Gå til innhold

Veteran-sidevogn-mc


Anbefalte innlegg

Eg vurderer å legge min Chang Jiang MIM-Super HY 750 B -59(noko i den dur) ut for sal.

Sykkelen blir berre ståande og eg får ikkje brukt han. Må jo ha litt vedlikehald og bruk og eg får ikkje tid.

 

Eit par bilde:

med_gallery_1623_9_169031.jpg

 

med_gallery_1623_9_233786.jpg

 

Link til liknande

MC på youtube

 

Eg kjøpte CJ´en i april 2005 frå MC-apoteket i Tønsberg. Dei importerer overhalte kinesiske MC som ein kan (meir eller mindre) få laga etter eigne spesifikasjonar.

Eg vart anbefalt å ikkje bestille mykje fornikla detaljar og det var med god grunn sidan det som er rustar som berre fy. Den kinesiske lakken er heller ikkje mykje å skryte av.

 

Eg var so dum og slå på stortromma då eg bestilte:

Toppventilert motor, oppgraderte stempel/ringar, oppgraderte forgassarar, større oljepanne, 12V-anlegg, sjølvstartar, ekstra felgar og dekk, sidevogn med ekstra sete og vindskjerm, brems på sidevogna og ammokasse til ekstra bagasje, tank med hanskerom og dyraste framgaffelen, + totonelakk.

 

Nokre månader etterpå vart eg far for første gong og sidan har eg nesten ikkje sett sykkelen.

 

Prisen eg betalte var 46 500,-, sidan han på langt nær er like fin som han var og eg som sagt ikkje får brukt han er eg villeg til å selje nesten uansett. Der er dessutan eit par ting som må ordnast og det kan ein jo og prute på.

Kom med skambud!

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

hvor begynner smertegrensa... kunne vært morro med sånn kinesisk trehjuls sykkel..

Vel, det kunne vore greitt å sitje igjen med nok til å kjøpe ein annan billeg veteransykkel, når den tida kjem.

 

Eg er jo ikkje heilt sikker på om eg skal selje; er nok litt delt sidan eg likar denne kjempegodt, men ikkje heilt kan forsvare å ha han lenger. Gjer eit forsøk på å la skjebnen råde.

 

 

Fleire ting eg kom på:

Totalt registrert for fire personar.

Forsikring på kr 743,- Kunne få det billigare, men då var det restriksjonar på bruk. Årsavgifta er kr 380,-

Fire gir+revers. Alltid moro å rygge inn/ut av parkering. Eg har og liggande drev til høgare fjerdegir, viss ein synest det må til.

Kardangdrift, tosylindra boksermotor, eitpar-og-tredve hestar i standardutførelse, denne er nok minst førti.

Alle hjula passar omkvarandre - bak, framme eller på sidevogna.

Sidevogna kan monterast på sykkelen (eller avmonterast) på få minutt.

 

Fleire bilde, frå den store dagen...

 

med_gallery_1623_9_81400.jpg

med_gallery_1623_9_219395.jpg

med_gallery_1623_9_140483.jpg

 

 

For øyeblikket står sykkelen vinterlagra inne blant mykje rart, men når ver og føre tillet det, skal eg køyre han ut og ta bilde av dagens tilstand. Har snøa ein halvmeter her siste dagane, so det kan ta litt tid.

 

Kjem sikkert på meir. To be continjud.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Tjolahopp!

 

Har hatt ein tur til no i år, og kunne konstatere at ventilane må justerast, tenningslåsen er kaputt og at skjørtebank er ein pen lyd. (Her delar vi ut prutetema. :rolleyes: )

 

På den positive sida er det enkelt og rimeleg å fikse, han startar med ein gong, putrar og går bra og har sjarmen i behold.

 

Vurderer enno sal/byttehandel. :):(:blink::wacko: Det er litt meiningslaust at han berre blir ståande ubrukt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
  • 2 uker senere...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...