Har fulgt tråden din eg og:-)
Klarer du å isolere klakkinga til eit eller fleire stempel? Er klakkinga årsaka av struping i dieseltilførsel eller er det noko mekanisk som forårsakar den?
Blir synsing frå mi side, men sidan du har klakking og mistar effekt ville eg misstenkt feil i dieseltilførsel. Er dyse 4 friskmeldt? Kan også vere eit eller anna elektrisk; alt frå feil i jording (prøv å legge ei ekstra jordledning frå dynamo til batteri), turtallssensor, dieselpumpe eller eit eller anna mystefistisk i becm-en...
Desse bilane har ofte eiring i ledningsnettet, særleg under a-stolpe på begge sider. Usikker på om feilen kan ligge her, men ein kan jo aldri vite, eit anna skot i blinde er den nemnde becm-en: den vil også kunne få eiringar på elektronikkplatene (særleg den øverste) . Dette kan gjere at signal "hoppar" feil og gjev bilen falske signal. Du kan demontere og rense denne med oksidrens frå Biltema. Dog usikker kor mykje den styrer Ift motor og dieselpumpe. Bilen har jo ein eigen ecu til motor
Ville byrja med dei enkle triksa før du byrjar på større prosjekt..:-) uansett nyttig med nanocom