Gå til innhold

Bjarte i Nordfjord

Medlemmer
  • Innlegg

    17
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Nordfjord

Previous Fields

  • Location / Bosted
    Breim

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

Bjarte i Nordfjord sine prestasjoner

Medlem

Medlem (2/7)

  1. Hei.

     

    Er det mulig å få setene til Jessheim? Evt. møte meg langs E 6? Kjører til Olden torsdag 11 april. kvelden.

     

    Jan - Otto

    906 45 035

  2. Hei, eg har to framseter eg skal ha i Montgomery, som skulle vore frakta frå 2412 Sørskogbygda, og nordvestover mot Sandane i Nordfjord. Om dei berre kom til Otta, hadde det vore til god hjelp. Nokon som kan hjelpa, eller har gode råd for rimeleg transport :-) ?
  3. Om du som kjøper denne ikkje treng motoren, kontakt meg ......
  4. Han heiter Geoffrey, og fungerte godt for førre eigar frå 2011-18 ;-) ......
  5. Treng frakt til ein paraply-awning, 230 cm lang og 11,5 kg. Skal monterast på ein 110.
  6. Iiiiiihaaaaaawwww, fekk til å setja inn eit bilete ! Fabelaktive greier, desse personlege datamaskinene du...... Her ser du traversen ferdig modifisert (og måla med svart Arcanol, har teke heile undersida på bilen med høgtrykkspylar, stålbørste, Owatrol og Arcanol....). Treng litt breidde på denne nedsenka delen, då akslingen bevegar seg rimeleg mykje frå side til side under fjøyring.
  7. © © LRforum.com

  8. © © LRforum.com

  9. Gratulerar med valet !! Du kan alltids ringe delelageret til bussfabrikken Vidre, tidlegare Vest Karosseri i Stryn, og høyre. Tlf. 480 85 500. Det er enklare å lage spacerane i stål, då unngår du heile problemet.......
  10. Eg vurderte ôg å flytta ned heile traversen, men då ville eg få eit stykke stål stikkande langt ned i heile breidda, godt eigna til å setja seg fast i stubbar, steinar og evt. andre avleggarar av Moder Jord. Slik som det er no, stikk den senka delen av traversen ned rett bak diffklumpen, der er han ikkje i vegen, kan tvert i mot virke beskyttande når ein prøver å rygge seg av nemnde avleggarar.... Hugsar ikkje i farten kvar eg fann ABS-kablane, men eit kjapt søk ga denne: https://www.expeditionexchange.com/slickrockfab/ Der er mykje anna fint ôg, her gjeld det å begrense seg...... ............ Ser av biletet ditt at denne guarden nok må omarbeidast for å høve med mi løysing. Det er imidlertid ikkje noko problem å bygga ein slik guard som tek omsyn til "krokete" travers.....kor mange timar hadde døgnet sa du ???? ........ Tjukkelsen på spacer'n din meinar eg er om lag lik med tjukkelsen på traversen, stemmer godt med det eg gjorde. Har sett denne løysinga fleire stader, men det undrar meg ein smule at det er vanleg å bruka aluminium og ikkje stål i spacer'n . Vil tru det skaper diverse galvaniske finurlegheiter.....?.....Har erfaring med bygging av alu busskarosseri (Vest), der var det alltid nylonspacerar/hylser i boltforbindelsane mellom karosseri og stålråme for å unngå dette. Eg måtte bore ut to av boltane som heldt traversen.......
  11. Desse er bra: http://www.extreme4x4.co.uk/acatalog/URETHANE_BUMP_STOPS.html , Offroadbutikken hadde liggande eit sett til meg, og skaffar sikkert fleire. Dyre. Extreme4x4 ville at desse skulle kjøpast gjennom forhandlar i Noreg, og viste til Offroadbutikken. Du har rett, lite med extended bump stops for D2 sjølv om der finst mange heva etter kvart. Min 2002 er heva 2" slik: Stivare framfjører, spacer under belgane bak, forlenga støtdemparar, bump stops som over, lenger bremseslangar, nedflytte ABS-kablar, omarbeidd travers under fremste mellomaksling (viktig). Fungerar heilt greit. Dekk er endå ikkje bytte, vurderar GG AT2 265/75-16. Lukke til .
  12. Er imponert over kunnskapsnivået her på forumet, som relativ fersk DiscoII-eigar legg eg difor fram fylgjande problem: I min 2002 DiscoII, kjøpt i romjula etter at min betre halvdel havarerte ein Hiroshimaknallert på glatta (takk, ho har det berre bra..), er originalspelaren i dashbordet bytt ut med ein Sony-eitelleranna. Visuelt forringande, men elles ok. Trur eg. Problemet er at mellomtone og diskant framme på venstre sida, samt sub-ane i bakdøra teier stilt same kva eg skrur på. Førre eigar påpeikte sprengde element. Trudde han. Etter å ha plukka ut elementa (alle Philips) og testa dei er eg sikker, dei er ok, neste pasient på lista er forsterkaren. Kva denne heiter er eg usikker på, men meinar det er nummer XQK000010. Mistenkjer tre av kanalane for å ha teke seg ein tur ut. Heilt ut. Skal ta meg ein tur til ein kompis i kveld og kopla til eit skop for å sjå kva som finst på utgongane. Viss det er som eg trur, kjøper eg brukt forsterkar, finst mange rundt omkring. Og så kjem spørsmålet: Kan Harmann Kardon sin XQK100210 brukast direkte i staden for XQK000010 (plug and play, bokstaveleg tala)? Og har det noko føre seg, kan det påreknast noko betring i lyd?? Er Harmann Kardon sin forsterkar begrensa oppover til 2000 modell?? Ser på innsida av dørpanela mine at anlegget er rekna for å vera "Premium", er det originalanlegg frå 2002 som er meir "Premium"?? Er ikkje ute etter best men ok lyd, meinar originale anlegg skal låta greit nok (har ein kompis med litt eldre DiscoII/Harmann Kardon og det lèt heilt ok....). Det er vel med meg som med mange andre, trur eg, einaste sjansen vi karane har til å skrue opp lyden utan at betre halvdelar og slike skal hiva seg over Mute-knappen, er i bilen på veg til og frå eit eller anna................:-) ............
  13. Så vidt eg hugsar må du ut med klimapanelet, plugg ut eit par kablar eller tre på baksida, del det ved å løysa to stjerneskruar, så kjem du til pærene inne på eine printet. Ikkje møleg :-) .
×
×
  • Opprett ny...