Gå til innhold

min fyste D3 !


jschille

Anbefalte innlegg

Bilen passere straks 190 000 km.  Fekk seg ein service igjen før avgang sommarferie som vart ca 3300 km t/r Salten & Helgeland.  Så, kjære medforumistar - er det verdt å nevne at desse 3300 km med fullasta bil vart levert av bilen uten så lite som eit (elektronisk eller anna ) kremt av noko slag ?  Er det sjølvsagt å forvente dette av ein 11 år gamal Disco 3 som stort sett berre blir veldikeholdt av amatøreigaren sin ?  Eg syns jo det sjølv - mange har skrekkhistorier og dei må ein jo balansere med litt solskinn også :)  For det ein greitt vedlikeholdt D3 blir solgt for i dag, er det vanskeleg å finne meir plass/framkommelegheit/komfort&kjøreglede i ein og samme bil. Kilometeretande multitalent rett og slett!

Men, ein hadde jo ikkje vore røynd LR eigar viss ein ikkje alltid har eit halvt øre til nye lydar i bilen. På veg sørover E6 kom det brått ein ny durelyd - den kom og gjekk, og eg vart sittande i minst 10 minutt å høyre på den  og vart ikkje klok på kva det kunne vere. Kontostanden vart sjekka mentalt fleire gonger - heilt til eg snur meg og skjønnet at mi kjære forkjølte sovande kone i baksetet er opphav til duringa :lol: :wub:   Og så banker eg 3x på treverk sidan eg offentleg har skrytt av driftsikkerheten til D3en min :lol:

 

Anna betraktning - i 2011 kjørte eg første gong til Nordland med denne bilen - den gong med heilt original bil på snille gatedekk - snittforbruk ca 0,87 /mil . Med GG AT dekk og G4 takgrind to år seinare steig det til ca 0,95. No, med enno grovare goodyear duratrac, takgrind med markise, to syklar og sykkelvogn på taket snitt 1,07/mil. Dette iflg kjørekomputer som nok lyg ca 5-7% .  Snittfart ca lik på alle desse turane.  Blir snillare dekk neste gong, det er sikkert.  Men kor mykje betyr "wear and tear" på motor og drivverk på dette ? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Land Rover skruing kan vere lystbetont, og det er definitivt kjekt å gjer det ilag med andre.  Faah og undertegnede avtalte eit lite garasjetreff - begge hadde 4 nye belger/støtdemper liggande og begge har ein D3 som trengte dette no. To hoder er kjappare enn eit, og etter ei god økt hadde vi begge nye belger rundt baut.  Nokre tips til andre som skal gjere det samme:

 

- ta ned reservehjulet for mykje bedre tilgang til indre muttre på topp av belgane. Dei er skrudd fast i toppen med 3 muttre, og vanskeleg tilgjengeleg frå utsida. 

- lang 15 mm skrallenøkkel, gjerne med fleksibelt hode er gull 

- nedre bolt og mutter som held støtdemper/belg i bærearm kan sitte godt - men lang latmannsarm eller stor muttertrekker fikser det. Bolt er 22 mm, mutter 24 mm. 

- etter å ha løyst 3 øvre muttre og tatt ut nedre bolt kan ein sleppe heile belg/demper litt ned og løsne konnektoren som luftledninga står i i belgen. Då komme du til frå hjulbuen. 12 mm. Tar du det forsiktig kan du slik sleppe ut lufta frå belgen. Du slepp då å bruke diagnose, og tømmer heller ikkje lufttanken for luft = raskare fylling av systemet når du starter etterpå igjen. 

- når belgen er ute kan du fjerne nederste del av konnektoren med kniv/ skrujern ( biten lengst til høgre her: ) IMG_0180%20(1).JPG

Du kan då etterpå dra av biten med gjenger, og slangen er like lang. Denne kan du då stikke inn i den nye konnektoren. Trykk den så langt inn at kragen på slangen - som vi ser heilt til venstre i bildet) er  eit par mm over konnektoren.  Bak er det ok plass til å stikke inn slangen når ny belg er skrudd fast. Framme er det enklare å sette inn slangen før belgen trykkast heilt opp og skrus fast. Framme fekk vi ikkej dette til uten å vere to om det. 

