Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'syndefloden'.
Fant 1 resultat
-
Diesellekkasje av bibelske dimensjonar og drukna dynamo D2 2003
Hans Disco2 publiserte et emne i Discovery Forum
For å gjere ei kort historie lang.. Har hatt litt småplukk med bilen i det siste og har Tres Amigos + parkbremselys som passasjerar på fast basis. Tok derfor ikkje Discoen på vinterferie, men lånte RRS med svigers...(heilt ok byttehandel...) Discoen vart brukt til litt småkøyring på heimtraktene, og ryktene om Viking-bil, mulig girkassehavari(...???), perestrojka og mørketid nådde etterkvart høgfjellet.. Realitetane var ein spontan "Earth Hour" i dashboardet med påfølgande mørketid og stopp på ein rasteplass i dei djupe skogane i indre Nordfjord, Viking-bil og lagring i Land Rovergarasjen til svigerfar. Etter et par trøstepils kom eg fram til at det er folk som har det verre enn meg. Tenk på alle dei som har Toyota! Litt spent då eg fikk sett på bilen etter ferie og oppdaga ganske kjapt ein lekkasje(typ brannslangetrykk) på returslangen til dieseltrykkregulatoren. Dynamoen var bada i diesel og produserte fint lite straum, så eg er litt spent på om den kjem seg heilt til hektene... Etter litt diskusjon med bygda sin Discoguru kjem eg til å skifte heile dieseltrykkregulatoren med tilbehør når eg først er i gang å rota nedi der. Det som bekymrar meg litt er tilstanden til dynamoen... Er det nokon andre som har dynka den i diesel slik at den har slutta å virke for så å få den i tipp topp stand igjen? Evt rep kit? Og er det nokon i indre Nordfjord med diagnoseutstyr til Disco 2? Skulle ha sjekka om det er ein ABS-sensor som gjer at eg har selskap i bilen... når den går vel å merke...