Gå til innhold

min fyste D3 !


jschille

Anbefalte innlegg

  • 1 måned senere...

Sally har vore på EU kontroll - litt knask vart det.

 

Verkstaden bytta indre og ytre endeledd på kjøpsgarantien for 3 år sidan - 60´km seinare er dei utslitt igjen ? Er stadig på orig bærearmar, stabstagforingar vart bytta ifjor, så så hardt kjøre eg ikkje... Andre som har bytte endeledd så kjapt?

 

Fekk uansett bytta ut gummilistene under vindua som bobla, og ny indre dørpakning kom også på idag. Bestillt på brit-car.co.uk ,kjapt og greitt levert. Byttinga var enkel og grei.

 

Av andre nye ting som kanskje har interesse for andre - eg har forsøkt Polytrol plastfornyar (frå Owatrol - Jernia har den, eg kjøpte på bilnerden.no) på alle dei svarte plastflatene. Og dei er det jo litt av på 06 modell. Fungere svært bra, bedre enn alle andre plastfornyarar eg har prøvd. Svært drøy i bruk, så billeg og bra. Det like vi :)

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Polytrol er stadig å anbefale. Held på med husbygging, det gir høve til både det eine og det andre - som transport av materialer eller minigraver - D3 klare dette med glans! Luftfjæring er heilt genialt når nasehjulet ikkje løfter/senker nok - fleire som måpte :)

Har fjerna toppen av G4 takgrinda for å lett kunne laste material eller kajakk, dette har også fjerna mest all vindstøy frå grinda. Endringa er 100% reverserbar, men eg er svært happy med korleis takgrinda ser ut og fungerar no!

 

med_gallery_2180_421_1864548.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Tenkte ei stund eg skulle legge ut ein liten oppdatering etter 100 000 km i mitt eige - den rundar i desse dagar 152500 km, og då har eg dratt på den rimeleg nøayktig 25´km i året. Første driftstans kom sjølvsagt i helga.

 

Symptom: lørdag morgon: vrir rundt nøkkel, får ikkje start, dash lyser opp - park brake fault, HDC fault, transmission fault. Finn fram IID toolet, masse feilmeldingar, og dei forsvinn ikkje. Har dårleg tid, så sett bilen på lading og tek konebilen på bytur. Litt nedtur.. Ingen forskjell etter lading, får gått gjennom feilkodane - den som ikkje lar seg ta vekk er transmission module - no communication (eller noko sånt) . Merkeleg nok står det "E" i displayet i dashen som viser kva gir, og eg får ikkje flytta girspaken, den står i P. LIkevel står ryggelysa på. Snodig..

 

leitar i hukommelsen - kan det vere den berykta ECUen til transferkassa ? Den bak batteriet? Ikkje har eg drive motorvask med høgtrykk, så det passe liksom ikkje. EI heller feilmedling på transfer module.

 

Googler Disco3.co.uk - finne denne lenka. Viss det er ein så enkel fiks - koble frå kabel og så starte hadde det jo vore fint !

 

Sjekker sikringar - joda, sikringa til automatgiret er brent. Sett i ny, vrir om nøkkelen - og der kjem lukta av kortslutning snikande. Hadde eg ikkje kjend den då eg parkerte på fredag ? DÅ kan det jo faktisk vere denne motstanden som er problemet.

 

Jekker opp bilen, tar ned deksel under girkassa, og lukta vert sterkare. Motstand står på høgre sida av kassa (i fartsretning) rett bak overføringa for girvelgaren. Og den lukte svidd og er våt.

Og, eureka - etter å ha kobla ifrå denne motstanden er alt i sin skjønnaste orden. Fantastisk korleis ein dings til 140kr knele ein slik bil. Eg veit ikkje kva tid den ha drukna, ein middel vannpytt langs vegen dagen før kan vel ikkje vere nok ? Ny vert bestilt, men er altså ikkje kritisk.

 

søkeord for andre seinare: Transmission control module; transfer case module; 10A sikring ryker automatkasse,

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hvilken funksjon har den motstanden. ?

 

Bra tråd, fant den i dag...... :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...

Forsøk på liten oppsummering av P1935 Brake switch circuit fault feilmelding - og kva den betydde hos meg.

