Har beynnt med noe i siste lita, og fått to overraskelser som ødelegg heile planen. Kan værdas beste forum bistå med nyttige råd som vanleg?
1: Eg skal bytte registerreim, men får ikkje av det ytre reimhjulet på veivakslingen (hjulet i midten på biletet under). Eg har skrudd ut senterbolten og har forstått det slik at det da skal vera mulig å nappe hjulet av, eventuelt med hjelp av ein spak på baksida. Eg har prøvd med to brekkjern og eit doggspett frå jernbanen (brutalt verktøy) men hjulet rikker seg ikkje. Sidan det no er i ferd med å bli søndag prøver eg å unngå kraftig ordbruk. Noen tips?
2: Da eg skulle skru av viskosekopplinga på vifta forsto eg litt for seint at den måtte ha linksgjenger. Dermed klarte eg å knekke gjengestykket på vifteakslingen (til venstre i biletet under). Korleis bytter eg denne, og er det noe EWS pleier å ha på lager?
Håper noen kan hjelpe meg fort. Eg har søndag formiddag, mandag kveld og tirsdag kveld på meg før bilen skal trekke campingvogn til Nordmøre...