Gå til innhold

min fyste D3 !


jschille

Anbefalte innlegg

2 timer siden, Pledrik skrev:

 

Hei, tenkte å bestille denne men fant ingen info på fraktkostnader. De svarte heller ikke på mail (2 stk...) om dette så ble litt usikker. Kan jeg spørre om hva totalen ble?

192 USD totalt, inkludert frakt på 33 USD. Meine det kom opp i nettbutikken då eg bestilte, spurte dei aldri :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, jschille skrev:

192 USD totalt, inkludert frakt på 33 USD. Meine det kom opp i nettbutikken då eg bestilte, spurte dei aldri :-)

 

Takker, fikk faktisk svar rett etter jeg spurte. Får ikke flere før om tre uker, gleder meg:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

I helga var det nøyaktig 8 år sidan bilen blei registert på meg. "Bursdagen" blei brukt til ein liten dagstur til Kvinnherad for å gjere unna eit familiebesøk. 270 km aleinetid i ein D3 er ikkje å forakte som småbarnsfar :lol: Gav tid til nokre refleksjonar kring bilen og bilholdet. 

 

- tilbake i 2011 var det ein liten håndfull D3 på forumet. Den gong ein relativt ny, litt dyr og komplisert bil. I bruktmarkedet låg dei eldste fortsatt nærmare 300 000 kr som varebil. Det å kjøpe ein HSE PP Plus med lav kilometer - det var rett og slett ein stasbil. Stille, god å kjøre, fiksa alt - terreng, tilhenger, overnatting i bilen, plass til ski uten skiboks, alt funka. 

 

- no er D3 stort sett godt brukte biler, det er mange slitne biler i markedet, og eg såg til skrekk og gru nyleg ein EU-underkjendt D3 lagt ut og solgt for 20 000 på finn. Gode kjøp finns rundt 100 000kr. Polert og nyvaska hører eg fortsatt frå ukyndige naboar at min nok ikkje er meir enn 5-6 år gamal. Det er jo kjekt :) 

 

- D3en min er no straks 13 år gamal. Kjørt snart 215 000 km. Ikkje langt unna status då eg kjøpte den siste RRCen - den var 15 år gamal og hadde kjørt 212 000 km. Kvaliteten er ikkje så dårleg på D3 som mange vil ha det til. Misforstå meg rett - det er to veldig ulike biler - men samtidig er det fascinerande kor mykje bedre D3en har tålt dei åra enn Range Roveren - sånn mtp elektriske ting, lause deksel, knirkelyder, slark, slitasje i interiør , for ikkje å snakke om rust... 

 

- eg har på 8 kjørt ganske nøyaktig 160 000 km. 1 gong har bilen ikkje starta - pga av ein kortslutta radiostøyduppedings som tilfeldigvis delte sikring med automatkassa. Sannsynlegvis pga stor fart gjennom ein stor vatndam.  Som gjorde at den åt sikringer og ikkje ville starte heilt til eg tok ut kontakten på duppeditten. Bestilte ny ordentlig som eg er, men merka ikkje forskjell på radioen.   Nokre  ting er blitt bytta pga defekt /reparert på desse åra : låsekasse ve bakdør, fordelingsrør på kjølevann på toppen av blokka (oppdaga liten lekkasje), kabelbrudd i bremsekrets (med tidkrevende feilsøking), ny bakre mellomaksling pga defekt opphengslager, framre ventilblokk og bakre bremserør pga rust. Men det er stort sett det heile. Andre ting er kanskje fortrengt. Som kompressoren eg satte jekken i under første dekkskiftet. 

 

- Elles har bilen jevnt og trutt fått nye slitedeler. Det meste har eg som praktisk anlagt akademiker gjort sjølv. Byrjar etterkvart på 2. runde på dei store tinga som reg.reim og bærearmar. Det er gleda ved å ha ein bil lenge - det kjem ingen store overraskelser, og ein "kan" ting.  Har ikkje summert kva det har kosta .. men blir oppgitt over folk som fører opp bremser og foringer og den slags som reperasjoner. Det er det jo ikkje. Bremser, hjullager, alle foringer/stag er blitt bytta. Dynamo og batteri er bytta før det trøbler. Og så multireimstrammeren. Den kunne dei jo laga med bedre kvalitet.. 

 

Så ein liten oppsummering til dei som snuser på D3 - Ja, ein er glad i bilen etter desse åra, og det er vanskeleg å sjå noko anna som gir samme pakken uten å putte vesentleg meir pengar i potten. D3 er jo ikkje lettskrudd når det gjelde ein del ting, og skulle turbo, cross-over (greinrørssamankoblinga på ny-norsk ? ) og konverteren vandre heden meir eller mindre samtidig så hadde eg nok mista litt motet. Men dei helde jo ikkje lengre sjølv om eg er skikkeleg flink å bekymre meg, så då lar eg bekymringene heller være og nyt bilen som den er :)  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gode og fine refleksjoner som jeg kjente meg godt igjen i. Blir disse bilene tatt vare på, så er de nok ganske tidløse.

