Vi har byttet registerreim på ein D3 med 2,7 tdv6 motor. Vi var nøye og fulgte alle prosedyrer og låste av merka veiva, når vi monterte sammen så blei det ein differanse på 0,5 tann på veiva. Men det leste vi oss til at skulle vere innafor.
Så starta vi motoren og alt gjekk som normalt. Motoren oppførte seg som tidligere, dette blei gjort nokre gonger og den fekk stå å gå litt på tomgang. Så alt virka som om det var i orden. Så skulle vi rygge den ut av garasja. Starta fint da også sto og gjekk litt på tomgang, så blei den satt i R og vi begynte å sige sakte bakover kun på tomgang. Etter 2 meter bakover så begynte den å riste og oppføre seg som om den var ujavn så stoppa den ganske kjapt.
Hjelp, er dette eit motorhavari? vi har tenkt å demontere igjen å sjå om der er noko gale med registerreima. Det er andre gang vi skifter på denne bilen, forrige gang var det ingen problem, vi fulgte samme prosedyrer denne gongen men så skjer dette.
Tør ikkje vri om nøkkelen igjen før vi har demontert igjen og sjekka. Om den har hoppa over ei tann og er usynkronisert korleis finner vi ut kor veiva skal stå? (om merkinga vi gjor er borte)
Håper på gode råd og tips.
Øyvind