Gå til innhold
LRforum

Defensiv

Medlemmer
  • Innlegg

    38
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Location
    Nordvest

Previous Fields

  • Location / Bosted
    Sunnmøre

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

Defensiv sine prestasjoner

Medlem

Medlem (2/7)

  1. Hallo. Det er rundt lys eg treng. Eg vil gjerne ha heile lyktene, men det er nok med Eit glas til ryggelys + Eit glas til blinklys + ei komplett blinklys lykt
  2. Hei Eg treng to blinklys bak (orange eller klart glas), og ryggelys til Defender. Ha ein fin dag
  3. Her er delane. Ikkje eit hakk eller nokon skade i det heile, og heller ikkje spon på tappepluggen. Sporet på bolten verkar som ein feilproduksjon. Kan umulig være meininga at den skal være så grunn. Nokon som har tips til kvar eg kan få tak på ein ny bolt? Eller skal eg berre dreie djupare spor? Eit glas cognac for å feire no (men neppe så mykje at det blir spor i taket).
  4. Delane er ute. Magnet, kamera og flaks var naudsynt. Seegerring var syndaren. Ingen fotspor i taket denne gangen.
  5. Har mest lyst til å snu bilen opp ned og riste den!
  6. Defender 2004 td5. Har ei "ny" girkasse i bilen. Har gått eit drygt år. Fin olje. I går på veg heim slutta spaken å fungere. Kunne berre velge mellom fri og eit gir (ca 3 gir). Har no skrudd meg innover i kassa. Nr 19 og 20 på denne tegninga har ramla av og forsvunne nedover i kassa. Nokon som har eit godt råd?
  7. Bilen står på bukk og skulle helst vore på vegen til tirsdag. Stempel på calliper begge sider framme er rusta og må byttast. Gjerne komplette calipperar. Nokon som har dette liggande og vil selge og kan poste raskt? Takk
  8. Ja no er det gått eit år. Bilen har oppført seg eksemplarisk (litt styr med viskarmotor) men eg blir berre meir og meir glad i den. Har aldri hatt ein bil med så mykje eigarglede (muligens min fyrste bil - svensk herregårdsvogn). Nye demperar og fjører har gjort den mykje betre på veg. Sjølv med tung last. Kjører ganske ofte med 6-8 utvaksne mannfolk ombord og utstyr på taket. Den dreg tung hengar som ein draum og drivstofforbruket er heilt ok. Litt mykje røyk når eg bremser på kald motor. Nokon tips? Peik - dei benkane var fine. blir nok ein kopi av dei! Gitteret fjernar eg kjapt når eg har folk i hundeavdelinga. Men til dagleg bruk er det montert. Kjekt med ein illusjon om nakkestøtte. Skistativ har blitt forkasta fordi det fungerer så fint å ha alt på taket. Der blir det mindre skit og salt på ski også.
  9. No er heile viskaroppsettet fungerande. Den siste feilen var at hjulet på gjennomføringa var "gnagd" ned. Ny gjennomføring og alt er tipp topp. (Fasinerande mykje slagg i røret til perlesnora.) Takk (no er det pokalskifte neste)
  10. Hei og takk for tips. Ser eg var upresis i beskrivelsen. Det var ikkje "parkeringsfeil" men rett og slett ingen bevegelse eller lyd. For å gjere ei kort historie lang: Etter å ha bestilt delar frå engljand - demontert halve bilen - skifta til ny viskarmotor - utan effekt - smurt - kjørt ein vanvittig leiteaksjon etter elektriske feil fant eg ein kald og mørk kveld ut at det var sikringa som var gåen. Korleis eg kar greid å ikkje oppfatte det tidlegare er ei gåte - skuldar på ammetåke. No har eg ny, og nesten lydlaus, viskar. Alt var fryd og gammen i fleire timar før viskaren på førersida begynte å slure. Så nå blir det demontering igjen, men denne gangen er feilen mekanisk og ikkje elektrisk. Eg gleder meg, og snøen lavar ned! (har foresten ein godt brukt viskarmotor og ny perlesnor om nokon er i beit).
  11. Viskartrøbbel Har ein Defender 110 td5 2004 Bytta før jul "perlesnora" og overføringene ut gjennom veggen på grunn av mekaniske feil. Meiner sjølv eg smurte bra opp det nye og at det gjekk lett i røret. Viskarane har fungert i fint sidan . No har eg eit nytt problem - viskerane har stoppa midt på ruta (eg tolkar det om elektrisk feil denne gangen). Har foreløpig kun sjekka sikring (som var ok). Den oppfører seg som den er straumlaus, men dette er ikkje bekrefta. Eg har tidlegare sett ei feilsøkings oppskrift på viskarproblem her på forumet, men eg er ute av stand til å finne den. Er det nokon som har tips om kvar eg finn denne? No er det på med hovudlykt og ut i sludden for å gjere ein innsats! Takk
  12. Erik hadde på lager. Takk for tips.
  13. Til defender Treng 5 stk hjulmutter av denne typen. Utsjånad er ikkje viktig(så lenge dei passar). Om nokon har eit fullt sett med 20 "pene" er eg også interessert. Held til på Sunnmøre, men er mykje på farten. Slikt kan jo og sendast i posten (ikkje post nord for dei legg inn ei veke ekstra på leveringa her). Takk
  14. Har fått sjekka rundt omkring med olje og smørj, ser ok ut. Har litt lekkasje frå topp. Har ikkje merka det på peilinga, men det viser blir litt grisete. Neste prosjekt er nye toppakning, demperar framme og ein lekkasje på venstre pokal. Etter det håpar eg på at det kun blir lett vedlikehald, dekkskifte og finpuss i lange tider. Legg ved eit stemningsbilete:
×
×
  • Opprett ny...