Gå til innhold

smedenDAY

Medlemmer
  • Innlegg

    454
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av smedenDAY

  1. smedenDAY

    Defenderfelg

    Eg har ødelagt ein felg og skulle gjerne komplettert settet. Standard 5,5"x16"
  2. Har nok S3-prosjekt frå før av
  3. Eg skulle gjerne hatt ein litt rommeleg pickup som gardsbil, det er ikkje alt som er like kurant å stappe inn i stasjonsvognene. Er det noen som har ein 110" highcapasity dei vurderar å selge? Helst ein med 300tdi eller 200tdi, men andre motorvariantar er og interessant.
  4. Og medisinen er nye stempelringar? Eller er det ingen nåde og motorskift? Eller kan eg vera så heldig å slippe unna med ny toppakning (dersom det visar seg at ødelagt pakning er årsaken til trykk på feil side) ?
  5. Tok av oljedampventilen no. Den var i ferd med å dele seg på eige initiativ. Topplokket var poppa halvvegs av og gummimembranen gått i oppløysing. Er ødelagt ventil ein konsekvens av andre feil, eller kan det vera ein årsak?
  6. Problemet har utvikla seg i løpet av ca 10 000 kilometer frå det begynte med påfallande blårøyk i vår til no. Den brukar ikkje nemneverdig meir olje enn før (ca 0,5 liter pr. 10 000km) og det ryker ikkje frå påfyllingsholet. Oljedampventilen ser ikkje frisk ut. Eg har bestilt ny, men ikkje fått henta den enno. Kan det ha betydning? I løpet av siste veke (ca 100 km) har den også blitt frykteleg tungstarta, noe den aldri har vert før.
  7. Fødepumpa fungerar i alle fall når eg brukar den manuelt. Korleis finn eg ut om det er trykk i botnpanna?
  8. Bytta alt som følger i settet. Hugser ikkje om dei delane følger med, men eg trur det? Eg fekk det forresten saman med ei tann forskyving. Så ettar å ha tvinna ei stund på startaren utan anna verknad enn blå røyk ringde eg til Gaute, demonterte, konstaterte at Gaute hadde rett i sine antakelser, utbetra feilen og monterte saman att. Blårøyken har oppstått ei stund (kanskje 1000 km) ettar det og utvikla seg gradvis sidan. Først kun litt blårøyk på lågt turtal og skyvande drivline, så meir og ettarkvart ujamn gange. Motoren luggar no på lågt turtal, og paffer meget. Men på tomgang går den fint. På høge turtal går den tilsynelatende jamnt, men det er jo ikkje like lett å verifisere. På høge turtal blåar den ikkje, men den sotar fælt. Den sotar også ved tungt lass. Og ytelsen er vesentleg redusert på alle turtal.
  9. Er det noe tess å pusse/gjera rein dyser, eller bør ein kjøpe nye?
  10. Bilen har begynt å oppføre seg som ein overjustert sugedisel. Lagar blårøyk på lett gange og svartrøyk på tung gange. Går ujamnt gjer den og. Ingen ulydar, ingen vatn i olje eller olje i vatn. Er det turboen min som har slått seg vrang? Kan den fiksast, eller er det best å ringe Erik først som sist?
  11. Eg har ein kjølevasslekkasje som har vert ubetydeleg i mange år. Den siste veka har den oppgradert til ekstrem. Ca ein liter i døgnet uavhengig av drift. Lekkasjen er mellom motorblokk og registerhus ser det ut til. Noen som har opplevd tilsvarande og kan fortelle meg noe om sannsynleg omfang av arbeid?
  12. Eg har fått ei markant klakking i min '98mod 110" 300tdi. Den hørast best frå undersida og forsøk med skrutrekkar-stetoskop tilseier at lyden kjem frå kløtsjhuset. Lyden følger turtallet, og er der med kløtsj både ute og inne. Den kunne minne om kraftig ventilklakking, men ventilane har eg no justert utan at det påverka lyden. Forslag?
