Jump to content
LRforum
jschille

min fyste D3 !

Recommended Posts

5598476189_df363edd76_z.jpg

 

Yes, Range Roveren blei supplert med eit yngre søsken for ikkje så lenge sidan. Blir kanskje ikkje den store prosjektråden, men eit og anna matnyttig tenkte eg kunne vere greitt å legge ut her til glede og advarsel for andre :lol:

 

Leksjon #1

 

Er ein heldig nok til å kunne kjøre D3 så får ein ver stor nok til å innrømme newbie feila også blush

Skulle i hyrten og styrten legge om til sommarhjul.. Fant fram originaljekken, begynnte på venstre bak. Og ja, jekken vart sett i første og beste hol.

 

Big mistake.

 

Jekken sto i drenasjeholet til kompressoren for luftfjøringa. Dette burde eg visst... jadda.. Rare lydar, og eg slapp bilen FORT ned igjen. Tok ned dekselet, og ganske riktig, kompressorfestet var knekt i 3 delar..

5672663981_9c5a0c9b3b.jpg

 

Rasla "like box of spanners" når kompressoren gjekk, men den fungerte greitt, gjekk ikkje lengre enn elles, men hang jo på halv åtte. Greitt å få fiksa relativt fort..

EIt kjapt nettsøk viste til litt trøst at eg ikkje akkurat var den første som hadde gjort dette. Ebay er ein flott plass, og straks var nytt feste og nytt nedre deksel på veg. Som dåke ser, det gamle festet var godt eira, skal vere aluminiun støypegods utan overflatebehandling. Så når det nye kom i hus vart det syragrunna og lakka for ordens skuld.

5672663819_005d0fa06c.jpg

 

Nokon som legg merke til det diskret merket på det nye dekselet ? :lol: Faktisk har LR støypt inn eit "no jack" merke i dekselet eg fekk - det gamle har det ikkje. Meir trøst å få altså. For alle tilfelle so valgte eg å male det også. Ikkje at eg trur eg kjem til å gjere samme tabben ein gong til, men no står det der tydeleg til skrekk og advarsel.

 

Sjølve jobben er ganske grei. Nedre deksel går fort av, to boltar i ramme og ei skrue ved sida av drenholet, itillegg til klipsfeste mot øvre deksel. Sjølve kompressoren er festa til festet med 3 skruer, dei to nedre er lette å komme til, den øvre er verre. Enklast å skru ned heile festet frå ramma ?

 

TJa, dei to nedre boltane som held festet til ramma kjem ein greitt til, den øvre er eit hel****. Skrallenøkkel er nok best, lang 10mm versjon. Min var kort og eg måtte til pers med ein vanleg fastnøkken med 1/12 tørn om gongen. Men det gjekk. Då gjekk eg inn med fastnøkkelen frå bakkant av kompressoren som lett let seg skubbe unna ein del når den berre heng i øvre festet.

 

Flytta over gummimuffene på det nye festet, festa kompressoren i festet og gjorde meg klar til montering. Å få den øvre bolten som skal i ramma til å entre er enkelt dersom du tek ut det øvre dekselet.. men du får ikkje det dekselet inn igjen dersom festet allerede heng på den øvre bolten.. bummer.

5672664111_d751c79da0.jpg

 

Ny måte - øvre deksel inn på plass, fram med kirurghendene og blindt lirke bolten inn på plass medan ein fleksibel og ein fast forlengar står på 10 mm pipa. Det fungerte faktisk! Hjalp godt å ha noko å støtte kompressor/festet på medan eg klurte på med dette. Og som den observante lesar ser - nesten heilt gøymt står ein ekstra bukk. Løfta bilen opp i Offroad modus, LR manualen befaler automat i P, handbrekk på, førardør åpen, og minst eit hjul i lufta. Så eg jekka opp venstre framhjul, og sikra dei andre hjørna med kvar sin bukk.

