Gå til innhold

Stereo forsterkar


Anbefalte innlegg

Er imponert over kunnskapsnivået her på forumet, som relativ fersk DiscoII-eigar legg eg difor fram fylgjande problem:

 

I min 2002 DiscoII, kjøpt i romjula etter at min betre halvdel havarerte ein Hiroshimaknallert på glatta (takk, ho har det berre bra..), er originalspelaren i dashbordet bytt ut med ein Sony-eitelleranna. Visuelt forringande, men elles ok. Trur eg. Problemet er at mellomtone og diskant framme på venstre sida, samt sub-ane i bakdøra teier stilt same kva eg skrur på. Førre eigar påpeikte sprengde element. Trudde han.

 

Etter å ha plukka ut elementa (alle Philips) og testa dei er eg sikker, dei er ok, neste pasient på lista er forsterkaren. Kva denne heiter er eg usikker på, men meinar det er nummer XQK000010. Mistenkjer tre av kanalane for å ha teke seg ein tur ut. Heilt ut. Skal ta meg ein tur til ein kompis i kveld og kopla til eit skop for å sjå kva som finst på utgongane.

 

Viss det er som eg trur, kjøper eg brukt forsterkar, finst mange rundt omkring. Og så kjem spørsmålet: Kan Harmann Kardon sin XQK100210 brukast direkte i staden for XQK000010 (plug and play, bokstaveleg tala)? Og har det noko føre seg, kan det påreknast noko betring i lyd?? Er Harmann Kardon sin forsterkar begrensa oppover til 2000 modell?? Ser på innsida av dørpanela mine at anlegget er rekna for å vera "Premium", er det originalanlegg frå 2002 som er meir "Premium"??

 

Er ikkje ute etter best men ok lyd, meinar originale anlegg skal låta greit nok (har ein kompis med litt eldre DiscoII/Harmann Kardon og det lèt heilt ok....).

 

Det er vel med meg som med mange andre, trur eg, einaste sjansen vi karane har til å skrue opp lyden utan at betre halvdelar og slike skal hiva seg over Mute-knappen, er i bilen på veg til og frå eit eller anna................:-) ............

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...