Gå til innhold

min fyste D3 !


jschille

Anbefalte innlegg

  • 1 måned senere...

Eit lite tips til dei som har IID tool og treng ny nøkkel (kona er diverre kronisk på å miste sånt) - denne nøkkelen frå Aliexpress lot seg programmere, samme selger tilbyr også sliping av nøkkelemne , eg tok eit enkelt bilde med mobilen av nøkkelen på nøytral bakgrunn, og nokre veker seinare kom det i posten. Følgte instruksjonane i manualen til IIDtool og vips så har eg reservenøkkel igjen! 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 hours ago, jschille said:

Eit lite tips til dei som har IID tool og treng ny nøkkel (kona er diverre kronisk på å miste sånt) - denne nøkkelen frå Aliexpress lot seg programmere, samme selger tilbyr også sliping av nøkkelemne , eg tok eit enkelt bilde med mobilen av nøkkelen på nøytral bakgrunn, og nokre veker seinare kom det i posten. Følgte instruksjonane i manualen til IIDtool og vips så har eg reservenøkkel igjen! 

 

 

det er interesant :), selv har bestilt nøkkel gjennom LR merkeforhandel og betalt gjennom NAF nøkkelforsikring med egenandel 500 nok

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjøpt 2 nøkler på eBay, bare bytter over selve bladet. 

Programmert til bilen og fungerer. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja dei finns mange plasser å kjøpe, men googling viser og at spesielt ein del av dei billige ikkje lar seg programmere, derfor tenkte eg at det kunne være nyttig å lenke til noko som iallefall funka. Som itillegg kan slipe opp blad for dei som har mista ein nøkkel og ikkje berre skal bytte ut innmat.

 

NAF nøkkelforsikring e bra, men eg er ikkje medlem, og er vel ikkje greitt å melde seg inn etterpå heller..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Ferietid. Kortreist i år, men det er nok ting som skal pakkast når målet er eit hus frå 1870 med diverse behov, og store og små skal ha med seg diverse leker. Og dette er vel ein av grunnane til at alle salgsplaner/bytteplaner går over når det gjelde D3en - den er så forbaska anvendelig og fikse det ein måtte finne på å kaste på den. :wub:

 

20210712_192517.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Lurte nedi ein kompressor i venstre "batteri"rom i motorrommet, er Britpart sin dobbelstempla som har fungert fint . Trur eg blir å la den være laus og ikkje fast installert no, så få vi sjå om eg jukse til ei innfesting og fast kabling. Kjekt å ha med seg uansett :)

20210814_173256.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg ser denne bilen har/får ein viss anna tilnærming enn det andre får. Nokre kjøpe seg ein bil og har ila nokre mnd modifisert masse, her i gården er det meir sakte modning det går. Som kjellerlagra vin av rett type. Komme år for år nærmere målet.

 

Målet er vel litt uklart (eller dynamisk som eg kunne sagt hadde eg hatt anna utdanning), turbiliog bilferiebil i ein eller anna form er vel det som har vore tydelegast i seinare år.

 

Lang intro, igår fekk den seg iallefall kanalbeskyttelse. Skikkelig funn på finn - brukte frå tyske  Matzker i tjukk alu. Perfekt passform, alle skruene passa rett inn i alle hola. Og glede, kanalane såg veldig bra ut. Dei ruste jo innanifrå, men her var det rimelig greit. Pussa og lakka det sjølvsagt før montering. Blir å fortsette med sauefett.

 

20210925_155835.jpg

20210925_135925.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Ja, kva skal ein sei om dette då ?  :lol:

20220425_102406-2.jpg

 

2017 Tesla X . Neida, eg prøver ikkje å banne i kyrkja her. Og det er heller ikkje noko avslutning på prosjekttråden, D3 skal ingen stader. Teslaen erstatte ein i3 - husholdninga har hatt elbil nokre år, men dette er fyste amerikanske.  God å kjøre, kjapp, godt ladesystem, vi er godt nøgde. Fredag var første tur i D3 etter å ha kjørt Teslaen ganske mange mil på få dagar.  Og vett dåke, å kjøre D3 igjen - det var som å ta på seg favorittskoen igjen:wub: Godkjensla var der med ein gong.  Og den står seg godt mot denne nymotens elektriske familiefrakteren på forbausande mange områder. 

Nuvel, dette er ingen tesla-fanboy eller teslahaterstad. Eg syns det er kjekt å prøve ulike bilar, og det er alltid interessant å sjå kva korleis ulike tilnærmingar fungerer. Mars måned er passert, og i partallsår betyr det EU kontroll på D3en. Denne gongen betydde det nye spissingstag og nye endeledd framme. Og ei ny skiltlyspære. Det er til å leve med. 

