Gå til innhold

Odd Arne

LRF Society
  • Innlegg

    1 614
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Odd Arne

  1. Greit nok at Hummer H2 er ein stygg og tåpelig bil, men derifrå til å mobbe dei som går hen å kjøper beistet er forkastelig!!! Angåande det å kollidere so var dei overskrift i avisene for eit par år sidan der det stod: " Dei farlige bilane!" Der dei hadde som sak at det var farlig å kollidere med store firhjulstrekkarar. Eg kan ikkje skjønne vitsen med å fokusere på at det skal være farlig å kollidere med ein firhjulstrekkar, når det er mange nok av lastebilar og trailarar som også er farlige for ein stor firhjulstrekkar å møte front mot front. Å kollidere er farlig! Det er ikkje greitt å mobbe nokon uansett!
  2. Der ligg nokre bilder frå treffet på heimesida mi under "min bil". Heimesida mi
  3. Må takke Svein for eit fint treff på garden hans! Mitt andre treff er unnagjort og vinsjing for fyrste gong. Var litt usikker på om eg skulle vere med på skogsvegen, men det var kjempemoro!!
  4. Odd Arne

    Statistikk.....

    Selfølgelig er det jo sånn! LandRovere blir jo nesten aldri vraka, så der er jo ingen bilar å lage statistikk av. Med ein god og pleiende eigar går ein LandRover i evigheiter................. Når ein LR blir sliten og må gje seg, donerar den sine organ til andre pleietrengande LR.
  5. Det hadde vore kjekt med litt info her på forumet. Sende ein PM til hugin, men det skulle vel ikkje vere nødvendig å gjere det for alle som har tenkt seg til Sande? Odd Arne
  6. No tenkte eg spesielt på Defenderen. På Discoveryen er ikkje stolpen over dørene så lav, så det blir noko heilt anna.
  7. Korleis er erfaringa med vind-avviserar? Eg må bøye meg litt ned for å sjå ut gjennom sidevindauga sånn som dei er. Med vind-avvisarar blir dei jo enda litt lavare? Kanskje bedre med litt trekk i staden for dårlig sikt? Har tenkt tanken på vind-avvisarar men er litt usikker på dette med sikta. Fint å kunne prøve sånne ting før ein kjøper, så slepp ein endå fleire ting som ikkje vert brukt.
  8. Må berre vere enig, dette var kjedelige greier. Dei prøver å appelere til ein livstil som er ganske så fjern for ein som køyrer Defender.
  9. 2 kjem jo etter 1, så det er berre eit steg vidare på vegen. Der er vel ikkje noko øvre grense. Bank-kontoen set visse begrensingar.
  10. Ser ut som ein hjul-lastar utan lasteskuffe. Fullstendig latterlig! Passar i eit digert sandtak om dei får montert på lesse-apparatet. Fysj og fy!!
  11. Eg er næringsdrivande som tømrar og har leasa bil, men har aldri fått dårligare garantiar for det! Hadde ein Galloper med 5 års nybilgaranti og fekk full garanti på det eg klaga på. CD-vekslaren fuska etter 3 år, men sidan den var montert av forhandlar ved kjøpet var det 5 års garanti på den også. Den vart fiksa utan at det kosta meg ei krone. Bytte Galloperen då den var 4,5 år i ein ny Defender. Har aldri fått opplyst at eg skal ha dårligare garanti fordi bilen er leasa som firmabil i næring. Er Volvo/LandRover importøren vankskeligare å ha med å gjere enn andre? Er det kanskje prisen på reperasjonen som er avgjerande for viljen/motviljen til å ta på seg kostnaden?
  12. Håpar å finne eit eksemplar som er i så god stand at eg slepp å bruke tusenvis av kroner på utbedring. Å kjøpe bruktbil uansett merke er ein omstendelig prosess. Det bør i alle fall vere det om ein ikkje skal gå på for mange blemmer. Hadde eg hatt nok pengar så hadde eg gått for ein Disco2 med Td5 motor. Men dei kostar meir enn eg vil/kan bruke. Har jo Defenderen så eg har jo LandRover, men den er firmabilen min. Langeland Bygg har skikkelig firmabil. Den er jo laga som arbeids- / handverkarbil. Og den er DEFINITIFT IKKJE til salgs! Men ein Discovery er på ønskelista som privatbil. Det skadar jo ikkje med 2 LR produkt?
  13. 3 dørs er nok uaktuelt etter det eg kjem fram til. Så berre pass deg, kanskje kjem eg og kjøper bilen din! Er det omfattande å bytte råde-lagre? Desse ....... (punktuma) ? Betyr det at det er meir som må skiftast? Er avhengig av å selge Seat'en før eg kan kjøpe ny bil. Kronene må på plass før eg kan handle. Men er seriøst interressert i ein 5 dørs Dicovery så dette kan vi diskutere. Send gjerne ein PM mvh Odd Arne
  14. Takkar for tipset! Fann svar på det eg lurte på der. Vart litt meir opplyst om dei forskjellige årsmodellane.
  15. Det har desverre blitt eit større kryss i kalenderen. Skal ut med PA-anlegget og skru lyd på laurdagskvelden. Men det blir i alle fall litt kroner av det. Då blir det stor skaphengar bak "Deffie" istaden. De får kose dykk, og vi treffast heilt sikkert ein annan gong. Ser avd. Hordaland har eit treff 17-19 juni i/på Sande rett sør for Førde som er innanfor rekkevidde. Vurderar å ta ein tur dit om det ikkje kjem noko i vegen. mvh. Odd Arne
  16. Vurderar å bytte ut konebilen, ein Seat Cordoba Vario 1,4 og kjøpe ein brukt Discovery for ikkje så alt for mange pengar. Sånn rundt 100.000,- kr. om eg finn ein i brukbar stand til den prisen. Defenderen føler seg litt ensom og har lyst på ei syster eller ein bror. Alle tidlig 90 talls Discoveryer eg har sett annonsert har berre 3 dører. Det er nok 2 for lite. Skal eg kjøpe ein bør/må det være ein 5 dørs. Det blir vel kronglete å kome seg ut og inn av bakseta i ein 3 dørs. Når kom dei forskjellige motorvariantane i Discoen? Styrke og svakheiter? Og dette med antall dører? mvh. Odd Arne
  17. Huff og huff! Store felgar ser tøfft ut på gatebilar, men på firhjulstrekkarar ser det nokså malplasert og ganske dumt ut. Likar ein slike felgar på bilen, bør ein tenke på kva bil ein har. På ein firhjulstrekkar?............NEI!!. Men så er det vel ingen som kjøper ein Hummer for å kjøre i terrenget?
  18. Odd Arne

