Gå til innhold

Robotgrasklippar


radovan

Anbefalte innlegg

I skrivande stund surrar Padda rundt i hagen. Minner veldig om ein full mann på veg heim etter ein fuktig kveld. :P

 

Katten er skikkeleg forvirra, veldig interessert og litt redd for denne grøne gubben som virrar fram og tilbake. Tok nokre bilete, men fann dei ikkje igjen på fonen... :o

 

Har ikkje sett meg inn i innstillingar eller noko enno, eg berre trykte på "GO" til han starta. Kan visst stille inn tidspunkt og vekedagar, men akkurat no var graset så høgt at det berre var å dure på.

Starta han på 80mm og gjekk ned til 50mm etterkvart.

 

 

Edit: Og no har han visst stoppa. Søv kanskje...

Endret av radovan
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg anbefaler ukedagskjering på et tidspunkt hvor dere er hjemme i starten. Og å slå på innstillingen som tilsier at den ikke skal starte om det regner (med den bakken deres, og med ny plen - dessuten kladder det mindre både i hjul og rundt klippebladene om den ikke våtkjøres mer enn nødvendig).

Det er flere innstillinger som går på klippemønster og om dere har uregelmessig plen med flere "lommer" så kan den stilles tili å starte fulike steder til ulike dager. Som sagt... både x-en og jeg var ekstremt fornøyde. Ja, man bruker litt tid på config og vedlikehold hvert år, men duverden så mye klippetid man kan bruke til andre ting. B)

Katta blir raskt fortrolig med den og kommer bare til å flytte seg om den går "rett på"... Våre fant fort ut at det var trygt å ligge i blomsterbedene... :P

Endret av yarnslayer
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Padda hadde sklidd ut forbi ledninga i den sleipaste skråninga som vart igjen i v2.0. Det var derfor han la seg til å vente på meg.

Ser det sikkert blir litt justering her og der, men stort sett synest eg det fungerer bra.

 

Det einaste som overraska negativt er kor vanskeleg det er å svinge perimeterkabelen rundt plantar og dilldall på ein slik måte at Padda går knirkefritt langsmed kanten utan å ta for mykje eller for lite.

Resultatet blir uunngåeleg at det står igjen meir enn eg hadde tenkt før eg begynte, men det er jo ikkje noko stor katastrofe. Kanten må eg (kona ;) ) uansett ta manuelt og då får det berre bli pittelitt meir enn eg hadde tenkt frå før.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke gjør som naboen her, setter ut robitklipper for å reise bort på 17 mai :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Siste vekene har gått utan Paddeproblem av nokon slag. :)

No har hagen grodd til såpass at det vart bestemt å bruke andre pinsedag til å ta opp att grensekabelen og legge han på nytt på ein meir permanent og skikkeleg måte. Arealet vart meir enn fordobla.

 

I grenselaust overmot slapp vi Padda fri på nokre kuperte greier som han tidlegare har vore skjerma mot og det kjem sikkert til å vise seg å vere ein dårleg idé. Han låg på ryggen stadig vekk og sette seg fast mange gongar. Skal fylle på litt sand og jord enkelte stader for å fjerne dei verste flaskehalsane.

 

Dessverre viste det seg at vi hadde nokre meter for lite med kabel slik at vi måtte ta ein snarveg siste biten. Tru om ein kan bruke "vanleg" ledning, eller må ein kjøpe denne koparkabelen som er brukt frå før?

 

 

Mitt råd til andre som har tenkt på robotklippar:

Sjå over hagen og finn ut kva som kan forenklast av plantar og bed. Mange enkeltplantar her og der er nok pent, men veldig vanskeleg for klipparen. Når den kjem inn i hagen og du sjølv ser kor kjelkete det blir enkelte stader må du likevel omorganisere. Og då kan du like gjerne gjere det først som sist.

No snakkar eg sjølvsagt om slikt som er smått nok til at det tek skade, tre og større ting er ikkje noko problem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du må nok ha en kabel som er noenlunde samsvarende med hensyn til ledningsevne/motstand... Ut over det er kobber=kobber.... Og... jeg vil si - kjøp en bunt med noen meter ekstra. Det KOMMER til å bli brudd og du kommer til å måtte lodde/lappe, så det er greit å ha liggende.

 

Jordblandet sand er det fineste du får til plen. Lykke til vicere med Padda.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Har kjøpt meir kabel og pluggar og skal endre litt på innramminga når eg får tid, men eg tar det litt forsiktig og ser an ting. Har å fylt på masse her og der, for det er jo stort sett dei same punkta i hagen som skapar problem kvar gong. Og etterkvart blir hagen meir og meir paddevenleg. :)

 

Padda har dessverre ein stor feil i automatikken sin; når han står fast og spinn ein stad og oppdagar det sjølv stoppar han og ryggar litt, berre litt. Og det er ikkje nok. Då får han som regel tak nok til å flytte seg nokre cm tilbake, og sjølv om han har maks feste er det ikkje snakk om meir enn toppen eit par desimeter. Så køyrer han fram att i same spora og gjentek prosessen. Ofte må han då ha hjelp til slutt, sjølv om det hender han endar opp på plenen igjen på eiga hand.