- framme er det også trangare for indre mutter - du kan evt bruke ekstra lang 15 mm skrallenøkkel, eller så kan du også med 1/4 eller 3/8  verktøy - 15 mm pipe + ledd + forlenger løsne / skru til denne frå motorrommet. Vanskeleg å få det tight uten å gjere det slik. 

 

Med god tid, inkl tid til å fluidfilme ++ men alt verktøy tilgjengeleg så brukte vi litt over 1 time arbeid pr hjørne. 

 

Samanlikna ny og gamal dempar ved montering - tydeleg forskjell  - svarande til det eg merka ved ein prøvetur etterpå. Men må nok også ta ein ny runde på kyllingbeina. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

eg har bytta alt i hjulopphenget siste åra - og alt bak ifjor. Var ok då - men har merka at den var dårleg/ukomfortabel over tverrgåande asfaltkanter m.m - slo ein del då. Og litt ullen/gyngande over ujevnheter i høgare fart - meir skute og mindre strykejern. Har ein bakke nedover mot jobb som har nok av begge deler - og der har eg merka ein del slag og humping. Ikkje sånn som eg huske det frå tidlegare. Referansen min (upresis frå hukommelsen) er frå når bilen blei prøvekjørt på 50 000.  På prøvetur igår syns eg den blei betydeleg bedre over tverrgåande kantar og store dumpar tok den penare. Hadde kanskje forventa enno større forskjell :-)  Når eg samanlikna ny og gamal demper var den gamle tydeleg mjukare.   Så - eg ville planlagt bytte etterkvart. Godt med alt som er gjort :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Hehe, ein er ikkje ånkli LR eigar uten ein anstendig mengde deler liggande i garasjen som burde ha vore montert for lengst. Fremre nedre bærearmer, dieselfilter og lyktebeskyttera ligg klar, og så skulle eg tatt ein runde skinnpleie og bytta ein oppskrapa felg med ein ny som ligg klar.. jadda! Er nok fleire som kjenner seg igjen :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Byttet også alle 4 belger og dempere på rundt 170 k . Var ikke mye motstand i de gamle kontra nye . Helt annen bil etterpå . 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 12.7.2018 den 18.47, jorgenht skrev:

Hva skjedde med de lovte bildene av påmontert lyktebeskytter? :lol:;)

Sjå her!  litt knot men alt gjekk til slutt.  Med snorkel, grove dekk, A-bar, takgrind og lykte"beskytter" så er vi stort sett på plass :D

20180806_221028.jpg20180812_220311.jpg

23 timer siden, oggioffshore skrev:

Byttet også alle 4 belger og dempere på rundt 170 k . Var ikke mye motstand i de gamle kontra nye . Helt annen bil etterpå . 

 

Heilt ærlig så har eg vore litt skuffa i sommar over kjøreeegenskapane - litt vel mykje skutefølelse. Nedre fremre armar nærmar seg 100´km og bytteintervallet sitt, men ellers trudde eg jo det meste var på stell under.  Tok av framre kyllingbein her om dagen, dei var oppbrukt. Dette skulle vere Meyle Heavy Duty bla bla frå Advanced Factors.  - men har ikkje holdt meir enn 2 år og 40000 km. Satt på original LR denne gongen. Tydeleg forbedring. Bak var mutrane på kyllingbeina rusta heilt fast (for ein kvalitet...) så vi får smøre med rustløysar og tålmodighet. 

Kort fortalt - D3en fortjene at understell er på stell. Ellers blir det fort skutefølelse.. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

25 minutter siden, jorgenht skrev:

Penere på lys bil! Så bra ut! @jschille

PS: Hva med stige? ;)

takker :) 
 

Stigen er der - det var vel første tilbehøret som blei montert av meg i i 2011 eller 2012.  Som noken sa - av heile tilbehørsprogrammet Land Rover hadde til D3 var det stort sett stigen som hadde praktisk nytte :lol:    Syns sjølv takgrinda også høyrer med på den lista då! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Syns det også er greitt å gi liten oppdatering på bekymringsnivået når ein kjøre D3 - mange les jo masse om alle problembilene, så eg får legge hovudet på blokka. Den takla årets ferieturer med glans - dro vel på seg nye 6000 km ialt trur eg.  T/r vestlandet - danmark og  t/r vestlandet - Lofoten&Vesterålen. Ingen pling, plong eller ding. Trur, bank i bordet , eg ikkje har hatt feilmeldinger av noko slag på 2,5 år.   Og det på ein bil som ein glad amatør vedlikeholde innimellom travel jobb, småunger og alt anna. Fornøyd med det altså, og noko å tenke på for andre?  

