Gå til innhold

Avdems Discovery 2, "Rovdyret"


avdem

Anbefalte innlegg

Nykommer med Engelsk bil.

 

Etter 10 år med T3 Syncro var det på tide å skifte beite. Fikk plutseleg behov for ein bil som kunne dra hengar utan å få heilt astma, alltid hatt sansen for LR så da var det ingen tvil. Når ein i tillegg er godt vant med å skru gammel og ikkje heilt fantastisk tysk ingeniørkunst så satsar eg på at ovargangen ikkje blir altfor stor....

 

Gamlebilen gjekk til ein medforumist på vwbus.no, innbyttaren vart henta på Geilo.

 

IMG_9384.jpg

Gamle synder, slett ingen dårleg bil det heller...

 

IMAG0388_zps67053b15.jpg

 

Nye moglegheiter..

 

IMAG0390_zps79b62100.jpg

 

På tur sjølvsagt...

 

IMAG0395_zps8fb88020.jpg

 

Og første panserbilete...

 

Kort fortalt ein ganske standard 2001 Discovery, grått delskinn, manuelle seter, to takluker(to for mykje...) med nokre fornuftige mekaniske oppgraderingar:

 

Ombygd til fjører bak, ny forsterka topp, ny turbo, litt silikon og egr blending.

Ellers ein tilsynelatande solid bil. Tight og fin på vegen, lite skramling, halvslitent interiør.

 

Dessverre dukka det opp ein oljelekkasje på automatkassa, oppdaga under prøvekøyring, selgar hadde bukk så vi fikk inspisert godt, kom fram til at det var ei kobbarpakning på ein blindplugg eller o-ring på oljekjølerrøyr. Hadde nok delvis rett men viser seg no at det sannsynlegvis lek mellom oljekjølar/oljepumpehuset og gearkassa. Anar nokre timar arbeid med gearkassebytte/reparasjon men det tar vi seinare, får tåle at den markerar revir ei stund, litt avslag på prisen blei det og....

 

Ville jo vore litt for utruleg om det ikkje var noko å setje fingeren på... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jaggu ikkje sikker på om den er godkjent, sikkert ikkje....

 

Fin bil ja strøken lakk og bulkefri, til og med støtfangarane er strøkne. Litt overflaterust på ramma bak men ikkje verre enn at litt puss og owatrol fikser saken. Støttestaget til framfangaren er holete men trur det blir trimming av fangaren uansett.

 

Litt småting må på plass, gitter bak bakseta og gummimatte bak er førstepri. Takbøyler, noko meir lys må vi ha. Blir nok ei lita englandsbestilling etterkvart.

 

Sykkelstativ er og viktig, litt usikker på kva eg skal velge, ein smule kresen når det skal syklar bak på luka som tilsvarer prisen på bilen......

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grattis med tøff bil! :)

 

Kan anbefale deg å kjøpe en "swing away bike rack", hvis du har firkantfeste bak. Jeg har kjøpt fra USA, fikk en kompis til å ta med, så betalte kun for ekstra bagasje. Det veide akkurat 22 kg. Med swing away slipper du å henge mer på døren, og du kan lett åpne bakdøren selv om syklene er på. Det går sikkert an å få sendt det med JetCarrier til en grei pris.

Endret av LANDreas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer so mykje. Bra fleire I bygda kjøper rett bil. Har hatt Disco II I snart 8 år. For meg og mitt bruk er dette heilt perfekt bruksbil. Kjem til alt der det er skogsvegar, og slepp å brøyte tunet. Skrur ein og tar vedlikehold sjølv er dette mykje bil for pengane. No kan vi spre delelageret på fleire og, hehe.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Angåande sykkelstativ, har lagt min elsk på dette:

 

http://www.isi-carriers.com/isi-4x4-ed/bike-carrier.html

 

Dessverre ikkje firkantfeste på bilen så da blir totalkostnaden stor.....

 

Ikkje glad i dei festa som festes på reservehjul men mtp på at det skal vere enkelt å bruke og ikkje i vegen ellers ser det ut som om det blir noko slikt. Aller helst fra Thule US men Mont Blanc sel også eit brukandes her i landet.

 

Eventuelt eit Thule outride med gaffelfeste og montere dette vertikalt på bakluka. Krever litt tenking og boring men trur det kunne fungert bra.