 

Jeg snublet vel inn på forumet i 2012 etter å ha kjøpt en D4 med omlag 30.000 på telleren. Var nok blitt litt flere D3'er da, men det var ikke mange med D4. Og med mange kilometer på veien så var jeg nok "tidlig" ute med diverse issues på bilen. Da var det godt at D3 og D4 for en stor grad er samme bil, og at det hadde blitt en viss erfaringsbase på D3.

 

Det er biler man blir glad i, og har lyst til å ta vare på og beholde. Lenge.

 

Og jeg er helt enig med deg i at slitedeler som bremser, hjullager og slikt ikke kan telles som reparasjoner. Man har vel ikke reparert huset om man har malt det? :D

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott skrevet og til god inspirasjon! 

 

Som nevnt, D3 er en fantastisk bil. Men uten blant annet dere to som skriver rett over her, så hadde det vært litt verre å eie en. ;):)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for fin respons, syns prosjekttrådene er noko av det som er kjekkast med LRF - så prøver å bidra med noko sjølv også. Kjekt det blir sett pris på :) 

 

I kveld fekk bilen seg ein runde skinnpleie. Farga opp igjen nokre små sprekker i vangen på førersetet for 4 (?)  år sidan - det holde seg kjempefint!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Nye nedre bærearmer framme blei montert idag!  Er på 3.settet no - Dei gamle - original LR holdt ca like lenge som dei første - ca 110 000 km.  No blei det noko angivelig oppgradert noko frå Advanced factors, den som leve får sjå. Det fine - forrige gang sette eg vekk byttet av desse pga tid, men no fekk eg gjort det sjølv. Då er ALT i understell blitt bytta av meg, og alt er godt satt inn med copaslip.  Aldri meir fastrusta bolter i foringer og slikt noko. Idag slapp eg unna bajonettsaga, det var eg vore med på før, men bærekulene satt som berre det. Knota voldsomt med dette, første sida tok sikkert 6 timar men den andre sida berre tok 2 timar blush  Men alt går. TIme til hjulstilling er bestilt, så då glede eg med til tight bil igjen :)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke helt ukjent materie det at den ene siden tar laaaaaang tid, og når man gyver løst på den andre siden så er det gjort på en brøkdel av tiden. :)

 

Her settes også det meste inn med kobberpasta. Lærdom fra mekanikeren vi bruker på Discoen. Da takstativet skulle på, så fikk jeg et megetsigende blikk og en boks med pasta i labben. "Du har vel ikkje gløymt å smøre?" Det hadde jeg. :D

 

...men jeg skulle jo bare... :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Bilen går den. Venter på nye kyllingbeim til stabstaga, reknar med spissingsstaga bak står for tur, så då blei bestilt til framme også. Og så har xenonlyktene frå eit forumfelleskjøp for ein  del år tilbake vandra heden fordi det ikkje går an å bytte pærer i det. Bestilt ARB led-lys kopiar frå aliexpress så får vi sjå om det funker.  Mens vi venter på deler kan minstemann på 1,5 år lære seg at bilvask gjerast med to bøtter :lol::wub:

 

20191006_163134.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Etter at forum-felleskjøp-xenon ekstralysa (noken som huske dei - frå den tida alibaba var for dei veldig innvidde? ) tok kvelden har eg fundert litt på kva ekstralys eg har lyst å ha. Best og billegast mulig sjølvsagt  som alle andre vil ha.  

 

Eg hadde ikkje lyst på led-bar, og så høyre eg til dei som meiner ekstralys skal være runde. Så eg kikka på brukte hellalamper på finn, og nye LED lamper på div norske nettbutikker. Gniaren i meg vant - og det blei direktehandling frå Aliexpress - desse!  Kjøpte varianten med angitte 128W og ei klype salt, monterte dei her om dagen, og dei lyser som eit helv***, det er milevis unna dei gamle xenonbøttene.  Så opplevd lysstyrke er ganske nærme det som står i annonsen.   Nevner det er her som eit tips, mange som skriv om Aliexpress lamper dei er happy med, men få som lenker.   Dei kom også ferdig med kabelstump med type vanntett plugg for enkel demontasje -  skøyta denne rett inn på eksisterande ledningsnett frå dei gamle lampene. Solide beslag og rustfrie festemidler er også ok. Tilpassa festene lett og fekk hengt dei i A-baren med boltane som allereie er der. Bilder kommer!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20191120_175958.jpg

Diskré lykter, ville ikkje ha dei større enn dette. Også fått shina bilen med Fusso Soft99 etter tips frå ein anna D3 tråd - takk!  Fin å jobbe med og fantastisk perling av vatn etter behandling. Regnet renner rett av bilen i bitte små perler. Spennande å sjå kor lenge effekten være.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Knall lykter, spørs om ikke det blir julegave det B)