 

litt er sjølvsagt på to-do lista, men det er overkommelig -  I garasjen ligg fire nye ryggesensorer, eit dieselfilter og 2 nye nedre framre bærearmar og ventar på ledig tid. Eg må fikse to steinsprut i lakken over frontruta, kaliberere soltaket og sjekke dreneringa på soltaket - eit idiotisk renseforsøk for nokre år sidan førte til at eit trekkefjør ligg igjen inni. Så eg må koble ifrå inni fotbrønnen og få den ut slik at  eg får ut anna rusk også.  Men meir er det ikkje. Bank i bordet. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang utseendet: Nå mangler du vel bare de sorte beskyttelseslistene på dørene? :)

 

Flott bil! Gøy å lese om all problemfriheten!

 

Hilsen en som drømmer om D3/4 igjen....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, @le skrev:

Ang utseendet: Nå mangler du vel bare de sorte beskyttelseslistene på dørene? :)

 

Flott bil! Gøy å lese om all problemfriheten!

 

Hilsen en som drømmer om D3/4 igjen....

Takker :-)

Er ikkje noko stor fan av dei dørlistene sjølv om dei nok hadde spart nokre parkeringsplassriper, men det gjer jo rocksliders også...

 

Ein godt holdt D3 er blitt frykteleg mykje bil for pengane samanlikna med andre SUV i samme årsmodell, halv pris, meir plass og meir komfort er det vel lov å sei. Hopp i det @le !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forsåvidt enig, men av og til passer de bra sammen med annet utstyr. Var bare en sammenlikning med de første bildene du la ut i tråden her :)

 

"En godt holdt D3" - ja. Hvordan vet man om den er godt holdt? Akkurat det som er problemet :) 

 

Snuser litt på en D4 som er til salgs i Harstad nå, men det er jo fryktelig langt vekk. Ikke at det er langt å kjøre i en D4, men det er en lang tur for en titt...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, @le skrev:

Forsåvidt enig, men av og til passer de bra sammen med annet utstyr. Var bare en sammenlikning med de første bildene du la ut i tråden her :)

 

"En godt holdt D3" - ja. Hvordan vet man om den er godt holdt? Akkurat det som er problemet :) 

 

Snuser litt på en D4 som er til salgs i Harstad nå, men det er jo fryktelig langt vekk. Ikke at det er langt å kjøre i en D4, men det er en lang tur for en titt...

Da sender du en PM til Roar Moslet. Han nærmest bor i Harstad for tiden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, @le skrev:

"En godt holdt D3" - ja. Hvordan vet man om den er godt holdt? Akkurat det som er problemet :) 

 

Det er eit godt spørsmål  :)  Noko av det fascinerande med mitt D3 eigarskap er at 4 i omgangskretsen har kjøpt D3 eller D4 det samme etter å ha prøvd min. Sist ein god kompis som fekk eit tilbud på ein 2006 ein-eigars SE med lav km til godt under 100´ kr  . Han såg,han kjørte og han kjøpte :P  Diskuterte mykje då om kva som er ein god D3, og dette er mine betraktninger - alle vil nok ikkje vere heilt enige, men dette er jo prosjekttråden min. Generelle råd kring bruktbil og meir spesifikt om halvgamle LR (gunstig når ein skrur sjølv, kjøp diagnoseapparat) lar vi ligge. 

 

- TDV6en har potensiale for at veivlagre kan begynne å snurre med. Til forskjell frå f.eks enkelte VAG motorer står motoren ikkje med oljetrykk. Ein bil som står lengre perioder om gongen vil då oftare ha oppstart der nesten all oljefilm er vekke. Mykje småkjøring med start/stopp på kald motor er verre enn meir langkjørte bilar. Kva er bruksmønster?  Kva har oljeskiftintervallet vore? Min har aldri gått lengre enn 10 000 km på olja - før min tid fekk den årleg service hos forhandler og då var kjørelengda slik at skiftintervallet blei 10 000km. Det trur eg er ein stor fordel.  

