Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'trafikkvett'.
Fant 1 resultat
-
Det kan nok vere fordi det er ferietid, men siste tida har eg vore involvert i diverse trafikksituasjonar der fellesnemnaren er at folk oppfører seg som om dei har panikk. Typisk situasjon har vore at eg møter ein bil som har ei hindring på si side og som legg seg over i motgåande, mitt, felt slik at eg må stoppe. Sjølvsagt gjev dei ikkje teikn på noko måte slik at det blir opp til meg å hindre krasj. Og når dei passerer meg sit dei med stivt blikk rett fram og det er ikkje snakk om noko helsing eller noko. I går måtte eg rygge eit stykke på ein smal veg fordi bilen som var framfor meg stoppa for å ta på passasjer og så rygga han mot meg utan å ta noko som helst omsyn slik at eg berre måtte kome meg unna. Og han såg nok at eg var der, for då eg stoppa litt gjorde han det same, men han gjorde ikkje noko anna heller og då eg rygga vidare kom han etter. Det var jo berre ein bagatell, men når ein har vore hoggestabben nokre gongar blir ein litt lei. Dagen før måtte eg ta ein brå unnamanøver då eg skulle ta av til venstre og bilen bak meg, Mercedes kassebil med campingvogn, la seg ut og begynte på forbikøyring lenge etter at eg hadde slått på blinklyset. Fekk bråsvinga meg inn til høgre og stoppa. Kjerringa i passasjersetet på Merca såg ut som ho var rimeleg oppgitt over oss, den megga. Ho burde forstå at utan min reaksjon hadde dette enda i kollisjon. Det var nokre tidels sekund om å gjere. Derfor håpar eg iallfall LRF-folket kan vise seg vaksne nok til å unngå slike situasjonar. Berre ei lita bøn frå ein kar med veldig dårleg og hard trafikkert veg rett attmed huset sitt.