Gå til innhold

min fyste D3 !


jschille

Anbefalte innlegg

Hmm, dette er like spennande kvar gong. EU kontroll imorgon. 

 

- bytta rele til ekstralysa, det begynte å henge litt.

- bytta spissingsstag, kyllingbein og stabstagforingar bak. Ordentlig stas å måtte borre ut den eine bolten som helde foringa :angry: Men det var jo ikkje bedre på andre sida sist heller:lol: 

- bytte kyllingbein og indre og ytre endeledd framme. Droppa stabstagforingane då dei såg grei ut. 

 

Så, då krysse eg fingre og tomlar. Eller, eg får vel springe ut  i garasjen og sjekke at refleksvesten er der.. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

takk takk :)

Fasit: Dei likte ikkje ekstralysa..  Dei er ikkje E-merka - eg trudde kanskje det ikkje var eit absolutt krav lengre, men verkstedet har vore fair før,, så ok, det er vel slik. Godt det er hurtigkoblinger på lysa. Men etterkontroll blir det. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Gamal s.k svak type oljepumpe demontert og ny forsterka montert. Itillegg til registerreim og dieselpumpereima. 20200629_121944.jpg20200629_121932.jpg

Hadde ute starteren for å låse svinghjulet si eg sku bytte oljelampe.

Leksjon 1: det e eit klur  å få den ut, men det går når ein løsner på strømkablane.

Leksjon 2: låseverktøyet til svinghjulet må files av for å passe . 

 

Brukte mesteparten av gårsdagens på demontering, idag har det blitt montering i fred og ro. Syns bakre reima gjekk enklere no  enn sist for 7 år si. Men klarte idag faktisk å knekke toppen av peilepinnen då eg skulle ta eit klips av kjøkevannsslangen som feste til røret som går over bakre del av motoren.. kjenne meg passe teit.. 

 

Litt teit og at starteren ikkje slo inn då eg sku prøvestarte i kveld :(

Ny tur under imorgen og sjekke kablinga på starter. Litt demotivert der ja. Men har heldigvis verken  glømt låseverktøyet i svinghjulet eller glømt å prøvetørne alt først :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og svaret på kvifor ikkje starteren slo inn var ei laus jording. Kjedeleg  strafferunde, men starta og gikk fint, alltid like spennande etter reg.reimbytte :D

 

Då blir det neste å sjå om pakninga  på veiva  blei rett (og tett). 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Vert like mykje vedlikeholdslogg som prosjekttråd dette - men det er jo greitt å vise kor mykje/lite som skal til for å holde desse doningene på vegen. På 9,5 år har den sett verkstaden ein gong for bytte av lufttank og ein gong for nedre framre bærearmar (begge gonger pga tidsklemma), ellers er alt gjort sjølv. Fungere på eit vis. 

 

I vår/sommar notert ulyd i bremser bak, hatt liten vibrasjon og, og sett at det spesielt på ve side bak har vore mykje bremsestøv. Ikkje mykje å sjå på bremseskjeva, men syns kalipper var treig, så bytta bak på begge side. Bytta ikkje skiver med ein gong for å sjå om dette var årsaken aleine. Ei lita stund var det fint, før ulyden kom tilbake og fort vart verre. 

 

Demonterte bremseskivene igår, og - sjå der - på ve side har klipsa som held håndbrekkskoa på plass rusta sundt og komme i klem sånn at dei har filt på innsida av bremseskiva i senter. Itilleg har skoa forflytta seg såpass at navet subba borti ei fjør ved rotering. Mens eg venter på nye håndbrekksko har eg montert det opp igjen med klips og pinner frå Biltema sitt kit 59-416 passer forresten.  

 

Venter også på leveranser med olje for eit lite oljebytte på girkassa, tenker å gjere det samme som tidlegare - to bytter rask etterkvarandre. 