 

Ferdig - med advarselen godt synleg :lol:

5673232248_664c9632f4.jpg

 

 

Sorry, lite bilete undervegs - men her nokre lenker eg kikka på før eg prøvde meg:

Disco3.co.uk

Landroversonly forum

Share this post


Link to post
Share on other sites

Du er ikke det første eller siste..... blush

 

Jeg passer godt på bilen når det skal inn for dekkskift, eller skal opp på bukk på ikke kyndig folk B)

 

La merke at deler er made in "Japan" nå jeg måtte bytte.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Som dei spør i LR-pornoen: " did it get muddy last month?" Eg prøvde iallefall :lol:

5825928463_5cd7a5ffdb_b.jpg

 

Reknar med folk drar kjensle på geografien. Har vore på langtur, 3500 km på 12 dagar og har i høve det gjort litt forbruksmålingar med utgangspunkt frå MAP-sensorrensetråden til Fogga. På vanleg norsk langkjøring med ein god del forbikjøringar havna eg på 8,6l/100km iflg kjørecomputer. På veg heim gjennom Sverige med dårleg tid og matchande gasspådrag kom eg på 9,6l /100km. Under landevegskjøring med fokus på forbruk lar bilen seg fint komme under 8l/100km. Lavaste eg har sett er 7,7l/100km etter 100km kupert landeveg. Nøgd med det! Alle målingar aleine i bilen, ferielasta med takbøyler montert på 255/50R19 med snill profil.

 

Spm til forumet: iflg garantiutløpstest ( garanti på 6 mnd/6000 km frå LR forhandlar) bør endeledd byttast. Bilen hadde ved testen vel 58´km og fyller 5 år idag birthday_cake_clip_art_7787.jpg .

Er det nokon andre som har fått endeledd på garantien på slik alder / kjørelengde ?

Share this post


Link to post
Share on other sites

Nydelig sted og flott bilde! men du har større tanker om geografigjenkjennningen min enn det er grunn til, trodde det var Danmark til jeg så fjellene, så flyttet jeg meg til Vesterålen, så - vel, hvor var du? smile.gif

Share this post


Link to post
Share on other sites

Nydelig sted og flott bilde! men du har større tanker om geografigjenkjennningen min enn det er grunn til, trodde det var Danmark til jeg så fjellene, så flyttet jeg meg til Vesterålen, så - vel, hvor var du? smile.gif

Hehe, bilen er på Herøy, fjella i bakgrunnen er dei Sju Søstre på Helgeland - eit fantastisk flott område (iallefall i 26 grader og knall sol B) ) !

Share this post


Link to post
Share on other sites

Og flott bil! Gratulerer. Og Owners manual gir noen hint ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Og flott bil! Gratulerer. Og Owners manual gir noen hint ;)

Takk! Owners manual gjev hint om dekking av endeledd på garantien? Skal uansett melde det inn, så ser vi kva Frydenbø seier.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Mykje fint er det å finne på prosjektsidene her og på nettet elles, kjekt å sjå fleire korleis fleire modifisere D3 her på forumet også. Det er lett å bli frista, og desse neste tre bileta har frista meg meir enn godt er :)

med_gallery_2180_391_204766.jpgmed_gallery_2180_391_565807.jpgmed_gallery_2180_391_28784.jpg

 

Desse bilda er grunnen til at eg jakta (og heldigvis fann) sølv bil, men det har jo mangla "litt" iforhold til min nakne originalbil.

I vår kom eg over ein brukt A-bar på ebay og den måtte på.

 

TOPIX fant eg lett instruksjonane, og jaggu, der fant eg ut at det mangla det noko. Truleg hadde han som skrudde av bøylen ikkje montert den, for dei originale beslaga under støtfangaren hadde han ikkje tenkt på. Lange sommarkveldar er ikkje dette noko problem, og med litt tolmod, augemål og sveiseapparat fekk eg laga to beslag som gjorde nytten. Her eit bilete frå tilpassinga før sveising av støtter.

sml_gallery_2180_391_484020.jpg

 

Som de ser, for montering av A-bar må støtfangar av, for å få denne av må skjermbreddarane framme av, og for å få dei av må ein skru av dei framre skvettlappane dersom ein har dei. Prossesen er greitt beskrive på disco3.co.uk og det er også lagt ut ein liten

som viser gongen i det. Det er mindre endringar på A-baren og i innfestinga pre/post 2007 (eller var det 2008?) med ulike beslag. Instruksjonar for begge ligg på TOPIX.

 

Etter demontering av skjermbreddarane såg eg at det hadde lagt seg solid med leire/gjørme opp under bakre nedre ende av skjermane - tross at eg hadde spylt godt inn under der under tidl vasking - verkar som ei mulig rustfelle, kan lønne seg å ta ned og sjekke!

