Gå til innhold

Diesel pumpe til Webasto Thermo Top V starter ikkje


LeiavåskruLR

Anbefalte innlegg

Hei folkens!

 

Eg sliter litt med å diagnostisere eit problem med Webastoen i min 2010 mod Land Rover Discovery 4, 3.0 TDV6 HSE. Km stand ca 178 000 når feilen oppstod.

Webasto typen er Thermo Top V.

Batteriet i bilen er 1 mnd gammal.

All testing har blitt gjort ved utetemperatur frå 4 grader og ned til -7.

 

Det begynte med at kodinga på fjernstyringa plutselig «datt ut». Då låg det feilkode på U0166-00 (68) Lost Communication with auxilary heater Control module. Etter eg koda opp igjen nøkkelen var denne feilen vekke og nøkkelen fungerte uten feilmelding.

 

Når eg prøver starte webastoen med nøkkel eller med tidsinnstilling virker alt normalt. Webasto køyrer test syklusen på vifte, vannpumpe og brennkammeret men den starter ikkje å brenne og til slutt stopper webastoen å gå. Etter litt feilsøking fant eg ut at den ikkje begynte å brenne fordi den mangla diesel. 

Når eg køyrer diesel priming via diagnose (Gap IID Controll) høyrer eg pumpa går og den leverer diesel. Dette gjere den ikkje ved start av webasto via fjernkontroll eller tidsinnstilling. 

Har også funksjonstesta webasto med Gap Controll og får ikkje opp feil. Det ligg heller ingen feil på ECU.

Brenn kammeret er åpna og reingjort. Det såg veldig reint og fint ut og då webastoen fungerte var det heller ingen røyk av den.

 

Eg har søkt litt rundt i forskjellige forum men ikkje funne noko som likna på mitt problem.  

Eg tenker at sidan dette skjedde plutselig og at diesel pump går ved test i Gap Controll ligg feilen i styrings kortet til Webastoen, men eg er absolutt ingen ekspert på dette. 

 

Nokon som har hatt samme problem med sin webasto eller som har innspel på kva dette kan være? 

 

Eg har ikkje sjekka spenninga eller straum trekket inn til pumpa verken ved funksjonstest i Gap Controll eller ved webasto start via fjernstyring. Rekner også med at pumpa er frå 2010. Kan det være at straum trekket når vifte, sirkulasjons pumpe og brennkammeret med gløding er så høg at pumpa ikkje klarer starte viss den er slitt/går trengt eller det er dårlig kontakt og derfor har høgt straum trekk?

Eller kan det være så enkelt som ein defekt termo bryter?

 

Mange teorier eg tenker på…

 

Ønsker alle Land Rover eigare eit riktig Godt Nytt År.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen!

Eg bestilte meg ein komplett webasto Thermo Top v frå ein engelsk kondemnert Disco 4 så prøver eg kortet frå den og ser om eg får i gang diesel pumpa.

 

YMK: Sirkulasjonspumpa går og høyres ut som den fungerer normalt, men har ikkje webasto diagnose så får ikkje bekrefta dette 100%. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...