 

Tilslutt har eg endeleg fått ut fingen og gjort noko eg no skjønne eg skulle gjort for lengst - kjøpt batteridreven muttertrekker. Herre så deilig det er :lol:

Fusso99 voksen som eg vart tipsa om i ein anna tråd kan forresten også anbefalast. Syns D3en e fin til å nærme seg 15 år :wub:

20200528_213248.jpg

Og her er eit bilde av eit lite Facebook market kupp - originalt LR (altså Thule) svingbart sykkelstativ med 2" receiver som erstatter hengerfestet. Kjøpt for 350 kr. MYKJE mindre slark i dette enn i hengerfestet, ser ut som låsepinnen går ein del lengre ut og dermed trekke det lengre opp/ fester det bedre. 

 

 

 

20200805_212436.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 16.8.2020 den 23.59, jorgenht skrev:

Godt å høre om problemfritt vedlikehold:D

Og ja, holder seg godt. Synes jammen de er knallfine jeg :D

Enig! Kjekt du er inne og leser og skriver også, det er alltid kjekt med kommentarer og innspel :)

 

Idag blei det montert nye håndbrekksko. Gjekk ganske radig med hjelp av ekstra hender (les kona skremt ut i garasjen) når låseklips og fjører sku på plass. 

 

Og, bilen fekk seg nye sommerdekk. Litt på impuls, ramla over ein veldig OK og serviceinnstilt dekkhandler på Dekkteam i Haugesund, og då blei det Cooper Discoverer ATT.  C merka på vann og rullemotstand, spent på korleis det blir. Ser ut som dei skal klare litt gjørme også.

 

20200821_172829.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, lrsg skrev:

Samme dekk som jeg har kjørt på i sommer. Veldig fornøyd. Men ikke gjørmetestet ennå da...

Bra du er fornøyd! Dei drøye 200km eg har kjørt med dei til no gir eit positivt inntrykk. Ruller lettere enn duratrac (det passe ift merkinga også),lydnivå er pent og dei tar godt unna vann. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Då har bilen (inkl skaphenger) kjørt gode 1800km nordover til Vesterålen. Ingen bing, bong eller feilmelding av noko slag. Skikkeleg kjedeleg tur. Sjekka vekta - 3000kg på bil og 700 kg på henger - forbruk 1,06/mil (takgrind, godt lasta, skaphenger og AT dekk)  Happy med dei nye dekka. Og meget fornøyd med skaphengeren. Visste ikkje at tilhenger kunne være så greitt å dra. Var visst fornuftig å kjøpe pent brukt Tredal :wub:

 

Men altså - over 14 år gamal Disco som ikkje har stempel i serviceheftet sidan 2011 fikser 180mil lett som ein plett. Må ver ein feil ein plass, skal ikkje dette vere ein ordentlig feriemarerittbil ref broom.no ?  :P

20200827_140920.jpg

Endret av jschille
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Flott utsikt det :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Prosjekttråd.. tja, ja, nei,  er lite prosjekter her altså. Bilen fungerer. Mens den japanske elbilen (det burde jo vær driftssikkert og enkelt)  i heimen har gått i streik er det Discoen som fikse det meste og som gir det enkle, billege og forutsigbare bilholdet. Og kjøreglede.  Som når vi kjøre 1950 km på vinterveger frå Lofoten til sørvestlandet på to dagar med fullasta skaphenger på slep. Ingen bing, bong eller noko varsellys. Og si det var kaldt heile vegen heller ikkje ein gong ein sånn 4 grader temperaturlydalarm som kan gir bremsespor i trusa viss ein er svak i trua på bilen sin :lol: 

 

Forresten, ein ting har eg jo bytta siden siste oppdatering. Det enkle ekstralysreleet har blitt bytta ut til eit dobbelrele, også det frå Biltema. Det passa bedre med strømtrekket til ekstralysa som eg blei veldig glad i under den nevnte kjøreturen.  Under eit bilde frå Saltfjellet, 1 januar, ca kl 1415. Godt å kjøre mot sola! 

20210101_141627.jpg

Endret av jschille
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dessverre litt for kjent følelse den med 4-grader-bonget ;).

 

Godt med biler som virker. Det er jo tross alt flest av de. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
18 timer siden, @le skrev:

Flott bilde fra savannen! 

Hehe, takk! Av alle ting kjørte ein tyskregga buschtaxi forbi der rett før, og då skjønte eg at dette e jo alle tiders safarimotiv. For savanne finne ein jo ikkje så ofte i Norge på 68 grader nord :lol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...