Jump to content
LRforum

Odd Arne

LRF Society
  • Content Count

    1,613
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Odd Arne

  1. Hei. Har montert 13 pol kontakt på Defenderen. No har eg kobla berre dei frå 7 pol kontakta. Tenker å koble ladestraum på pol10 for å lade batteriet i campingvogna, men er usikker på kvar eg skal ta straum til kontakta frå. Har forstått det sånn at å koble rett frå batteriet i bilen ikkje er lurt då det er forskjellige typar batteri. Ved å koble rett på batteriet vil ein tappe bilbatteriet og ikkje lade det i vogna. Bør vel då koble rett frå dynamoen og då med noko som splittar og sender korrekt straum til begge batteria? Om eg har forstått ting riktig. Odd Arne
  2. Eg starta motoren og tok ut 20 amp sikringen. Venta 3 sekund og sette den på plass igjen. Trykka på start på panelet, tok ut sikringen igjen. Venta 3 sekund før eg sette den tilbake. Det var det som skulle til. For å sjekke stoppa eg motoren og starta webastoen og lot den gå i 30 minutt til den stoppa for å brenne seg rein. Sikkert ikkje nødvendig, men eg gjorde det i alle fall
  3. Takkar so mykje! Då vart det liv i Webastoen igjen. Når ein veit korleis sikringsholdaren ser ut fann eg den greit. På min så er den festa på torpedoveggen.
  4. Hei. Brått vil ikkje Webastoen starte når eg trykker på start på kontrollpanelet. (Har ikkje fjernkontroll.) Kontrollpanelet virkar og lyser og tel ned som vanlig. Ingen lyd frå Webastoen. Ikkje noko som slår inn og den gjer ikkje forsøk på å starte. Er det sikring nokon stad eller relè som ikkje slår inn? Den har virka fint , men då eg skulle starte den dagen etter skjedde det ingenting. Tips om feilsøking tek eg imot med takk.
  5. Då har du same utfordring som eg spør etter. Har også ein 2005 mod D3. Har fått vite at om radioen er ein 465. Det nr står på radioen så må den oppgraderast til ein 565 som kom etter. 565 er plug and play. Det er ikkje 465 som sikkert du også har. Eg har ikkje kjøpt MoBridge endå. Men har vurdert den. Må oppdatere software i radioen før eg kan kjøpe MoBridge. Utan oppdatering ingen kjøp.
  6. Hei. Vurderar å montere inn MoBridge adapter i D3en. Snakka med Audioteck som har den til 3000.- Men for at den skal virke må eg oppdatere radioen som er ein 465 til 565 som kom i dei litt nyare D3. Er det då nokon som kan hjelpe meg å oppdatere? Kva må til og korleis? Skulle være grei skuring å gjere det i følge han eg snakka med.  Odd Arne Langeland 
  7. Hei. Vurderar å montere inn MoBridge adapter i D3en. Snakka med Audioteck som har den til 3000.- Men for at den skal virke må eg oppdatere radioen som er ein 465 til 565 som kom i dei litt nyare D3. Er det då nokon som kan hjelpe meg å oppdatere? Kva må til og korleis? Skulle være grei skuring å gjere det i følge han eg snakka med. Odd Arne Langeland
  8. Kanskje dette er tingen. Vurderar litt forskjellige løysningar sjøl. Om dette gjer at knappane på rattet vil virke er det kanskje lurt å kjøpe ein brukbar 2din radio. Desse knappane for å taste inn tlfnr ved sidan av radioen er avleggs for mange år sidan uansett. Og ein 2din radio er enklare å bytte seinare om det skulle bli nødvendig.
  9. Oppdatering. Det viste seg å vere relèet som er i sikringsboksen ved sidan av batteriet. Bevega det litt fram og tilbake og vifta starta og stoppa. Etter å fått god kontakt på relèet virkar viftasom den skal.
