Gå til innhold

VesleGunnar

Medlemmer
  • Innlegg

    50
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Fana

Previous Fields

  • Location / Bosted
    Bergen

Nylige profilbesøk

925 profilvisninger

VesleGunnar sine prestasjoner

Aktiv Medlem

Aktiv Medlem (3/7)

  1. Tenkte nokon ville ha ein oppdatering på korleis det gjekk med Baronen. Lafterolf hadde feil, men råd og vink, gjerne feile hjelper jo i feilsøkinga, så takk for hjelpa. Forslaget om å dobbelt sjekke hjelpereléet (hornrelé, auxilliary relé), sørga for at det var ute av diskusjon. Løysinga, iallefall midlertidig, blei å tvinge ut katastrofelysknappen. Og tjuvkople mellom 15 og 49 på det som var katastrofelysbrytaren (sjå skjema vedlagt). Dette fekk blinklysreléet til å blinke. Litt skuffa i starten då varsellysa på instrumentpanelet (også for tilhengar) å blinka, men test med retningsbrytar fastslo at også lysa på utsida blinka. Innvendig blinka det no konstant. Bytta til vinterdekk og blei koko av heile blinkerelélyden av å snu bilen. Fann ut at dette ikkje ville halde til test tur, så eg innstallerte ein BMW-knapp. Denne bryter tjuvkoplinga mellom 15 og 49, slik at eg mellom kryss, rundkjøringar og hasardiøse forbikjøringar kan slå av blinkelyden og varsellysa. Men når dette er gjort så er Baronen tilbake i BMW modus der retningslysbrytaren ikkje virker. Litt provisorisk, sjå bilete. Gleder meg til Vestfold Shipsservice tar telefonen igjen, gjettar dei har juleferie. For ergonomi og HMS vinn ikkje BMW-knappen noko pris for.
  2. Hei trenger hjelp til kor eg skal fortsette å leite etter blinklysproblem. Så her kjem ei oppsummering av historia. Blinklysene slutta å virke på Baronen, x-mil serie 3 24v, det har skjedd ein gong før og då begynte dei å virke igjen ganske fort etterpå. Feilretting då gjekk ut på å slå av og på motoren om det har noko å sei. Som den gongen virka naudblinklyset, men utan å blinke. Denne gongen begynte blinklyset ikkje å virke igjen. Antok etter synfaring av koplingskjema og på diverse at det nok var blinkreléet som var gået. Bytta dette. Virka ikkje, men tok ein kor prøvetur og då begyne det å virke litt. Før berre naudblinken virka. Målte rundt og oppdaga at hjelperele (auxilliér releet på engelsk, hornrelé på forsvarsk) ikkje gav korrekt spenning ut, bestilte nytt og bytta dette. No virka ingenting. Tok mange måle runder der eg prøvde å sjekke at alle plassar som skulle ha kontakt har, dette er sjekka på horn/blink bryter på rattstammen, naudblink brytaren, på hjelpereléet og prøvd på blinkreléet. Har også målt mellom desse så i alle posisjonar så ledningsnettet skal være ok (håpar eg). Rattstamme bryter har brudd i lyshornet (har alltid vore slik), men det bør ikkje ha noko å sei. Etter alle desse rundane og bytte av hjelperelé så begynner sikring 3 å ryke når eg skrur på naudblinken. Men om naudblinken er av så ryker ikkje sikringen, har ikkje testa hornet når eg tenker meg om. Tyder dette på at naudblinkbrytaren er øydelagt? Eller er det andre kjente plassar ein kan få krypstraum i blinklyskretsen (eller den som blinklys høyrer til). Eg er litt redd for at eg driv å øydelegg nye delar for å finne den opprinneleg øydelagte, som skapar ein høna og egget situasjon. Så alle kontrollpunkt taes imot med takk. Om nokon har meir vitenskapeleg testa blinklys-relékrinsen så vil eg gjerne ha tips der og. Det er neste steg for min del å ta av alle nye delar og teste dei i labb/stove/sløydsalen. Og så er det å bytte naudblinkbrytaren ikkje det eg har mest lyst til, eg forstår ikkje heilt korleis eg skal få den laus. Om vi ser bort i frå knusen brytaren, kutte alle ledningane eller demontere heile dashbordet for å finne koplingen. Men som ein seier ein land rover eigar må det ein land rover eigar må. Om nokon har forsvaret sitt koplingskjema i godt leseleg versjon så vil eg gjerne ha det og.
  3. Eg har ein halslykt frå CAT og billig sak frå Europris. Den i samarbeid med ein billig lykt frå europris gir breiare lys bilete, og utfyller skuggane til hodelykta. Aleine får du nokre skuggar, men nokre andre enn hodelykta aleine. Bruker oppladbare batteri som eg kan bytte med eingongs om det går tomt. Eg kjøpte mi på Jula: https://www.jula.no/catalog/hjem-og-husholdning/hjemmeelektronikk/lommelykter-og-lyskastere/lommelykter/nakkelampe-led-012896/
  4. Sånn av akademisk interesse. Korleis er 7.50R16 kontra 2,35-85R16 kjøre egenskapsmessig? Har bare prøvd 2,35-85R16, men når eg ein gong skal bytte dekk så er jo 7.50R16 interressant. Vil det vere forskjell på kjøre egenskaper? Vil vinter og sommar ha noko å sei?
  5. Eg hadde i mange år skrustikke montert i bilen, haugevis med fastnøkklar, og eigentleg alt anna verktøy eg hadde. Kom relativt seint fram til at utanom verktøy til hjulbytte og stilling av tenning så hadde eg aldri brukt noko på tur, så eg slanke alt ned til ein mappe bak passasjersetet med 13 og 10 fastnøkkel med skralle, ein skifte nøkkel, kniv. heiv også med ein hammer, tang, prøve lampe, multimeter, ymse sikringar, ymse el-delar, bensinfilter dugeleg med elektrikker tape, WD 40 og startkabler (og her lurer eg stadig på kvifor då eg har x-mil). Har også med ein feltspade og kniv. Har også ein billeg multiverktøy som tek opp plass. Hjulbytte verktøy er også med. Har også nokre olje av forskjellige typer til forskjellig bruk, men mest brukt til spontansmøring av oppbevaringsrommet bak. Ville nok vurdert litt meir til langturer og Haynes manualen. Har difor kjøpt inn verktøykasse sånn i tilfelle.
  6. Kan jo sende mail til Husquarna. Om du har våpen nummeret så har nok dei typen i arkivet sitt.
  7. VesleGunnar