 

Svært nøgd med resultatet, men valget av ekstralykter er ikkje teke enno.

med_gallery_2180_391_502618.jpg

 

 

Det neste på programmet er takgrind. Kom igår over ei original LR D3 expo roof rack til 350 euro, så det blei årets julegåve til bilen :)

Kvaliteten på desse grindene vert jo diskutert, men optisk synast eg originaltakgrinda med rekkverket fjerna (som på 2.øverste og 3.øverste bilde) er det som passar best! Personleg så har eg ikkje likt "glipa" under framre del av taket som Patriot / Frontrunner gjev. Takgrinda kjem til Noreg til våren, då er stege og snorkel forhåpentlegvis bestilt også! Gler meg!

 

Ang dekkvalg - bilen fekk nye Hakkapelita 5 med pigg i 255/60R18 i haust, og denne vinteren er det første gong eg verkeleg kjenner meg komfortabel på vinterføre - være seg snø eller is. Fantastisk godt nøgd med bil og dekk !

Edited by jschille

Share this post


Link to post
Share on other sites

Svart felg kler bilen godt og.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fått montert BAS webasto styreboksen med fjernkontroll - angre berre på at eg ikkje har gjort det tidlegare :)

Enkel montering med hjelp av bra instruksjon, og voila - webastoen fungerer prikkfritt igjen. Deilig å spare motoren for ein kaldstart og kjenne varm luft frå dysene frå første stund.

 

Einaste minuset er dårleg rekkevidde - men eg har ikkje bytta til vedlagt nytt batteri enno, den skal jo etter ryktene betre dette tydeleg.

Elles kan det vere greitt å bruke krympestrømpe til å forsegle/beskytte ein del av ledningsendane/koblingane - tenker det er lurt mtp kvar dei er montert.

 

Alt i alt er det uansett ein "must have" for D3 eigarar i Noreg etter mitt syn!

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fått gjort litt med bilen siste vekene:

 

- blenda EGR ventilar båe sider. Kjøpte Britpart settet frå paddocks, inni settet låg veldig grei beskrivelse for byttet. Bilen rundar 105' km i desse dagar, ingen feilmeldingar å finne, men markert meir turtallsvilleg og redusert forbruk etter byttet.

 

- bytta stag/foring i overføringa for spaken til automatgirkassa. Symptom: hoppa ut av gir ved full sving og gasspåprag ut av svingar, etterkvart hoppa den ut av gir på flatmark også. Nødfix var å spraye opp staget, endeleg fiks var med bytta av delar kjapt levert sv Bilpaviljongen i Stavanger. Info om byttet og delenr: http://www.disco3.co...topic31656.html

 

- montert takgrind!!

med_gallery_2180_421_2953020.jpg

Neste ting på lista er nye stabstagforingar rund baut samt reg.reim bytte. Eg satsar på at selvgjort er velgjort (og mange pengar spart...)

Edited by jschille

Share this post


Link to post
Share on other sites

Meget pent!

Takk :)

 

Reg.reima stod for som sagt for tur, har trengt litt tid for å manne meg opp, reg.reim bytte er absolutt ikkje kjernekompetanse, men andre har jo fått det til, så då må ein jo prøve :) Haynes kom i julegave, delar kom i posten, låsesett til veiv og kamakslingar blei kjøpt inn og nitidig studie av denne tråden så var det berre å sette igong.

 

Kom ikkje så langt, hadde sjølvsagt gløymt å få tak i verktøy til å holde imot når eg skulle løyse vifta. Gode venner ordnar sånt, vips var verkty laga, augemålet holdt denne gongen også.

med_gallery_2180_421_1199841.jpg

 

Sjølvsagt, var ikkje det meir som mangla - torx piper til reimhjula på veiva og vatnpumpe (?) måtte også plutseleg handlast inn. Godt Biltema er nær.. Og det blei endå ein tur for å kjøpe meir utstyr då eg ikkje hadde firkant 3/8 til å slakke strammaren til multireima. Men no veit de dette, så slepp de mange turar for å handle undervegs blush

 

Valgte å ikkje skru ut startaren, og kun låse kamakslingane basert på den nevnte tråden på disco3.co.uk. Ser ut som det har fungert greitt, det skal verkeleg noko til for å tilfeldig bevege veiva. men sjølvsagt, tar ein ut startaren og får låst veiva så er det ei feilkilde mindre. Etter kontrollrotering av veiva etterpå stemte låsehola på kammane fortsatt, så eg satsa på å skru alt ihop igjen. Haynes er grei her med momenttall for det meste.