So det er igrunn stadig fint å vere D3 eigar altså. Sjølv om ryggesensorar må gjennomgåast, multireimstrammeren har begynnt å lage lyd (uten at det ser ut som den kollapser heilt enno) og ein kveld ga P-bremsfeilmelding - men den har ikkje komme tilbake sidan.   Straks 16 år gamal, km stand er 255 552 km idag excl

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Under bytte av pumpereima på baksida av motor klarte eg å knekke peilepinnen. Sånn har det stått lovlig lenge, men no var det tid for å ta ned bånnpanna og dytte opp restene av peilepinnen. 

 

Gledelig å finne bånnpanna slik- den har ikkje vore nede før :

20220524_110858.jpg

Gulle reint, etter 16 år syns eg det var godt å sjå! Alltid fått oljeskift kvar 10000km, EGR trur eg blei blenda ganske tidleg. 

 

Fekk og ny multireimstrammer då den gamle skrangla litt, og ny olje på framre og bakre diff. Ingenting slagg på magnetane på tappepluggane, kjekt det og :)

Endret av jschille
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

20220917_162616.jpg

"Ekje mange som har sånne lengre" sa matrosen på ferga. Han meinte slepekrokane og stroppa bilen fornøyd fast. Var nødvendig og, Sirafjorden levde opp til ryktet idag.

 

Note to self - må snart få ut fingen og overhale ventilblokker og bytte tørkemiddel. Delene ligge på hylla..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Km 264500ish 

- fått ut fingeren (ref førre innlegg) og overhalt alle tre ventilblokker og bytta tørkemiddel i kompressor. 

 

Symptom: bilen seig ned framme på luftfjæringa over natt, men etter ein dag eller to seig det bak og. Kompressor var ny i 2011, så eg regna med eg ville finne ein del støv / nedbrutt silicagelkuler i ventilblokkane. 

 

Funn: som antatt nok støv på pakningane i alle ventilblokkane. Veldig greitt å bytte, kjøpte komplett sett på 4x4airseals.com som kom med grei instruksjon. 

20230914_230537.jpg

Såg stort sett ut sånn på alle 3 blokkene. 

 

Med andre ord - funn og symptomer høver godt ihop. 

 

Tiltak var sjølvsagt demontering, rens, bytting av o-ringer og så remontering. Det siste sjølvsagt ikkje uten vanskar slik det skal være.

 

Det eg har lært - som kan være greitt å dele :

- lurt å kjøpe litt 6 mm luftledning og skjøtemuffer. 

- Voss koblingane KAN gjenbrukast. Litt å passe på er det. Prinsippet for koblinga er at doble o-ringer sikrer lufttettleik, og i enden sitt ein messingring som bit seg fast i plastrøret ved å lase to spor og låser luftrøret.

- tenke du å bruke opp igjen Voss koblinga i ventilblokka må du sjekke at o-ringane inni koblinga er intakte. Lurt å smøre med silikonspray. Du må og demontere låse/messingringen ved forsiktig å presse/lirke den av enden av slangen. Den  kan fort knekke ved for mykje bøy.

- ved remontering skjer du av det gamle røret slik at du har ein ende uten spor etter låseringen. Stikk luftrøret gjennom Voss koblinga og press inn låseringen til røret stikk litt fram. No kan du skru inn koblinga og den er tett. Med mindre du har kutta så mykje at den står skeivt med litt drag- då lekke den. 

 

Spesielt på bakre blokk var det så trangt at eg ikkje fekk remontert på skikkeleg vis. Her brukte eg skjøtestykke og koblinger. Luftrør mellom lufttørke og midtre ventilblokk bytta eg heilt ut så det blei for kort til å kunne monteres skikkeleg. 

 

Blei nokre strafferunder før eg altså fekk det tett og hadde lært alle punktene over :lol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Eu-kontroll idag på km 266800-  sklei rett gjennom uten anmerking:P

 

Det betyr at håndbrekket oppførte seg over middels på kontrollen idag, der må eg gjere ein tannhjul/låseringjobb for av og til er det berre skrik og skrål og feilmeldingar. 

 

Det betyr og at det generellt er jevnt slitt i foringer under uten at det er havari noken plass, for det er for tida meir skutekjensle enn vanlig på svingete veg. 

 

Jaja, fint å ha litt tid på seg for desse jobbane. Ryggesensorane må eg og gå over, men då trur eg feillista er ganske komplett. 

 

Fornøyd med dagens smule seilas gjennom EUen cool  Fekk ein skikkeleg vask for å feire!

 

Note to self- ser bruken synke. Kjørt ca 12000km sidan sist EU for 2 år sidan. Tidlegare kjørt opp til 25' i året, men ser den får eit roligare liv no. 

Endret av jschille
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...