Gå til innhold

andersese

Medlemmer
  • Innlegg

    9
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Previous Fields

  • Location / Bosted
    Dar es Salaam

Nylige profilbesøk

501 profilvisninger

andersese sine prestasjoner

Nykommer

Nykommer (1/7)

  1. Oops. Det datt ut av annonsa, ja! 130 000 kr er ein ganske riktig pris. Det reflekterer bilens alder og køyrelengde, samt at me har fiksa den opp for 120 000 medan me har hatt den. Eg kan nås på 99162035 eller anders.ese@gmail.com
  2. Me vurderer å gi slepp på Discoen vår, ein 2005 HSE, i metallic grå, som har gått 270 300 km. No har me fått for mange ungar og andre ting som må prioriterast og investerast i, og me har funne ut at me - trass mengden ungar - strengt tatt ikkje treng 7 seter, sjølv om me nok kjem til å sakne all plassen og køyreegenskapane... Bilen er veldig pent halden både innvendig og utvendig. Svart skinn med det ein kan vente av ein HSE: Navi, Harman Kardon Logic 7 stereo. Adaptive xenonlys med hjørnelys. I tillegg er der Webasto med fjernkontroll, Defa, EGR blenda. Det er ein norsk bil. EU-godkjent til feb 2019. Den har Hakkapelitta R2 SUV vinterdekk som framleis sit særs godt (køyrd ca 6000 km). Dette vart gjennomført ved 246 000 km/2 år siden (PO): Nye bremserør bak begge sider Nye bremseskiver, klosser og håndbrekksko bak Nye skiver og klosser, framme Bremser lakkert Nytt lager på mellomaksel Nye foringer i øvre bærearmer, framme Ny ytre styrekule h/framme Storservice med luftfilter og dieselfilter Ny olje på transferkasse, framdiff og bakdiff Service på girkasse med ny bunnpanne og ny olje Ny frontrute Ny reg. reim med pumpereim, viftereim m. strammer Byttet 2 luftbelger framme Nylakkert framfanger Fluidfilm understellsbehandlet Øvre bærearmer bak skiftet Nye spissingstag bak begge sider Ny nøkkel Ny aktivator som åpner bakluken Nye foringer på øvre bærearmer, framme Hjulstillingskontroll Dette har blitt gjennomført mellom 246 000 - 269 000 km (ila de siste to åra): 2015 Nytt batteri 2015 Fjernkontroll til Webasto installert 2016 Byttet toppakning 2016 Byttet alle glødeplugger 2016 Nye bremsehus, bak 2016 Nye pumpearmer panser 2017 Full service 257 000 km 2017 Renset/smurt kulelager automatgir 2017 Service på luftinntak, forgasser 2017 Ny kamakslingssensor 2017 Ny høgtrykksdieselpumpe 2017 Skiftet deler av eksosrør 2017 Ny dynamo 2017 Byttet vindusviskermekanisme, framme 2018 Full service 269 000 km m bytte av div filter, olje, viskere osv. 2018 Ny kompressor
  3. Det er sjølvsagt ein betalt jobb. Kvar får eg tak i chokolademann?
  4. Takk for svar! Alt skal være i bra stand på bilen. Kjøpte den før jul av Mads SL som vanker på forumet her. Men tenkjer at batteriet i alle fall må bytast. Bør eg kanskje byte batteri før eg bestiller fjernkontrollen? Ang sjølv-mekking fekk eg beskjed om at installasjon inneber lodding osv. Med tvillingar i fanget når som helst, og ei datter frå før tenkjer eg at det er best å sette vekk arbeid.
  5. Hei! Discovery 3-en min har vondt for å starte i kulda, og eg har lada batteriet 3 gonger dei siste 3 vekene etter at det har gått tomt. Ettersom eg bur i Oslo utan tilgang til strøm, tenkjer eg at det kan vera lurt å: a) installere fjernkontroll til Webasto'en sjekke om eg skal bytte batteri i samme slengen. Har hatt ein hyggeleg prat med Peter i Praesto 4x4 som kunne gjere jobben i Fredrikstad, men kona har termin, og då er det ikkje gunstig om eg er i Austfald på feil tidspunkt. Kan nokon anbefale einkvan i Oslo som kan ta jobben? Kontrolleren kan eg forsovidt bestille gjennom Praesto. Takk! Anders Emoticons er noko herk! B med klamme bak vert til Solbrillemann. Eg meinte å skrive "b-klamme"
  6. Takk for innspel ESPO og Sfinx! Det er vel som ein påpeiker i sosiologien: dei fleste er nøygde med dei valga dei har tatt (les: bilane dei har kjøpt), og kjem med gode argument om kvifor det er rett val for dei. Førebels konklusjon er vel dermed at både HSE og SE har sine fordelar når bilane er 10 år gamle.
  7. Takk Ehrnst! Det er eit godt poeng at HSE-utstyret byrjer bli datert. 10 år er mykje i teknologisk forstand. So, nei, originalt utstyr betyr ikkje so mykje. Det einaste er vel at det er lettare å reingjere skinnseter... Ser ellers at det er 1 tomme forskjell på felgane. Og at det er ei ekstra takluke på HSE - eller er den berre anleis? Slik eg forstår det er det ingen motortekniske forskjellar på SE og HSE?
  8. Takk for tilbodet qcnr! Skal berre få kona til å prøvekøyre ein Discovery på torsdag... Ho må jo vera med på dette ho òg. Eg har forøvrig ikkje køyrd Discovery sidan midt på 90-talet. Sikkert lurt at eg tek meg ein prøvetur eg òg.
  9. Hei! Ny på forumet her, og er på jakt etter ein D3 grunna noko uventa familieauke (tvillingar). Har solgt unna gamle Land Cruiser HJ60'en, og håper på meir tid ved rattet og mindre tid under bilen (?) Me bur for tida i Tanzania, og flytter heim i desember. Skulle gjerne hatt bilen på plass innan den tid. Eg tenkjer med andre ord å kjøpe usett. Spørsmåla til forumet er dermed to: 1. Har sett på følgjande, som begge er tilgjengelege, ein 2006 mod SE og ein 2005 mod HSE. HSE'en er billegare men har gått lengre. Det forstår eg ikkje treng bety noko, so lenge bilen er godt teken vare på. Bør eg satse på ein av dei? I so fall, kva for ein? 2. Ettersom eg ikkje er der for å sjå på den sjølv (mekke-kompetansen dalar uansett drastisk på bilar yngre enn 1988) vil eg gjerne at nokon med innsikt ser på den for meg. a) Har nokon erfaring med NAF sine testar (feks. "komplett")? Ser dei berre etter generelle ting - eller vil dei klare å avdekke typiske LR/Discovery issues? Om NAF er bortkasta - er det nokon i nærleiken av Moss evt Sandnes/Stv som kunne inspisert bilen? Det er sjølvsagt betalt arbeid. Takk for hjelpa! Anders
×
×
  • Opprett ny...