 

Enn så lenge får sykkelen plass inni så får eg tåle litt gjørme av og til..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe, kvitta meg med eit lass syncrodelar no for å få plass til LR delar så det passar jo fint... Vart litt snoking rundt bilen din når den sto lageleg til, hadde tenkt å spørje deg ut men rakk det ikkje før bilen skulle hentast.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Da har eg snart runda eit kvart år som disco eigar. Smiler like breitt når eg køyrer denne som i gamle syncroen, når eg i tllegg kan køyre forbi og køyre langtur utan at øyrene blør så kan ein vel ikke kalle dey anna enn ein suksess.

 

No har eg stort sett berre køyrt bilen så så veldig mykje har ikkje blitt gjort med den. Det har begrensa seg til etterfylling av gearolje pga. lekkasjen og litt småplukk inni bilen.

 

No har eg handla meg litt meir lys så kobling av desse ligg først i køen.

 

Ellers er det noko småplukk, setevarme må eg sjå på, i tillegg går ikkje interiørlysa på automatisk så ein og anna gremlin i elsystemet fins det.

 

20131103_124416_zps4c43c6b4.jpg

 

Vinterdekka på....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jepp det er vel utgangspunktet ja.... ;) Blir nok ikkje eit problem i realiteten.

 

Fikk montert eit par ekstra 1000 metringer i helga, lyser biltema lang veg(hoho) men til 199 pr stk får det bare holde til eg gidd bruke penger på noko ordentleg. God erfaring med andre lykter derfrå så fungerer nok heilt fint.

 

Ikkje kobla opp enda, tenkte eg skulle finne original ekstralysbrytar men kan vel like gjerne bruke kva original brytar som helst til dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jepp det er vel utgangspunktet ja.... ;) Blir nok ikkje eit problem i realiteten.

 

Fikk montert eit par ekstra 1000 metringer i helga, lyser biltema lang veg(hoho) men til 199 pr stk får det bare holde til eg gidd bruke penger på noko ordentleg. God erfaring med andre lykter derfrå så fungerer nok heilt fint.

 

Ikkje kobla opp enda, tenkte eg skulle finne original ekstralysbrytar men kan vel like gjerne bruke kva original brytar som helst til dette?

 

 

Er det disse? http://www.biltema.no/no/Bil---MC/Bil-tilbehor/Belysning/Ekstralys/Fjernlys-9-halogen-42321/

Her kan du sette inn 55W xenon med ballasten inni.

 

Spørs om du er kresen? om den ikke skal synes, så er det vel et f.. hvilken bryter du bruker :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Følgde med ein liten effektboks av ukjent merke med bilen da eg handla den. Prøvekøyrt, likte den ekstra effekten men ikkje det ekstra forbruket. Sannsynlegvis ikkje den mest sofistikerte boksen så den er plukka av igjen.

 

Dessverre køyrte eg lenge nok med den til at eg savnar dei ekstra hestene så her må det nok gjerast eit eller anna.....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Ja blir nok ein smule hardare på labben og.....

 

Idag fekk eg pakke i posten, diverse filter og småplukk så no blir det fersk motorolje og nytt dieselfilter. I tillegg blei det jaggu med ein Steering guard, røska litt i plastfangaren i vinter så den blir modifisert, bøyla som held den på plass er tatt av rusten i tillegg så da blir den fjerna og litt nytt metall får ta jobben med å passe på styrestaga.....

 

Pene tåkelys dukkar plutseleg opp i salgsforumet....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Trudde tåkelysa var pene men dei hadde nok fått juling ved fleire tilfelle før så 6 av 8 fester var... ja, borte... Ergo gjekk dei på dynga saman med nedre del av fangaren og støttestaget.

 

20140427_201614_zpsu1pldsos.jpg

 

Eg fulgte oppskrift frå nettet ang. Trimming av støtfangaren og det fungerte fint, kunne kanskje lagt kuttet litt lenger ned på sidene men jamnt over fornøgd med resultatet. Tenker eg kjøper meg litt tynnplate og lagar noko som beskytter spyleveskebeholdaren litt...

20140427_201558_zpsnbxe1gag.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Lenge sidan det har skjedd store ting her, bilen går som ei klokke.

 

No er EU kontroll like rundt hjørnet så da må eg ta tak i ein del greier som har blitt utsatt....

 

Nytt nav venstre foran må på plass, litt slakke der. Håpar det og gjer at eg blir kvitt tres amigos som dukkar opp med jamne mellomrom. Heiv med ein ny shuttle valve switch for sikkerheitskyld, mistenker eigentleg den...

 

Helsa på autovernet i vinter så må lappe litt på støtfangaren og....

 

Bestilte delar igår, idag oppdaga eg sjølvsagt at FPR dryp diesel så da håpar eg dei kan slenge den med i same bestillinga....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...