 

Om eg kunne bestemme skulle han gått minst to meter tilbake ved problem, men eg trur ikkje det er mogeleg å endre dette.

 

 

 

Edit: Om eg var kongen av Robomow ville eg lagt inn eit par funksjonar til:

 

1. Ein sensor som kan fortelle klipparen om han har fronten nedover eller oppover i bakken. Då kunne ein spart seg ein del tøv når han heilt unødvendig rotar seg utom kanttråden eller spinn seg fast ved å insistere på svinge seg oppover i motbakken når han har støtt på hindringar.

 

2. Ein funksjon for å oppdage at han har stått oppetter eit tre siste fem minutta. Når hjula har gått rett fram ein distanse på ti gonger den totale lengda av hagen utan å støte på kanttråden bør det vere opplagt at noko er feil og at han då bør gå eit par meter tilbake, svinge litt og prøve igjen.

(Det finnast nok ein eller annan slik funksjon, for han oppdagar slikt av og til, men eg veit ikkje heilt kva som utløyser reaksjon. Den fungerer berre ikkje bra nok.)

Endret av radovan
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

 

2. Ein funksjon for å oppdage at han har stått oppetter eit tre siste fem minutta. Når hjula har gått rett fram ein distanse på ti gonger den totale lengda av hagen utan å støte på kanttråden bør det vere opplagt at noko er feil og at han då bør gå eit par meter tilbake, svinge litt og prøve igjen.

(Det finnast nok ein eller annan slik funksjon, for han oppdagar slikt av og til, men eg veit ikkje heilt kva som utløyser reaksjon. Den fungerer berre ikkje bra nok.)

Det er sensoren i støtfangeren som utløser den. I situasjoner hvor sensoren IKKE blir løst ut mot en hindring der den "burde" ha løst ut (som oftest siden trær og busker kan være skrå i stedet for "rett opp") får man det problemet du beskriver. Du kan - om du blir lei nok - slå ned noen rette og staur i forkant av sånne faste problemsteder. Da blir de ikke klippet, men sensoren blir iallfall trigget og padda kommer seg videre. Det "verste" er at siden busker og trær vokser så kan problemet komme et helt annet sted neste år. Noen metringer med grovt armeringsjern og slegge kan brukes om du har mange sånne steder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I skrivande stund har eg akkurat lagt eit lag med singel på dei tidlegare nemnde problemstadane. Det har vore så tørt i år at massen eg hadde på før har blitt til støv. No håpar eg singelen stabiliserer støvet til fast dekke. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Etter mykje skryt må eg moderere meg litt og seie at den klovnen som har bestemt køyreprogrammet til Robomow bør sparkast. Maken til ubrukelege "terrengeigenskapar" skal ein leite lenge etter.

 

Eg vil påstå at ein ulasta Ford Tansit -91 med eitthjulstrekk og stålfelgar utan dekk på skøytebanen i to plussgrader ville utklassa han lett.

 

Det er ikkje det at utgongspunktet er ubrukeleg, men måten han responderer på fastkøyring er heilt håplaus og blotta for logikk og innsikt i fysiske lover og generell kunnskap.

 

Gong etter gong må eg stå og sjå på same greia: Padda prøvar å svinge mot logisk retning diktert av gravitasjon, bærbusk eller anna hindring, dermed spinn han på eit hjul ei stund, ryggar tre cm, køyrer fram og nøyaktig ned i same holet, spinn, ryggar tre cm, etc, etc...

 

Dette driv han med ei stund med følgande alternative utfall:

 

1. Mest vanleg - Panelet viser "Fastkjørt" og han stoppar i påvente av human redningsaksjon.

2. Arbeider seg sakte utfor perimeterkabelel, gjerne langt utanfor til og med. Dette varslar han om med lydsignal og beskjed på panelet. Bror min lurte lenge på om vi hadde fått ein ny sangfugl i hagen sidan han stadig høyrde plystring.

3. Nesten aldri, men det skjer. Han kjem seg laus. Då har han rettnok laga seg nokre fine holer til neste gong han passerer og kan ta operasjonen på nytt til glede for dei som er i nærleiken og kan vere vitne til seniliteten og utfall 1 eller 2.

 

 

Viss nokon kan seie meg korleis eg skal få han til å rygge ein meter eller to når han står fast og ikkje eit par cm, noko som det isolert sett må vere soleklart for alle at er altfor, altfor lite til å gjere noko reell skildnad når ein står bom fast, ville eg blitt veldig glad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...