 

Bakgrunn: kona har brukt bilen heile hausten, og fortalt om tendens til feilmedlingar, gule lys og nedsenking av bilen, dei forsvann som regel, men ikkje alltid med stopp og start av bilen. Hadde tilfeller av det samme når eg brukte bilen sporadisk, men med garasjebygging, baby i hus og generellt travle tider tenkte eg ikkje meir på det sålenge dei forsvant. Ikkje fant eg noko system i kva tid feilen kom, og feilkodar sjekka eg ikkje.

 

I januar sto bilen ubrukt pga reise. Då vi kom heim igjen forsvant ikkje feilkodane slik dei pleier. HDC fault, transmission fault, suspension lowered - neppe heilt ukjent for Disco3 folket. Kjørte med IID lesaren og noterte tendens til vedvarande høg ladespenning - kom aldri under 15V. Då eg leste av feilkoder låg det inne ein del U-feil ( kommunikasjonsfeil ein i utgangspunktet kan rekne som følgefeil og ikkje årsak - men P1935 låg inne på Motor og tilsvarande B1C14 kode Vehicle dynamics (trur). Mistenkte dynamoen for å holde på å knele og lage forstyrring i signala, men google meir enn antyde at feilen kan ligge i bremselysbrytaren. Så bestilte ny.

 

1. Bytta bremselysbryter - ingen endring i feilkilder. Multimeter viser ladespenning på 16,7 volt - Oi !

 

2. Bytta dynamo (hurra for førebyggande vedlikehold - ein fortsatt brukande dynamo låg på hylla :-) ) - stadig samme ladespenning - what ? og IID viser 1,7 V lavare ??

 

2.1 Bytta batteri i multimeteret - det var lurt - ladespenning passer no til det IID toolet viser, og ligg på ca 15,0V ved start, og det er lov på vinteren.

 

3. Bytte batteri i bilen - er det gamle kanskje blitt kokt ? Det holder noko dårleg på spenninga. Ny batteri - stadig samme feil.

 

Ringer nabo og forumbruker Faah - som kjem med ny bremselysbryter og nye baklys - kan feilen ligge i uorignale pærer bak (ikkje ukjend) eller i den nye brytaren min

 

4. Ingen endring med enno ein ny bryter og andre baklys.

 

Observere likevel noko veldig merkeleg - som viser seg å styre oss i rett retning. Med bremsepedal inntrykt --> tenning på --> sletting av feil --> start så er feil borte - heilt til eg slepp opp bremsepedalen, då lyser det opp som eit juletre og loggen med feilmeldingar er tilbake.

 

5. plukker ifrå kvarandre den gamle bremselysbrytaren, finn ut korleis den fungerer, og måler meg fram til at den nye brytaren er iorden. Er det kabelbrot ein plass? Google finn ein kar som beskriv identisk feil - men ingen har svar til han.

 

Kikker i Haynes sine koblingskjema, forstår at feilen må i kretsen som brukar sikring 66 i boksen bak hanskerommet. Denne har ein raud kabel frå bremselysbrytaren. Klarar ikkje følge den raude kabelen frå førarsida til sikringsboksen, så løyser ut sikringsboksen ( ein vanvittig knot) og måler meg omsider fram til kva kabel det må vere. Finn ut at det det burde vere signal er det ikkje signal. Voila!

 

6. kliipper raud kabel inntil bremselysbrytar og inntil inngående plug på sikringsboksen, skjøter inn ny kabel og får vekk feilmeldinga!! Men finn ein ny- 5 ECU melder om lost communication with steering angle sensor.

 

Litt frustert! Den kan vere noko skjør - men eg har jo ikkje rørt den. Haynes viser at rattsensoren deler sikring med nettopp bremselysbrytaren - men strømforsyninga til sensoren er ikkje avbilda.

 

7- skrur ut igjen sikringsboksen - sikring 66 har kun kontakt med pinnen som eg har klippa og skjøtt ny kabel ifrå. Bremselysbrytar og ratt vinkel sensor deler altså åpenberrt den same raude kabelen. Og sjølv om eg ikkje finn signal mellom den lause enden ved sikringsboksen og rattsensoren - så vert alt iorden når eg skjøter denne inn ilag med den nyre erstatningskabelen.

