Hei. Har montert 13 pol kontakt på Defenderen. No har eg kobla berre dei frå 7 pol kontakta. Tenker å koble ladestraum på pol10 for å lade batteriet i campingvogna, men er usikker på kvar eg skal ta straum til kontakta frå. Har forstått det sånn at å koble rett frå batteriet i bilen ikkje er lurt då det er forskjellige typar batteri. Ved å koble rett på batteriet vil ein tappe bilbatteriet og ikkje lade det i vogna. Bør vel då koble rett frå dynamoen og då med noko som splittar og sender korrekt straum til begge batteria? Om eg har forstått ting riktig.
Odd Arne