Gå til innhold

Diesellekkasje D2 - lekkasjepunkt?


nyskje

Anbefalte innlegg

Har nede tanken på bilen min pga diesellekkasje. Har hatt dette nokre mnd, og det har vore slik at bilen har markert litt revir når han har stått i ro, i tillegg til at bakre bakdøra er prikkete av dieselutslett. Har tenkt at dette må jo vere røra frå pumpa til filterhuset, og har nye liggande for montering. Men eg kan ikkje sjå at dei har gnagd nokon stad, i tillegg låg der tjukk guffe med diesel oppå tanken og særleg rundt pumpa. Når eg snur tanken på sida, piplar det ut rundt ringen som held pumpa på plass.

 

Røra vert skifta uansett, så om der er lekkasje eller ikkje er greit nok.

 

Men er pakninga til pumpa ei svakheit? Ser ut til å vere vanskeleg å få pressa pumpa saman og få ringen ("mutteren") på plass. Er det andre lekkasjepunkt eg bør eliminere når eg først har greiene ute?

 

Takknemmeleg for svar :)

 

For øvrig var ramma kjeks...nabo med sveiseapparat kjem til unnsetning og kanskje kan bilen reddast frå skrapen... -_-

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skiftar alle desse fire røra til/frå pumpa uansett. Har sett nokre trådar andre plassar med beskrivelse av problem ,men ikkje alle har løysinga. Får legge pakninga til pumpa på plass skikkeleg, så er sjansen mindre for at der skal bli lekkasje. Påfyllingsrør og lufterør (?) har også vore nemnt. Når eg tenker meg om såg slangeklemma til lufterøret (?) (den mellomste slangen som kjem inn på toppen av tanken frå påfyllingsluka) rusta ut. Kanskje der kan oppstå problem også.

 

For øvrig har eg ikkje fått av det eine røret som går framover (eller kjem frå motoren og går bakover ^_^ ). Verkar som koblinga ligg trykt heilt inn mot karosserifestet. Nokon triks her, eller blir det gladvold?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...