- D3 et understelldeler.  Styr unna biler der ting ikkje er blitt bytta i par eller rund baut. Kva er poenget med å bytte 1 hjullager? Kva trur du då det ellers er spart på ?  Min lille erfaring er at bærearmer held 100-150´km, stabstag, spissingstag og  endeledd ca 50´km.  Calippere kan henge etter 10-12 år.  Fjører og støtdempere held maks 200´km. Orig lufttank uten rustbeskyttelse er kjeks ette 10-12 år på salta veger.  

- automatkassa er som alle veit no ikkje fylt med longlife olje. Korleis er konverteren, er det gjort flush av kassa? 

- oljepumpa er mykje omtalt. Eg meiner fortsatt det er langt fleire 07-08 modeller med EURO4 motor der denne havarere samanlikna med eldre EURO3 motorar. Nokre antyder tidsmessig relasjon til regreimbytte . Eg kjøper teorien om at overtighting av ein eller fleire bolter på pumpehuset kan gi spenn som framskynder eit havari. Har den som bytta regreim fulgt angitte moment slavisk ?  Sjølvsagt billeg å bytte oljepumpa førebyggande, men dei fleste har jo IKKJE havari. 

- crossover pipe synast å ryke oftare på biler der nokon har hatt nede girkassa uten karroseriløft - då blir det for trangt til å sette på alle festene til røret og det vibrerer i stykker. Greitt å spør om girkasse har vore ute. 

 

- er dynamo bytta ? bytta batteri samtidig ? 

 

Følger også med på Land Cruiser forumet - det er pinadø ikkje berre D3 som kan ha sine feil.  Eg trur at viss ein går over punktene over og bilen ellers er grei så har ein gjort det ein kan. Så er spørsmålet sjølvsagt om ein skal ha bil i 5 mnd eller 10 år - prioriteringane blir jo ulike.  

 

D3 vs D4 syns eg er vanskeleg. Dei billegaste D4 går ned mot 200 000 kr no. Heldigvis er bakseter på nyare D4 såpass dyrt at det ikkje gjer økonomisk meining for oss å bytte ein grei D3 i ein 3-4 år gamal D4. Sjølv om tanken er tenkt mange gonger.  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veldig bra sammendrag Jan!

 

Hvis man ser på Finn så ser man jo hvilken bil jeg mener, men en 2011-modell (reg før dagens dato) koster ca 85 000,- å omregistrere til 5/7-seter. Da havner bilene på alt mellom 330 og 500. Noen har ikke sett på priser på finn før de legger ut tror jeg... 

De D3 som ligger ute til rundt 150 SER ofte litt tvilsomme ut, og da blir jeg skeptisk. 

 

Om noen skal selge sin D3, som er holdt i henhold til anvisningene i innlegget over, så si ifra :)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Montert ein liten oppgradering frå britishamericanconcepts.com  . Den er omtalt her på forumet før, men har ikkje sett at noken har montert? 

 

Dingsen erstatter sigarettenner og aux in inngangen (den med kritisk  lavt lydnivå) akter på midtkonsollen med to USB strømuttak, aux in inngang med innebygd forsterker og blåtann tilkobling til dette. I tillegg er det inngang for ekstern mikrofon for handsfree. Jobben er gjort på sekunder, alt er plug&play ! 

 

For oss som hater lause kabler og liker at ting ser originalt ut er dette ein nydeleg oppgradering av popanlegget. For min del sleppe eg no også unna ein DAB adapter når nettradio går i god kvalitet frå telefon til anlegg. Deilig! Prisen er 159 USD. Fekk min 1 veke etter bestilling, og dei svarte kjapt på spm på Facebook.

 

IMG_20190206_215921.jpg

IMG_20190206_220015.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvordan ble lyd opplevelsen med tanke på aux og tidligere lavt nivå /følsomhet? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Liker produktet, men hvorfor i all verden har de pluggene for mic (og aux) ut mot baksetet. Vår erfaring er at alt som blir plugget inn der blir knekt eller sparket i stykker av passasjerene.. 