    Ny Suzuki

    Kvifor skal alle nye biler være så runde i forma? Det er jo så forbanna stygt og kjedelig! Bilar som i tidlegare modellar var tøffe,ser no ut som kjedelige brukte såpestykker! Fy!
  19. Yes!! Det var ei knakande trivelig helg på Rena og mitt fyrste treff er unnagjort. Må berre sei det er ein utrulig trivelig gjeng i klubben! Det blir garantert fleire treff på meg og familien sjøl om det nok ikkje vert så hyppig som eg kunne tenkt meg pga. lang avstand frå Ålesund. Vi treffast i alle fall igjen på Evje der har vi meldt oss på for ei god stund sidan.
  20. Barnesetet har egne seler for barnet. Over begge skuldrer, over hofter og mellom beina. Altså fempunkt festa i stolen. Og stolen festa med topunktselen til midtsetet. OG I TILLEGG festa med KRAFTIGE lastestropper som er beregna på å halde fleire tonn på plass, så eg vil sei at eg tek fysikkens lover ganske so alvorlig. Har litt erfaring med sikring av last. Du må ikkje tru eg vil ta nokon sjanse på noko som ikkje er absolutt trygt for barnet. Om ikkje dette er sikkert nok, er det nok best å aldri gje seg ut i trafikken. Og heller halde seg heime uansett kva bil ein har, og festemåte av framovervendt barnestol.
  21. På min flotte 110, trek utstyrt frå importør, er det montert Warn 9000i vinsj på original vinsfangar. Her er vel nokon som har montert A-bar på dette oppsettet? Har ikkje AC. Kva for model og kjøpt kvar? Litt usikker på å bestille utan å vere sikker på at den passar. Finare og tøffare å montere ekstra lys i ein a-bar framfor rett på støtfangaren.
  22. Det er jo for å behalde 3 seter eg tenker på å sage av ryggen på midtsetet. Og gjere det mulig å enkelt montere det på plass igjen ved å montere rør inne i røra og skru fast. For då er midtsetet framleis på plass med setebelte, og barnestolen montert i eit sete. Tenker då for ekstra sikkerheit å feste barnestolen med lastestropper i tillegg til topunkten. Fjernar ein ryggen på midtsetet og festar barnestolen heilt bak i skilleveggen utgjer dette heile 22 cm. Og då skulle girstengene slippe å bli betjent av barneføter. Er det ingen andre her som synes det er ein god ide? Sjøl synes eg dette er mange fluger i smekken. Vi har tenkt oss til Rena så dette er ein rask og enkel måte å få til ei løysing på eit problem. Mor i midtsetet? Dårlig alternativ på ein så lang tur!
  23. Har du ein barnestol som er liten nok? Og som kan festast i topunkten? Utan at barneføtene tek kontrollen over giringa? Kva heiter i tilfelle den stolen du har? Passar den til ein 2 åring? Problemet er at barnesetet kjem så langt fram. Hovedproblemet er barneføter vs girstenger. Pluss dårlig plass til albuer. Får eg setet langt nok bak til å kome mellom seteryggane til dei andre seta blir det ein mykje trivelegare biltur. Det er ikkje noko problem å feste det setet eg har i topunkten, det er ikkje det som er problemet. Problemet er at midtsetet står så forbaska langt framme. Midtsetet er egentlig ein stor vits då det svært ukomfortabelt for ein vaksen person. Eg kan ikkje tenke meg å sete der på ein lengre tur. Den turen må vere svært kort! Og tenk deg ein kollisjon med kun eit belte over hoftene? Skallen rett i dasjbordet! Det skulle då være mykje tryggare å kunne feste ein barnestol der, som set skikkelig fast? Då set også mor trygt og godt.
  24. Det er ein femdørs 2004 model varebil med 3 seter.
×
×
  • Opprett ny...