 

 

 

Kort fortalt - enkelt kabelbrot i fotbrønnen på førarsida gav masse feil som vanligvis fører til refleksmessig bytting av deler. Eg slapp unna med nytt batteri og bremselysbrytar - men reellt hadde dette berrre kost 2 m kabel, 3 skjøtehylser og såre hender etter jobbing med sikringsboksen. Håper oppsummeringa kan hjelpe nokon seinare - kabelbrot bli r neppe sjeldnare etterkvart som desse bilane vert eldre. Diagnoseutstyr og koblingskjema syns eg er eit must for å styre på med dette sjølv som amatør.

 

Skjøten på sikringsboksida - raud kabel midt på heilt til venstre på pluggen er den som går til bremselysbrytar og rattvinkelsensor:

WP_20160229_21_38_45_Pro.jpg

Lykke!

WP_20160229_21_29_59_Pro.jpg

 

Endret av jschille
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Sally fekk ein runde med skinnpleie i kveld. Må få skryte nok ein gong av produkta til Liquidleather.com . Ifjor iforbindelse med innsetting av bakseter kjøpte eg sett med skinnrens, skinnpleie og liten boks med farge for å fylle i tørrsprekkane. Tørrsprekkane lot seg lett farge, og det har holdt heilt nydeleg. Skinnrensen er veldig god å jobbe med, har i tur og orden brukt den på dei tre bilane i heimen med skinnseter, og det lønne seg. Og skinnpleien er ein fryd også - og lukter deilig i lang tid etterpå :-) Har tidl prøvd Meguairs, Turtlewax og Biltema sine produkt, dette opplevast som vesentleg bedre. Og skinnsetene i D3 treng det - jaggu simpel skinnkvalitet samanlikna med dei gamle Range Rover setane...

 

Mindre kjekt er det med underkjend EU kontroll. Feil på øvre bakre bærearmer, og på bærekuler på nedre fremre armer. Dei sistnevnte var ny for 2 år og 40´km sidan - surt! Kjøpt hos Advanced Factors (komplette armer) - dei vil prompte sende nye bærekuler då dei har hatt ein batch armer med dårlege kuler - men kostnaden med bytte av kuler og ny hjulstilling får eg jo uansett. Før EU-kontrollen fekk bilen nye fremre øvre armar og nedre bakre, og alt av stabstag foringer og lenkeramer, og nye endeledd.

 

Så nå m.a.o resten bytta også, inkl sporingstaget bak. Blir jo ny bil under :-) Og nødvendig etter 163 000 km. Noko å tenke på for dåke som ser på brukt D3 - må alt takast (slik eg i praksis gjer no) så blir det dyrt viss du ikkje vil gjere det sjølv. Nye bremserør bakover må det visst også bli. Nokon som har satt vekk den jobben ? Pris ?

 

LIker bilder i tråder, så må med eit her også. Fant ein liten veg heilt lokalt i påska :-)

 

WP_20160319_16_31_31_Pro-kopi.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her gikk det på 30' for spissingsstag, endeledd, øvre og nedre bak, bærekule foran (defekt mansjett på nesten ny kule) nå. Har tatt en del selv før, inkl reg. reim og arb-fôringer, men dette ble for mye. Fant ut at det koster fort mye mer å bytte til nyere, mindre og kjipere bil, så er fortsatt fornøyd med Discoen på 220.000 km. Den gynger litt og er fortsatt litt upresis på styring, så med nesten alt annet nytt tror jeg det må bli nye dempere snart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gier K.H. : min er 2006 og rvar egistrert med slagvolum og ikkje CO2 i autosys - så på 9års dagen i fjor sommar blei det ca 17500 kr i avgifter. ( med Co2 som grunnlag ville det blitt 22-24tusen trur eg). Henvend deg til tollvesenet så får du ein bindande utregning. Eg fekk det bekrefta nokre mnd før ombygging. Sjølve jobben med å ta ut veggen og sette inn seter tok 1 time eller 2 og den gjorde eg sjølv. Andre har sett det vekk for nokre tusen...