  13. Eg har også tre stykker liggande. Pent brukt. Eg kjøpte dei nye i 2011 og brukte dei ei kort stund. (Nummer fire tenestegjer i eit traktorhjul) Dei har lege mørkt lagra, og heldt i alle fall lufta da dei vart lagt der.
  14. Eg har liggande. I Asker. Du foreslår pris, så blir vi sikkert einige
  15. Finst det noe triks for å feilsøke kast i bremseskiver? Er jo forhåpentlegvis ikkje behov for å bytte alle fire ei veke før ferien...
  16. Er dei like med benkane i 110"? I så fall har eg eit sett.
  17. Har ein sidevegg (venstre side). Veggen er komplett med ruter og innfesting. Ten har fått ein karamell slik at veggen er litt skakk, men vindauga er uskadde. '98-modell med grønskjær i glasset.
  18. Eg har to stk. LT77 til overs. Skal vera i orden begge to i følge førre eigaren. Dei har stått i Range Rover Classic. Noen her på forumet kan sikkert verifisere om dei går om hinannan.
  19. Har ein '95 modell 300 tdi med litt klamme tendensar. Har ein tilsvarande '98 modell å samanlikne med, så eg veit det kunne vert mykje betre. Det verkar som om nivå 3 Ikkje fungerar. Nivå 1 fungerar veldig bra (avslått posisjon altså) Nivå 2 fungerar som ein vits (populært kalla "Ikkje på") Det susar litt og blir ein doggfri flekk på storleik med eit griseøre ettar ein halvtimes hardkjøring. Men nivå 3 - det som eigentleg skal blafre i luggen og blåse ut stearinljosa på dashbordet - det er heilt likt med nivå 2. Spaken klikkar to gangar, så den går langt nok. Men lyden hjelp meg lite. Noen forslag til kva som kan vera gale og korleis det kan fiksast? På førehand takk
  20. Såså Lafte. "Me skal koma om ikkje så brått"
  21. Oppdatering: Snorkel, Td5, R380, LT230, luftfilterboks, kjølevæsketank, spylervæsketank, og startmotor er avhalde.
  22. Kan ta med luftfilterboksen til Asker i helga
  23. Har litt ulikt som er blitt til overs: TD5 motor. Tilnærma komplett. 2001 mod, oprinneleg frå Discovery. Fungerte sist den vart brukt, men har vert lagra ute i noen år. Turbo var nyleg bytta. 2000kr. Discovery 2 bakaksling. Komplett. I orden, men rusten på alle utvendige flater. 1000 kr. Diseltank til 1999 modell defender. Komplett. Var i orden sist den vart brukt. Har vert lagra ute noen år. 1000 kr. Snorkel til defender. Komplett. I orden. Plastikk. 500 kr. Girkasse R380 til defender TD5. 1999 modell. Var i orden i følge førre eigaren. 2000kr. Reduksjonskasse LT 230 frå defender TD5. 1999 modell. Var i orden i følge førre eigaren. 1500kr. Girkasse LT77 frå Range Rover Classic. I orden. Årsmodell og kilometerløp ukjent. 2000kr. Vinsjfangar til defender. Frykteleg rusten og fæl. 50kr. Handbrekk til RRC. 500kr. Kjølevæsketank til Defender TD5. I orden. 100kr. Luftfilterboks til Defender TD5. I orden. 100kr. Startmotor til TD5. I orden sist den vart brukt, men motoren har vert lagra ute. 250kr. Spylervæsketank til Defender TD5. 100kr. Framre eksosrør til Defender TD5. 10kr. Fôringar til 2" hevesett til Defender. Ubrukt. 250kr. Lyktebeskyttarar til framlyktene på Defender/Serie3. 200kr. Alle delane frå defenderen kjem frå ein bil som er blitt hogd på grunn av rust. Bilen var forøvrig i orden da hogginga starta for eit par år sidan. Mesteparten er lagra i Hof i Vestfold. Noe i Asker. R380-kassa står hjå Gaute i Spydeberg. Alle prisar er vegleiande. Her går det an å gjera gode kjøp. Kvantumsrabatt er mulig Send PM eller ring på sjuognitti-nullseks-firogåtti-toogåtti. Mvh Veslesmeden
×
×
  • Opprett ny...