ved feil. Irritasjonen og merkostnader ved uforventet stop gjør at regnestykket sjelden går opp i mitt hode.

Anbefaler kjøp av ny dynamo. God dynamo og godt batteri er helt essensiellt for at disse bilene skal fungere.

Når dette er i orden, så kan du lete litt etter strømtyv.

Som nevnt i en tidligere tråd oppdaget jeg at min hovedlykt visker motor stod å trakk strøm, nok til å tappe batteri over tid. Men nesten umulig å oppdage før jeg fikk ett helt nytt batteri, hvor jeg da kunne høre ett svakt klikk i den motoren med sekunders mellomrom...

En slik lignende strømtyv kilde kan du jo også ha.

 

Fortvil ikke - Dette finner du ut av ;) , men ja ikke spar deg til problemer. Må du ha ny dynamo, ja så må du det. Skruinga klarer du selv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...