 

Malte som ein katt etterpå, testturar har gått fint, so no har bilen fått seg ein vask og er klar for langtur til Lofoten - vi glede oss, langtur med D3 er berre kos :D

med_gallery_2180_421_775192.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites

Jeg gjorde også tabben med ikke å sjekk alt verktøy - og på en søndag var det vanskelig å oppdrive torx-piper. Men på neste forsøk trengte jeg ikke lage vifte-låse-verktøy, og ting gikk litt fortere. Ble litt skremt over ulyd da jeg startet opp, men det viste seg å være en løs klips på throttle body housingen som gav falsk luft så det ordnet seg raskt. Følte meg litt ekstra mann da jeg kunne skrive opp reg-reimskifte på cv'en!

Share this post


Link to post
Share on other sites

.Følte meg litt ekstra mann da jeg kunne skrive opp reg-reimskifte på cv'en

Jepp, det er ein veldig presis beskrivelse av korleis det e :P

Share this post


Link to post
Share on other sites

Sålangt har reg.reim bytte vore bra, bilen fekk seg ein langtur t/r Lofoten i sommar, alt gjekk fint :)

 

Idag har eg gjort meg ferdig med bytte av bremseklossar, lenkearmar og stabstagforingar framme - og hjelpe meg kor ubrukeleg dårleg det er laga til rundt stabstagfestet mot ramma på ve side. Øvre bolten der krevde vinkelslipartilpassa verkty - at dei har klart å gjere det så ufatteleg trangt!! Eg skar av ei 3/8" 18 mm pipe i båe endar for å lirke den forbi motorfestet (?) og inn på mutteren. På høgre sida var det lettare, etter litt knoting med å løsne bolten som holdt fuelkjølaren for å betre tilgangen til øvre bolt. Lenkearmar var grei skuring, klossar likeså.

 

På søndag skal vi hive oss over bakakslinga med klossar, lenkearmar og foringar

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Lenkearmar og klossar bak gjekk fint, men boltane til stabstagforingane bak satt litt for godt fast. Såg at dei var av typen med gummiskive /-spacer under, kan ikkje det bety at nokon har gjort garantijobb på bilen før eg fekk den?

 

Var iallefall ikkje slakk å finne her (i motsetning til framme), så eg lot byttet vere. Merkbar forskjell blei det i allefall med nye lenkearmar!

 

Iflg Haynes skal ein løyse lufteskrua på bremsekalipperen dersom ein må presse stempelet tilbake, ellers risikere ein angiveleg at ei eller anna membran ein eller anna dyr plass i systemet vrengast - men Bodsys brake bible (disco3.co.uk) har ingen slike skrupler.. Kva har de gjort??

 

Eg løsna, og måtte sjølvsagt lufte bremser etterpå - det går faktisk berre fint utan verken jekking eller fjerning av dekk, off road modus og nokre bukkar til sikring gav nok plass :) Fin trøst etter dei ford@*te stabstagfestene..

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Har fulgt Bodsy uten å få problem. Og regner med at om det hadde dukket opp slike problem ville det engelske forumet tatt det opp og lagt det inn i en av de tallrike oppdateringene av bibelen.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Sant nok, det var inntrykket eg også hadde frå disco3.co.uk, men det er vel Haynes som er litt überforsichtig. Akkurat som dei tidvis grovt hoppe over kor knotete ting kan vere, som ve fremre stabstagfeste..

Share this post


Link to post
Share on other sites

På tide med liten oppdatering. Bilen vert som eigaren utruleg nok ikkje yngre med tida, og det har samla seg opp litt div som dels er gjort og dels må gjerast. Noko har kanskje interesse for andre - eg har iallefall sanka nyttig info her på gode forummedlem :)

 

- skrangling i høgtalarar i framdører. Heile sommaren har eg måtte skru ned bassen pga skrangling frå (tilsynelatande) dei nedre høgtalarane i frontdørene (Logic/ har to i kvar framdør).. Trudde det kanskje var noko som var sprengt, har jo spelt AC DC og anna ymse passeleg høgt frå tid til anna. Surfa litt rundt, og fekk i denne tråden (takk Mads SL !) eit tips som viste seg å vere spot on ! Plastringen den ØVRE høgtalaren stod i var i akutt behov av liming. Hadde eg hatt noko anna enn sekundlim tilgjengeleg der og då hadde eg vel også sluppe gjere jobben opp igjen. Det var iallefall førstereis for fjerning av dørtrekk (på RRC kan eg det i blinde no) og overranskande lett med litt hjelp frå Haynes.