Nå kjører ikke jeg så mye, men vasker kanskje bilen desto mer. Overlever fint 5 mnd på min bil den voksen der. 4 på arbeidsbilen, men den blir vasket i selvvasken på bensinstasjonen og der er jo ikke avfettingsmiddel kjent for å være svak :P

 

Sidenote, vil ikke ta et bilde kveldstid også da? Sånn for gøy :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 20.11.2019 den 20.13, jorgenht skrev:

Sidenote, vil ikke ta et bilde kveldstid også da? Sånn for gøy :D

 

Du, eg prøvde, men det gir ikkje rett inntrykket.. Med mobilen vel og merke.  Notere meg at dei sprer ganske godt til å være "spot" - på svingete hjorteinfiserte vestlandsvegar er det eit pluss. Uansett, happy.  Tar meg i å finne påskudd for å kjøre LR om kvelden :lol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 hours ago, jschille said:

 

Du, eg prøvde, men det gir ikkje rett inntrykket.. Med mobilen vel og merke.  Notere meg at dei sprer ganske godt til å være "spot" - på svingete hjorteinfiserte vestlandsvegar er det eit pluss. Uansett, happy.  Tar meg i å finne påskudd for å kjøre LR om kvelden :lol:

Bra påskudd. Lov å ønske seg for det :rolleyes:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

liten tur i garasjen ikveld mens det blåser stikker og strå.

 

- Sjekka alarmsensor til panserlåsen etter utidig alarmutløysing siste tida, men den var ikkje defekt, men full av skit, og fungert fint igjen etter ein vaskerunde. Det var i grunn fint, for den eg hadde bestilt passa ikkje :D

- bytta 3 parkeringsensorar, og hatt fornøyelsen med å løsne ned bakre støtfanger då IID meinte det var dei to indre sensorane som bølla. Rett fram jobb, og fekk fjerna gjørma som synast å legge seg inni nedre bakre hjulbuedeksel. 

 

Fekk smørt litt lanolin på bakre del av ramma, ser det er for lenge sidan sist. Må få heildusj med sau igjen. Og så må eg mote meg opp til bytte av oljepumpe og Reg.reimbytte. Dvs, regrreimbyttet blir det 2. eg gjer, så det er greitt, men tenkte den då skulle få nye oljepumpe også. Og der er eg førstereisgutt. Noken som har ein 3D fil for å printe det verktøyet for å sette inn pakninga på oljepumpa ?  Har kjøpt Victor Reinz med sånn plastkon inkludert, men forstår eg det rett å passer verktøyet på å få pakninga sånn ca 1 mm innafor anleggsflata ?  Pr def. er ikkje dette due før i sommar, men tenkte eg skulle dere flink gutt og gjere alt klart før EU i mars. 

 

Og så har bilen passert 225 000 km. For min del snart 175 000 km, behagelig bilhold til no. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

jaja, så har vi bytta dynamo og batteri.  Søndag lyste ladelampa, mandag morgon måtte bilen kjørast bil flyplassen, IID diagnose viste då sakte synkande spenning til 13,4v då eg parkerte.  Bestilte ny dynamo mandag morgon frå Advanced Factors og den blei levert dagen etter til lunsj tider. Imponert. Onsdag handla kona nytt batteri. Og torsdag kveld då eg kom tilbake til flyplassen rekna eg med ein sånn ca 50/50 sjanse for å få start og komme meg heim igjen... 

 

Og vett dåke ka - tenning på, starter snurrer ganske treigt, men får fyr på trøskeverket !  IID diagnose viser 12,2V. Eg har 2 mil heim, ser eit lite hopp på ladespenning nokre sekund men ellers så datt spenninga jevnt og trutt ned til 11,2v då eg fekk parkert heime i garasjen.  Gamle trofast - den får meg alltid heim :wub:

Så blei det bytte av dynamo og batteri torsdags kvelden, fant ikkje vifteverktøyet så demonterte og monterte nedanifrå. Gjekk det og.   Det gamle batteriet er sett på lading, det ser ut som det ikkje er blitt øydelagt, men det får våge seg. Nytt frå exide med 100Ah og 900 CCA frå Thansen til under 1600 kr.  

 

Apropo levetid på dynamo - den eg bytta ut er faktisk den originale. Den blei mellombels bytta ut med ein britpart versjon som for ut igjen under feilsøking for nokre år sidan. Men truleg 11 års levetid og borti 150 000km. Er vel greit ? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Prøvde noke nytt idag - som eg har hatt lyst å gjere lenge :D Teakdørk i bilen!

 

20200205_115941.jpg20200205_123549.jpg

Er sånn syntetisk greie frå aliexpress, likt det som vert stadig meir populært i båtverda. Kjøpte ein 60x240 rull til drøye 300kr. Primært for å prøve det ut sjå korleis det egentlig er, kan være båten treng noko sånt ettekvart nemlig. Denne er sjølklebande, held enn så lenge fint på den heimesnekra kryssfinerdørken.  Den er delt i 4, derav synleg tverrgåande deling. Lett å jobbe med, og godt fornøyd med resultatet B)

Endret av jschille
Skriveleif
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...