  10. Virkar kanskje som om eit rele som ikkje vil virke som det skal. Å finne det då.
  11. Når den virkar, virkar den på alle hastigheiter. Både manuell og auto. Enten virkar alt eller ingenting.
  12. Det kan det kanskje vere. Er det mulig å sjekke om den er ustabil/gåen? Ved å eventuelt koble forbi og sjekke om vifta startar? Kan ikkje hugse å ha sett den då eg skifta vifta. Så eg ser ikkje for meg no korleis det blir å nå til uten å demontere på samme måte som for å skifte vifta. Har ikkje med verktøy til få sjekka før eg er heime igjen. I dag har den stort sett virka.
  13. Er plaga med at kupévifta ikkje vil virke. Den virkar når den sjøl vil. Skifta vifta og trudde det skulle bli i orden men nei. Virkar fortsatt når den sjøl vil. Det må då vere noko som styrer vifta som er defekt, men kva? Har nokon vore borti liknande? Er på tur no og det blir varmt i bilen når vifta ikkje går. Er i Hamar akkurat no og skal vidare ti Sverige i morgon.
  14. Hadde noko liknande då eg skifta kingboltar. Hadde satt ein ABS sensor feil. Det er 2 punkt på sensoren som skal stå i fartsretninga. Eg hadde vridd den eine. Då målar den feil hastigheit og ABS og TC slår inn.
  15. Alltid kjekt å ta turen til Elvedalen. Men må sjå det litt ann ettersom eg skal til Fredrikstad og NM i bueskyting helga før. Men lyst til å ta turen er i allefall til stade. Vi får sjå.
  16. Hei. Fekk opplyst då vi kjøpte D3en vår at det ikkje var bluetooth i den. Fann ut nylig at det er bluetooth likevel. Men når ein prøver å ringe ut skjer det som følgane: Finn nr på telefon og trykker ring. Musikken mutar og displayet viser "dialing" Alt greit so langt. Men i staden for å få samtale ut gjennom høgtalarane slår musikken seg på igjen og samtale må skje gjennom telefonen etter å slå av bluetooth på tlf. Finn ingen instillingar som ein kan justere heller. Merkelig då telefonen virkar gjennom bluetooth i arbeidsbilen (VW) og Buddyen (handsfree) som eg har i Defenderen. Forslag?
  17. Godt nytt år! Har dessverre ikkje vore så mykje inne på forumet på ei stund. Men LR er mykje av kvardagen likevel. Ønsker alle det beste for det nye året! Vi møtast i alle fall til sommaren på landstreffet.
  18. Hei. Har nokon kobla om slik at det lyser i dashbordet utan å slå på lysbrytaren? Unødvendig å måtte slå på med brytaren når ein køyrer med køyrelysa. Greit med lys i dashbordet ved køyring i tunnelar. Same ved køyring i trafikk der ein ikkje får bruke langlysa pga stadig trafikk.
  19. Kom over denne. var inne og kika litt og der er jammen ein norsk bil som modell. http://www.paddockspares.com/pm695g-galvanised-winch-bumper-for-defender-will-fit-accomodate-most-standard-low-profile-winches.html
  20. Hei. Er det nokon som har prøvd denne? http://posytron.no/produkt/biltilbehor/bildiagnose/icarsoft-lr-2-feilkodeleser-jaguar-amp-land-rover
  21. Har ein D3 på hand. Er i tenkeboksen. Men for å presisere: Defenderen skal eg ha i maaaange år endå. Har ingen tråd. Bilen er pkk godkjent til mai neste år.
  22. Vurderar å selge min S3 88" . Om nokon blar opp 30.000,- skal eg vurdere det alvorlig. Må etter kvart bruke tida på Defenderen som eg prioriterer pga den har eg hatt sidan den var ny.
  23. Ingen LR, men vel verdt å sjå likevel. https://youtu.be/95x67XJgKEM
×
×
  • Create New...