Gå til innhold

kaare.teigland

Medlemmer
  • Innlegg

    33
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Hyen

Previous Fields

  • Location / Bosted
    Hyen

kaare.teigland sine prestasjoner

Medlem

Medlem (2/7)

  1. Viss du ser på slutten av filmen så blir det nytta eit verkty for å sjekke elektronikken. Det ser ut som at det klarar å lese av kva frekvens som blir brukt. Kanskje LR-verkstad har noko slikt? Viss nøkkelen sender signal, så vil eg tru det er mottakar som har svikta.
  2. Batteria i begge nøklane mine tok kveld omtrent samstundes. 2006 mod. Fekk forvarsel i displayet om at spenninga byjra å bli dårleg. Det var litt knotete å skifte batteriet. Må sage opp "nøkkelhuset" (FOB), ta ut elektronikken, lodde av det det gamle og på det nye batteriet. Deretter må ein montere elektronikken i nytt hus som til slutt blir limt igjen. Sjå http://www.rrsport.co.uk/gallery/albums/userpics/13394/3%20Button%20Key%20Fob%20Case.pdf og Eg kjøpte FOB hjå Famous Four (meinar eg å hugse) og nye batteri på ebay.
  3. Her er det eg bestilte frå Britpart:SKU Product Price Quantity Subtotal PQS500370 Belt Engine Drive £10.05 1 £10.05 PQG500250 Tensioner Pulley £58.99 1 £58.99 PQH500130 Tensioner Pulley £29.50 1 £29.50
  4. Har leita mykje etter informasjon uten å finne noko. Har du link til den videoen? Ja, eg veit at dette krev straum. Har ein god ladar.
  5. Hei For ei stund sida kjøpte eg ein Faultmate MSV2 extreme. Den er jo kjempefin til å lese av feilkodar og redigere CCF med. Men eg har litt lyst å legge inn ny software for blåtann og klokke i dashbordet m.m. Vidare så tenkjer eg at det kan vere fornuftig å ha siste software på alle ecu-ane. Reknar med at nye filer enten er feilretting eller ny funksjonalitet. På blackbox sine sider er det drøssevis av forskjellige vbf-filer til nedlasting. Men eg finn ingen forklaring på kva som er innhaldet i dei forskjellige filene. Eller om dei er brukande for bilen min. Er det nokon som veit om det finnest oversikt over kva filer som skal/bør brukast til kvar ecu? -Kåre
  6. Er det ikkje innstillinga 'Lazy entry' som får den til å senke seg etter parkering?
  7. Viss du har tilgang på sveiseapparat, kan du sveise på eitt eller anna, t.d. eit gamalt skrujern.
  8. Viss du veit at strammaren er dårleg, så er det nok ein god ide å handle inn. Det tar fort nokon dagar å få levert ny, i alle fall frå England.
  9. Hei Fekk brått mykje ulydar frå motorrommet og frykta at havari på gang. Tikking og banking, spesielt på tomgang. Det viste seg å berre vere strammaren til multireima som hadde tatt kveld. Heldigvis... Er det nokon som har vore borti tilsvarande? Strammaren har rett og slett delt seg. Ulydane kom av at den låg og slo inn i godset. Ved høgare turtal stramma reima tydlegvis såpass at strammaren vart dratt litt ut og ulydane forsvann. Gjeld 2006 D3, gått ca 200' (som no har fått ny reim og to nye strammarar) -Kåre
  10. Høyr med Diesel-Elektro Førde eller Jølster bil.
  11. På D3 må ein av med innertrekket på døra. 4-5 skruer + klips. Veldig enkelt å gjere sjølv. Søk på youtube, der fann eg ein grei instruksjon.
  12. Ok, takk for all info. Tok ein ekstra sjekk av bakdekka og beslutta å gå for 4 nye. 4-hjulskontroll er nok ei rimeleg forsikring mot unødig dekkskifte... ;-) -Kåre
  13. Hei Oppdaga brått(!) att framdekka på D3 - 2006 er heilt utslitne. Ujamnt slitne som om det er dårlege demparar, det uroar meg litt... Samstundes har bilen vore litt "rar" på styringa i det siste, veldig ømtålegleg for sporete veg mellom anna. Trur eg skal ta ein foringsskjekk og hjulstillingskontroll igjen... Men til spørsmålet: Er det OK å skifte berre 2 dekka framma? Bakdekka ser heilt greie ut, men det vil nødvendigvis bli forskjell i omkrets med heilt nye dekk framme? Er dette nokon utfordring i høve til drivverket? -Kåre
×
×
  • Opprett ny...