    sveiveradio

    Min erfaring er at du sveiver nå og då for å vise at dingsen kan det. Men at om du faktisk er tom for straum, så er plutselig behovet for straum veldig lite og du venter til du har lade tilgang allikavel.
  8. Gamle reglane for BE som blant anna eg er underlagt lar ein kjøre tilhengarar som er registrert for meir enn 3500kg bak personbil, så lenger hengervekt når du kjører er under 3500kg og ikkje overstiger tillatt vekt på bilen. Det er litt vanskelegare enn dette for desse hengarane skal ha automatisk brems(denne detaljen kan eg ikkje heilt), men påløpsbrems er ikkje lov, då desse er eigentleg berekna til bruk med lastebil C1E og CE sertifikat. Nye reglane er at alle tilhengarar som er godkjent for 3500kg eller mindre kan trekkast med personbil berre vekta når du kjører ikkje overstiger bilens tillatte henger vekt.
  9. Vel no har eg har eg BE og har hatt D1E og BE som dispansasjons ordning gjennom Forsvaret (ja dei har nokre unntak til førarkort). Då eg var i forsvaret bestod E opplæringa i den berømte turen med tilhengar og 1 time rygging på parkeringsplass utan veileder. Det vart jo så som så. BE opplæringa tok eg for nokre av dimmepengane og oppdaga fort at eg trong lastsikringstimen og opplæring av veileder. Tok nokre ekstra timar (2 fleire enn påbudt) for å sikre at eg ikkje strauk på oppkjøringa, og ja eg trong faktisk dette. Har hatt mykje nytte av sertifikatet i ettertid og er faktisk blitt ganske trygg på rygging med hengar etterkvart. noko eg ikkje var under oppkjøring. BE opplæringa er ikkje noko hokuspokus eller noko ein treng rakettkirurg til, men som med det mest blir det betre med hjelp frå veileder(kjørelærer) som kan det. Og har du kjørt mykje med hengar (lovleg eller ikkje) før du tek kurset så har du absolutt eit betre utgangspunkt til å bestå akkurat som med bil. Men som sensor sa, det er like mange om ikkje fleire som stryker på dårleg plassering, dårleg planlagte svingar (rundkjøring), forbikjøring av syklistar (no er vogntoget plutseleg 3m lenger) og anna teknisk kjøring på vegen under oppkjøringa som på rygge oppgåva. Så ja det er absolutt eit hav av forskjell på kva ein kan lovleg kjøre på B og BE. Og det merketes virkeleg å plutseleg ha 2,7tonn etter ein lett bil under kjøretimane, du kjører opp med tyngste hengaren bilen har lov å nytte minus250kg. Campingvognregelen kunne nok med fordel vore fjerna særleg når ein no har fått B96 eller kva det no heiter.
  10. Sånn last messig såg denne lasta mykje betre ut enn eg har sett med person bil på sørlandet. Høyballar lasta på einaksla hengar etter ein sliten volvo, tilhengaren hadde berre 6 ballar. Blad fjørene på hengaren var retta ut av vekta og det kunne skimtes ein ørliten krumming nedover. Over til transport med gafflar. No vil eg ikkje påberope meg stor kunnskap om emne, heller det motsette, men det å kjøyre med gafflane heva høyres merkeleg ut for meg. Grunnen er todelt ein då eg tok truckførar bevis i 2009 var det viktig for læraren at gafflane var nede undertransport. Dette var for å oppnå betre stabilitet og minske farane ved eventuellle uhell pga at last løsna. Langs veg var det