Hadde kjøpt den om tilkoblingene hadde vært på baksiden. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 15.2.2019 den 18.07, oggioffshore skrev:

Hvordan ble lyd opplevelsen med tanke på aux og tidligere lavt nivå /følsomhet? 

har faktisk ikkje prøvd aux inn med kabel, berre via blåtann. Det var hovedgrunnen min til å kjøpe dette - blåtanntilkobling til original stereo som ikkje krevde lause kabler til strøm og dårleg kontakt i aux inngangen. Med telefonen på fullt volum så må eg ha 17-18 i lydnivå på stereoen for å syns at det er OK nivå (litt høgare enn eg ville satt ein CD på ) - men tidlegare med kabel rett i aux inn måtte eg godt opp på 20talet på volum. Så det er ein signalforsterkning der som kanskje kunne vore enno betre, men uansett betraktleg bedre enn det var, uten tvil! 

10 timer siden, YMK skrev:

Liker produktet, men hvorfor i all verden har de pluggene for mic (og aux) ut mot baksetet. Vår erfaring er at alt som blir plugget inn der blir knekt eller sparket i stykker av passasjerene.. 

Hadde kjøpt den om tilkoblingene hadde vært på baksiden. 

 

 

poenget er vel mest å få ein kabellaus blåtann inngang til anlegget ? Handsfree med ekstern ,ic blir mykje bedre enn den originale løysinga - men som du er inne på, kor lenge leve den pluggen? Mic-ledninga er også litt for kort til å feste øverst i A-stolpen og ligge pent heile vegen bak. Snakka med leverandøren, dei hadde meint at mikrofon blei monter lavere enn det eg har gjort. 

Hadde før ein sånn 5 dollars Blåtann-som-pluggast-inn-i-aux-inngangen sak som gav to problem - ekstra kabel til strøm ( liker ikkje masse kabler som flyt)  og lav lydstyrke og skurring pga lav kvalitet på ledning og aux plugg. Med god kvalitet på aux ledning mellom telefon og bil forsvann skurret, men behov for signalforsterkning var der fortsatt. Har ikkje funne anna løysing som gir enkel og god lyd frå mobil til bil enn denne.  Og syns Harman Kardon logic 7 spele bra tross sine no 13 år!  Bedre enn mange nyare volumbilar med s.k påkosta originalanlegg. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
På 16.2.2019 den 21.44, jschille skrev:

har faktisk ikkje prøvd aux inn med kabel, berre via blåtann. Det var hovedgrunnen min til å kjøpe dette - blåtanntilkobling til original stereo som ikkje krevde lause kabler til strøm og dårleg kontakt i aux inngangen. Med telefonen på fullt volum så må eg ha 17-18 i lydnivå på stereoen for å syns at det er OK nivå (litt høgare enn eg ville satt ein CD på ) - men tidlegare med kabel rett i aux inn måtte eg godt opp på 20talet på volum. Så det er ein signalforsterkning der som kanskje kunne vore enno betre, men uansett betraktleg bedre enn det var, uten tvil! 

poenget er vel mest å få ein kabellaus blåtann inngang til anlegget ? Handsfree med ekstern ,ic blir mykje bedre enn den originale løysinga - men som du er inne på, kor lenge leve den pluggen? Mic-ledninga er også litt for kort til å feste øverst i A-stolpen og ligge pent heile vegen bak. Snakka med leverandøren, dei hadde meint at mikrofon blei monter lavere enn det eg har gjort. 

Hadde før ein sånn 5 dollars Blåtann-som-pluggast-inn-i-aux-inngangen sak som gav to problem - ekstra kabel til strøm ( liker ikkje masse kabler som flyt)  og lav lydstyrke og skurring pga lav kvalitet på ledning og aux plugg. Med god kvalitet på aux ledning mellom telefon og bil forsvann skurret, men behov for signalforsterkning var der fortsatt. Har ikkje funne anna løysing som gir enkel og god lyd frå mobil til bil enn denne.  Og syns Harman Kardon logic 7 spele bra tross sine no 13 år!  Bedre enn mange nyare volumbilar med s.k påkosta originalanlegg. 

 

Hei, tenkte å bestille denne men fant ingen info på fraktkostnader. De svarte heller ikke på mail (2 stk...) om dette så ble litt usikker. Kan jeg spørre om hva totalen ble?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...