Gå til innhold

stakle

LRF Society
  • Innlegg

    253
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

1 følger

Contact Methods

  • Website URL
    http://
  • ICQ
    0

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Leikanger

Previous Fields

  • Location / Bosted
    Leikanger

Nylige profilbesøk

1 228 profilvisninger

stakle sine prestasjoner

Entusiast

Entusiast (5/7)

  1. stakle

    RRC Soft Dash

    RRC Soft Dash 94-modell på 75 ramme. Kjøpt av meg hausten 2009. Tidlegare eigar har gjort mykje med bilen. Den har vore i Latvia og blitt rustsveisa og oppatt lakkert. Ny short-motor frå RPI. Bakluke i aluminium. Spiralfjører. Nye vinterdekk i 2009, kun brukt 1 sesong. EU-godkjent i fjor haust. Me fekk etterkvart problem med kvit røyk og at vatnet forsvann. Antok det var topp-pakning og opna høgre topp sett framanfrå, og fann at nest bakarste sylinder var reinvaska. Topp-pakningen var heilt fin. Har heller ikkje fått påvist karbon i kjølevatnet så antok at det måtte være lekkasje i toppen. Skrudde i hop motoren igjen, og hadde blokk-tettemiddel i kjølevatnet. Har ikkje vore problem med kvit røyk frå eksosen etter dette. Etter denne jobben er det kome ein oljelekkasje frå toppen av motoren, truleg «walley-gasket» som lek. Nye pakningar føl med. Treng nytt lokk til ekspansjonstanken, då dette ikkje held tett lenger. Forsvinn litt kjøleveske under køyring. Som ein ser av bilda er det begynnt å kome rust fremst i kanalane. Cruise-kontrollen har slutta å virke siste tida, har ikkje feilsøkt noko på denne. På grunn av dårleg helse får eg ikkje brukt bilen, og heller ikkje teke vare på den slik eg vil. Då det ikkje ser ut til å verte betre med det første ser eg meg nøydd til å selje bilen. Bilen har stått i garasje den tida eg har hatt den. Bilder Prisant. 45 000,- mvh Sigve Takle mob. 4789 tretti førti
  2. PCen bør demonterast for å kunne reingjerast skikkeleg med trykkluft. Fekk gjort dette på min 7 år gamle laptop av datakyndig svigerbror etter at vifta var begynnt å stå på heile tida og pcen slo seg av innimellom. Vart god som ny. Gjort på nokre minutt når ein veit kva ein skal gjere.
  3. På panseret? Høg show-faktor. Muleg 152cm blir for langt.
  4. Eg har avtagbart hengarfeste frå Southdown4x4, dette fungerer og som tankbeskyttelse. Kjøpte dette mellom anna fordi det bygger langt ned. Godt fornøgd, har berga dieseltanken då eg sklei ned på ein stor stein. Sigve
  5. Ser ut til å vere denne: Min lenke. Med denne skulle det vere muleg å kun køyre kupevifta med webastoen og ha varm bil, forutsett at 1240w er nok. Kjekt om bilen står i garasje! Sigve.
  6. Dersom du har lite varme kan det vere spjeldet som regulerer temperaturen som ikkje tettar skikkeleg og slepp inn for mykje kald luft. Med 30 min Webasto om morgonen er bilen min ok varm og isfri. Brukar som regel 1 trinn på vifta, med lufta opp på ruta. Dersom du plasserer hendelen til høgre i midtposisjon, bråkar det vesentleg mindre og det går an å bruke vifta på trinn 2.
  7. Oppdatering: Snart klar for vinteren!
  8. Julius Baardsen har eit sett med UJ-verktøy til meg som skulle lege under juletreet. Sender han ein PM og høyrer om han er i Bergen i helga. Sigve.
  9. Går det an å bruke webasto i garasje? Begynner å lure på om eg må budsjettere med motorvarar og.
  10. Blir kraftige bjelkar ja, men det bør eg klare å dimensjonere. Blir ikkje noko knekk som bilen må over, og rampa vert heilt låst i lengderetningen. Som du seier er det idet ein løftar i bakkant det blir ustabilt. Må låse på ein slik måte at bakdelen ikkje kan gli ut til sida. Må vel og ha to garasjejekkar når ein løfter i bakkant, og sette ned på lecablokker eller noko anna egna. Trur det skal gå an å lage ein trygg løysning av dette, men det blir uansett langt fram i tid.
  11. Fin løysning! Trur eg har sett lyset med ein modifisert variant av køyrerampa di, men for å kvalitetssikre skal eg prøve å forklare; 1. Montere nokre hakar/feste på veggen bakerst i garasjen ca. 50cm opp frå golvet. 2. Få tak i/laga 2 bjelkar ala. det du har. Legg bjelkane i hakane i veggen slik at desse er ledda, køyr bilen oppå. 3. Tilpass ein bjelke som går mellom dei to andre og jekk opp i bakkant. Denne løysninga burde vere lett å demontere å stable vekk. Burde dette gå bra?
  12. La inn ei enkel skisse frå Sketchup som viser ca. korleis det er tenkt. Må støype i betong og ha flatt tak sidan eg byggjer i grensa, samt for å ha garasjen så låg som muleg. Total breidde ny og gamal vert ca. 10m. Gjenbrukar høgre vegg, bakvegg og kanskje høgre side av taket på eksisterande garasje. Trur dette er ein rimeleg måte å gjere det på, samt rask å sette opp. Brukar hanebjelkar slik at takhøgden i eksisterande garasje blir ca. 2500 ca. 1 meter frå nedre vegg. Er ikkje opning mellom ny og gamal då gamal stort sett er tenkt som rein parkering. Dersom det er att nokre kroner til våren blir det kanskje garasjeport her og. Skal hugse å ta bilete i morgon.
×
×
  • Opprett ny...