også argumentet at om man traff ein bil vill ein i fleste tilfella treffe under folk som satt i han, og i verste fall berre beina. Då eg tidlegare på året var på besøk på ein jordbruksskule og fekk kjøyre litt traktor der var dei veldig påpasselege at løfte anordningar måtte senkast under kjøring slik at ein unngjekk minst mogeleg fare ved eventuell hydraulikk feil. Det ville forøvrig overraske meg at det er forbudt med transport med gafflane etter veg, når gaffeltruckar som kan være større har lov? Sånn til sakens, trur du skal ta det opp med bonden når det høver seg. Som andre her ymtar frampå om så bare du ikkje drep bufe og øydelegg marka så er bonden ein trivileg kar.
  11. Eg nytter matolje på blad og skaft, dette er for å unngå å få petroleumsprodukt i maten. Dei brukast jo tiul alt. På slira bruker eg eit eller anna skoprodukt som er tilgjengeleg. Men ny gammal lædersmorning unngås pga av litt stram lukt. Har brukt neutral skokrem siste tida, då den stod lagaleg til.
  12. Bilde 3 er tatt rett ved dagensgrensa mellom lagerplassen til den gjenværande millitære delen av Trandum, det er FLO (depotet gjengen) som leker der no. Dei to bygga på høgre sida er i dag inngjerda og der står ein masse millitære kjøretøy (mest Scania lastebil) og ruster. Det kvite bygget er der framleis, men i forfall, det heilt til venstre er etter kva eg ser vekk. No nyttes plassen der Land Roveren står mest til rollespillet Refugee, vi har dessverre ikkje Land Rover med i rollespillet bare ein Volvo felt og nokre M6 lastebilar. Einaste unntaka er når vi holder rollespill på Vestlandet og eg tar med Baronen. Er det forresten muleg å skjekke om bilen har vore i FN teneste (eller anna info), har funne kvitlakk mellom to grønne lag med lakk på Baronen og han er ein gammal kriger?
  13. Beltet lå ikkje stramt mot kroppen, var helt utrulla og kunne fint gå rundt rattet (serie bil), speilet (det ute på førarsida) og samt meg selv (110 kg 1.89m høg). Så ville jo fort blitt 2er feil. Det eg eigentleg lurte på er om BYTTE av setebeltet er noko dere rekner som del av EU kontrollen kvar gong? Var litt slik eg forstod butikken når dei hevda 2års reklamasjon, og sida eg er relativt ung i dette selskapet ville eg bare dobbelt sjekka at eg ikkje var heilt på jordet (iallefall i dette høve).
  14. Bør kanskje presisere, det er ikkje sjølve beltet som er skada det er retursnella som har kilt seg skikkeleg, snurrer inn om du hjelper mykje og ellers sitter det bom fast. Kan ikkje sjå at det heilt henger saman med uvøren bruk på ein bil som av økonomiske grunner kjøres lite.
  15. Setebelte til førersetet mitt tok kvelden i går. Dette setebeltet er frå ca september 2010, vart innstallert etter EU-kontrollen det året. Setebeltet har heller ikkje vore involvert i kollisjoner eller anna unormalt. Var innom sjappa som solgte dei for å høre om reklamasjon, nei den var 2år. Synes dette er rart då etter kva eg kan fatte er setebelter varer som skal vare betydeleg meir enn 2 år. Hva meiner dere, burde setebeltebytte vore ein del av EU-kontrollen? Kan jo ikkje kjøre rundt med tryggleiksutstyr som er over dato?
×
×
  • Opprett ny...