Gå til innhold

ENDALR

Medlemmer
  • Innlegg

    11
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Indre Arna

Previous Fields

  • Location / Bosted
    Indre Arna

ENDALR sine prestasjoner

Medlem

Medlem (2/7)

  1. Oppdatering. Har funne lekkasjer. Det viser seg at Land Rover har slurva litt i valg av T og L stykke som går inn på motorfestene, for her var det lekkasje mot gummigjennomføringa. Heldigvis ein quick fix med 6mm plastslange.
  2. Har foreløpig ikkje funne ut så mykje meir her, men har hatt bilen på langtur i helga. Drar godt og girer fint, og det var ingen dunk lenger ved nedgiring på cruisecontrol i motbakke. Har lest gjennom linkane til engebo. Trur ikkje at der er unormal vibrasjon i bilen, så då er det vel lov å håpe på at det er slangebrudd istaden for defekte motorfester? Må lese meg opp på funksjonen på slike motorfester, og skal krype under bilen til helga tenker eg for å feilsøke meir. Enig med engebo at dette var ei merkelig løysing, det burde jo vært ein egen krets for aktive motorfester, men det er vel ikkje så lett på følsomme vakumsystem.
  3. Hei igjen, fant ut av det! Stor takk til Albatrost som fikk meg på rett spor! Denne ventilen styrer faktisk vakuum til motorfestene :-) Så då lærte eg noko nytt idag også. Bilane hadde ikkje slikt då eg gikk i lære. No gjenstår det å finne ut kor lekkasjen er, skal holde dåke oppdatert.
  4. God kvelden! Tok ei økt i garasjen med ei vakuum-testpumpe, og gikk over alle slangar og koblingar som var tilgjengelig der @Albatrost beskriver. Demonterte fremste del av innsug for å komme til. Finner alt i orden bortsett fra ein noko som ser ut som ein elektrisk vakuumventil på høgre side i motorrom. Den holder ikkje på vakum på den sida som har blå slange. Finner ikkje ut kva slags oppgave denne komponenten har i farten, men tok sjansjen på å koble den ut og testkjøre. Det var ein fantastisk tur! Bilen var ikkje til å kjenne igjen, mykje jevnare og smidigare i kryss, fartsdumpar start/stopp etc. Den var merkbart sterkare på tomgang også. Vi må over ein liten hump for å komme inn på tunet her heime. Tidlegare måtte vi alltid gi litt gass for å komme over, men no trilla den berre over på tomgang. Herlig! Er det nokon som veit kva denne ventilen er til? Ska prøve å laste opp eit bilde. Her er bildet.Ventilen ligger under kjøleslangen, og har blå og rød gummislange tilkobla
  5. Bra tips! Det må eg sjekke ut, veit du kor denne vakuumlekkasjen var? Er igrunn ikkje overraska. Då eg bytta register- og dieselpumpe reim måtte eg bytte nokre småslangar som hadde blitt til kjeks.
  6. Ja eg syns den responderer litt tregt når eg gir gass, spesielt etter oppbremsing. Det er jo ein tung bil, men tenker at den burde vere litt kvikkare kanskje. Samanlikna med fks BMW X5 med 3literen er den treg, denne bilen har vel litt meir sportslig oppsett, men likevel tenker eg at D4 med 3 liter og 256hk ville sparke litt meir? Når det gjelder ulyd høyrer eg ingenting, bortsett fra ein kraftig dunk i bilen når eg ligger på cruisecontrol i drive i slakk motbakke, og kassa girer ned. Dette dunket trur eg er pga slakk i opphengslageret på bakre mellomaksel. Eg har også tenkt at det er girkassen som er problemet, at den ikkje girer raskt nok ned? Den blei flusha på rundt 120.000 km (eg angrar på det) Dei bytta ikkje filteret, og kunne heller ikkje svare skikkelig på om det blei utført "adaption clearing" etterpå. Eg har iidTool, og har vurdert å gjere dette. Er det andre som har erfaring med "adaption clearing" på ZF8HP70 ? No har bilen gått ca 130k, og eg har bytta filteret for å utelukke det.
  7. 2012 Discovery 4 SDV6 Hei! Dette er mitt første innlegg etter nokre års fravær på forumet. Kjøpte ein D4 ifjor sidan S-Maxen vart begynt å bli litt trang til vår familie på 6. Ein fantastisk oppgradering, og så hadde eg selfølgelig som LR entusiast ønska meg slik bil i mange år. Eg har gått over bilen, reparert og bytta endel deler som eg heldigvis visste om før kjøpet. No trenger eg litt hjelp til å finne ut av det som kanskje berre er slark i drivverket? Er det normalt med litt slark som i ein litt sliten Defender? Opplever at bilen er litt treg å få igang, spesielt etter oppbremsing. Føler at den må ta inn igjen slarken i drivverket før den kan sette fart etter fks fartsdumper. Eg har ikkje tilgang til løftebukk, og einaste eg har funne av slark er i splines på bakre mellomaksel, samt utslitt gummi på lageret der. Er det andre som har erfaring med liknande problem?
  8. Jau funksjonen er jo grei. Fann ikkje bilde som viste kransen. Og ja det ser ut til at dårlige hjullager kan påvirke avstand. På Defender vil slakk i hjullager ikkje påvirke avstanden noko særlig då einaste "kontakt" mellom hjullager og drivaksling er via medbringar.
  9. Aha. Fant nokre bilder av D2 aksling. Eg visste ikkje at det var så stor forskjell! Leser abs sensor mot splines på akslingen?
  10. Hallo. Då kan eg melde at teorien stemte, og Defenderen er i orden etter skifte av nålelager FTC861. Skifta lageret igår kveld, og har kjørt bilen i heile dag uten feil. Men sidan Discoen din Hans Disco2 har fått det meste nytt, og det er periodisk feil, er eg i tvil om kva som kan vere gale med den. Ligg det restar av gammalt nålelager inni pokalen? Har du fått sensoren langt nok inn? Merka meg følgande ved rep av min: -Lett å ødelegge nålelageret ved montering -Viktig å shimse riktig mot flens/medbringar for å sikre at cv ledd er i riktig posisjon. -Foringen rundt abs sensoren kan bli "slakk" slik at sensoren ikkje står fast nok. Måtte bøye metallet før eg dytta inn sensoren.
  11. Hei Hans Disco2. Har du funne ut av problemet? Eg har identisk problem på min Defender 90 2001, og trur eg har funne løysinga, men vil gjerne få teorien bekrefta før delebestilling. Bytta du lager inni huben? Det er opplagring for CV leddet, og slark i dette vil eg tru kan dytte ABS sensoren ut av posisjon. For min bil har det delenr FTC861,og tenker at feilen ligger der. ABS sensoren glir ut av posisjon i sving, og varsellampene blir tent. Enig? Ellers trur eg ikkje at verken slitt hjullager, cv-ledd eller king bolt kan forårsake denne feil.
×
×
  • Opprett ny...