 

- min tur til Suspension fault & slow down, max 30 MPH. Kom første gong mens eg muligens trykka feil i menyane mend eg knotta med IIBD toolet mitt, trudde sjølvsagt det var min feil. Gjenoppretting av originaloppsett hjalp dog ikkje, og ved sletting kom feilkodane straks tilbake. Div BUS feil ville ikkje vekk. Kompressor er bytta for halvanna år sidan (jekkefeil... ) , og eg har ikkje hatt problem med lading eller noko. Det har eg jo trudd har sammenheng med at bilen stort sett ikkje blir brukt på turar under 45 km.. Men, kontroll av lading viste ladespenning 15,3 - 15,4 volt sjølv på varm motor, og tidvis noko lavare. Generatoren er vel m.a.o klar for å vandre heden ? Kva de trur ? Batteriet er ikkje blitt skifta i mitt eige, og neppe før heller.. Uansett, ny dynamo ligg klar på hylla, nytt batteri er kjøpt, klok av andre sine erfaringar tenker eg det er lurt å bytte begge samtidig.

 

- lyset er blitt påfallande dårleg, så etter tips mellom anna her ifrå så har eg idag bestilt nye Philips D2S pærer i 4300K. Gler meg til å montere desse!

 

- har i lengre tid hatt ein fartsavhengig romlelyd frå bakstillinga, kjem ikkje før bilen er kjørt eit stykke, men er så ganskje tydeleg i alt over 60-70 km/h. Kjenner det er litt slark i bakre mellomaksel, men det skal visst vere normalt. Men er dette symptom på øydelagt mellomakslingslager? Er det nokon som klart å bytte berre lagert og ikkje heile akslinga? Andre forklaringar ?

 

Og, det er med generator som med kompressor, ein del "typiske" slitedeler til D3 syns eg er svært greitt å legge til andre bestillingar FØR det kjem problem. Av samme grunn ligg det også to framre hjullager på hylla, bilen har trilla 114' km no, kva tid har de bytta på ?

 

Litt info og mange spm - berre å sparke av gårde alle svar !

Share this post


Link to post
Share on other sites

Byttet hjullager høyre foran, bremseskiver (selvfølgelig når alt skulle av) og foringer i øvre arm bak høyre på ca 150K. I forrige eiers eie kun byttet bremseskiver bak. En hastighetssensor venstre foran i fjor.

Så har jeg byttet arb foringer bak nå på snart 180K. Har vært billig bil så langt :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Høyres bra ut Truls!

 

Har no bytte generator (kakestykke når verktyet for å få av vifta allereie var laga i sommar) , satt inn nytt Sønnak SA1000 batteri og ser at batterispenninga ligg pent jamt over.

 

Det som ikkje har forsvunne er feilmelding C1A10 på luftfjæringa. Ved fjerning kjem den spontant tilbake ila sekunder og ligg så der og stråler med rødt symbol.

- tidvis får eg mld om "vehicle will raise after system has cooled" eller noko sånt - då har kompressoren ifg kodeverktyet hatt temperaturar rundt 140 C. 140 grader skal vere cut off, men har settt 143 C før den kutter.

- i garasjen i kveld løfter den først svært seint - med mld om dette i displayet , men seinare med "gallery pressure" på 1700 kpa (?) går det smertefritt. La med under, tok ned nedre deksel av kompressor - bytta i fjor - og sprøyta såpevatn på alle koblingar og lokk samt på reservoaret. Reservoaret er i bakre kant noko rusta, og her er det HEILT minimalt med syding zalovatnet. Er dette forklaringa ??

 

Googling av C1A10 antyder feil på Air suspension control module ? Har soltaket mitt fyllt denne med vatn?

 

Kor bør eg leite vidare ? Altså konstant feil, men fjøringa fungerer stort sett, generator, batteri og kompressor alle ferske. Alle tips mottas med takk!

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


×
×
  • Create New...