Truls Vikin - takk for prisinfo. Det lokale ex-LR verkstedet ser ut til å godta medbrakte deler no - deira eigen leverandør er rimeleg treig. Så med engelske delepriser og norsk arbeid går det kanskje :o

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ah.. Så ikke på datoen på innlegget jeg. :)

Det har vært avgiftsøkning etter 1.1.2016, og det er skatteetaten som har overtatt, og de har ikke peiling!!

Sist jeg ringte fikk jeg beskjed om at jeg like gjerne kunne regne ut på kalkulatoren på nettet selv!?!

Hva er det for ett svar?

 

Dette er dog ett par måneder siden da. Mulig de vet/kan mer nå. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

når eg legge inn hos i kalkulatoren hos skatteetaten koste ein 9 år gamal D3 med 275g CO2 , 2495 egenvekt og 190 hk kr 27 727 å bygge om. Det er nok der du havne Geir K.H. Men enig, dei burde jo kunne regne dette ut for deg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Takk for det donp ?

 

Bilen vart Eu godkjent etter litt jobb, og no er bilen også blitt 10år. Det blei feira med flagg sjølvsagt ! Vask og polering vart det også.

Rett etterpå bar det på langtur - til Lofoten og Vesterålen. Sjølv etter 5år imponere den stadig som turbil. Gode seter f.eks - 7,5t utan beinstrekk merkast knappt!

wp_ss_20160703_0001.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

WP_20160714_21_23_29_Pro.jpg

Pakking for retur. Kurant feriebil.

Stor barnevogn, sportsvogn, 2 store trillekofferter, 2 store trillebager, 2 store bager, 2 sekker, bæremeis og nyinnkjøpt vinballong av glass + ukulele. Alt går gjekk inn i bagasjerommet. Eller dæven han steike som nokon her kunne sagt. Fornøyd :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det RolfM - var det ikkje du som kjøpte golvmatter av meg ? Og henta dei med strøken svart D3 ?

Ja da stemmer jo det , var meg som var etter matter ja ??

At den er strøken tar jeg som et komplemang, men er vel ikke så aller værst for å være en 9 åring ?

Som sagt bra post, og alltid kjekt å få et ansikt på en annen på forumet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Kjøpte bilen som det går fram som av tråden varebil. Seter følgte med, men det gjorde ikkje dei platene / dørkene som skal ligge i bagasjerommet - det gjeld for oss med orig 5 seter - i 7 seteren er det sjølve setet som vert botn. Det er høveleg godt med plass her, og den kan lett utnyttast med litt fintenking. Sidan det ikkje frista å bestille plater og festebeslag til ca 4000 kr , så ville eg heller prøve å lage noko billegare, bedre og meir eigna sjølv. Viktig å ha ambisjonar :D

 

Så det vart eit helgeprosjekt. Har brukt ei plate med 10 mm kryssfiner, nokre terrassebord (dei passa utruleg godt), ein bit 2x8" og hengsler frå biltema. Rammeverket er festa x 4 - 2 i karrosseriet ( i det som er beltefesta for 3.rad og med to M8 bolter i eit framre beslag som eigentleg skal ha ein plastinnsats for låsing av 3. rad. Syns det er viktig at konstruksjonen ligg i ro itilfelle velt eller anna ulykke. Har laga utsnitt til surrekrokane slik at dei er fullt brukande. Valgte å dele området i 4 - asymmetrisk delt slik at ein kjem til reservehjulsheisen i det høgre rommet akter. Lukene frame er hengsla slik at dei er lettast tilgjengeleg frå 2. rad - ved å legge ned f.eks ein av seteryggane. Vidare er alt laga slikt at det vert likt med seteryggane når desse er lagt ned og heile setet er senka i nederste posisjon. Fint å rulle ut soveposen på evt.

 

Har ikkje laga noko feste for lukene - dei henge i hengslane. Oppå ligg den heildekkande gummimatta - får sjå om det er nok for å unngå klaprelydar. Planlegg elles å klippe opp det gamle teppet frå varerommet og lime på lukene.

 

Litt bilder:

WP_20160730_20_34_08_Pro.jpg

WP_20160729_11_41_09_Pro.jpg

WP_20160729_12_33_23_Pro.jpg

WP_20160729_17_04_21_Pro.jpg

WP_20160730_21_26_10_Pro.jpg

WP_20160730_21_27_12_Pro.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...